Mange års røynsle med stil
og soge gjev resultat.
Skodespelet til Catherine Frot og Catherine Deneuve står for ein stor del av opplevinga i filmen.
DRAMA/KOMEDIE
REGI: MARTIN PROVOST
Jordmoren
(orig.tittel: Sage femme)
Med: Catherine Frot, Catherine Deneuve
Claire (Frot) er ei jordnær jordmor som blir kontakta av levekvinna Béatrice (Deneuve). Den drikkfeldige dama stakk frå faren til Claire for tretti år sidan utan å ana dei katastrofale konsekvensane. No har ho kreft, og ho vil vera nær dei ho svikta i ei svunnen tid. Claire har eit hjarta av gull, men å takla toskeskapen til den svakt angrande syndaren tærer på.
STORSPEL
Skodespelet til Catherine Frot og Catherine Deneuve står for ein stor del av opplevinga i Jordmoren. Deneuve har vore diva sidan sekstitalet. Namnesøstera Frot har òg ei flott karriere med nesten hundre filmar og heile ti César-nominasjonar. Båe har røynsle i rikt mon. Slik stoltheita over faget skin gjennom for figuren Claire, strålar Frot og Deneuve kvalitet. To dugelege karar som son og friar for Claire gjev dynamikk og drama.
FIN FILM
Regissør Martin Provost kjem med velretta stikk mot eit helsevesen der effektivisering og teknologi trumfar erfaring og medmenneske. Claire er prinsippfast. Ho arbeidar hardt, bur i ein fattig forstad og pleiar parsellhagen. Kontrasten til spelegale Béatrice er i største laget, men dei to skodespelarane får det til å fungere. Stemninga balanserer mellom melodrama og moden refleksjon. Historia pirrar den nyfikne med å sleppe informasjon sakte. Resultatet er ein fin film med flott skodespel og sunt vett.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
DRAMA/KOMEDIE
REGI: MARTIN PROVOST
Jordmoren
(orig.tittel: Sage femme)
Med: Catherine Frot, Catherine Deneuve
Claire (Frot) er ei jordnær jordmor som blir kontakta av levekvinna Béatrice (Deneuve). Den drikkfeldige dama stakk frå faren til Claire for tretti år sidan utan å ana dei katastrofale konsekvensane. No har ho kreft, og ho vil vera nær dei ho svikta i ei svunnen tid. Claire har eit hjarta av gull, men å takla toskeskapen til den svakt angrande syndaren tærer på.
STORSPEL
Skodespelet til Catherine Frot og Catherine Deneuve står for ein stor del av opplevinga i Jordmoren. Deneuve har vore diva sidan sekstitalet. Namnesøstera Frot har òg ei flott karriere med nesten hundre filmar og heile ti César-nominasjonar. Båe har røynsle i rikt mon. Slik stoltheita over faget skin gjennom for figuren Claire, strålar Frot og Deneuve kvalitet. To dugelege karar som son og friar for Claire gjev dynamikk og drama.
FIN FILM
Regissør Martin Provost kjem med velretta stikk mot eit helsevesen der effektivisering og teknologi trumfar erfaring og medmenneske. Claire er prinsippfast. Ho arbeidar hardt, bur i ein fattig forstad og pleiar parsellhagen. Kontrasten til spelegale Béatrice er i største laget, men dei to skodespelarane får det til å fungere. Stemninga balanserer mellom melodrama og moden refleksjon. Historia pirrar den nyfikne med å sleppe informasjon sakte. Resultatet er ein fin film med flott skodespel og sunt vett.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.