JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Av og til vil ein berre lese om folk som er nesten akkurat som ein sjølv, og som stort sett har det ganske greitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helga Flatland vart raskt eit etablert forfattarnamn.

Foto: Niklas Lello

3303
20170811
3303
20170811

Roman

Helga Flatland:

En moderne familie

Aschehoug

Helga Flatland er ein av desse forfattarane som plutseleg dukkar opp, fiks ferdig utvikla alt som debutant, og raskt eit etablert namn. Som Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller, Kjersti Annesdotter Skumsvold, Anne Helene Guddal – og ikkje så mange fleire, eigentleg. Det var Bli hvis du kan. Reis hvis du må som i 2010 gjorde at ho suste rett opp på den litterære hovudscena, og no kjem ho med sin femte roman: En moderne familie. Det er ei bok som manglar den ungdommelege intensiteten til dei første bøkene, men som på eit vis er medrivande likevel.

Kvardagsdramatikk

En moderne familie opnar med at tre generasjonar reiser til Roma saman for å feire far som fyller 70 år. Far og mor er solide folk med villa på Nordberg i Oslo, som har satsa alt på å lage eit godt heimemiljø og gode familietradisjonar for borna sine. Men no vil dei skilje seg. Lite blir sagt om årsaka, men det var visst lite igjen av deira eigen relasjon når den yngste av tre born omsider flytta ut. Ein skulle tru at vaksne born som er veletablerte i egne liv, ikkje ville ta det så tungt. Då trur ein tydelegvis feil.

Historia er fortald i veksling mellom perspektiva til to søstrer og éin bror som er i ulike livssituasjonar, men held nær kontakt. Flatland er god til å skrive fram truverdig realisme, og får fram korleis sjølv ganske udramatiske endringar kan utløyse ulike grader av krise for søsken som taklar omveltinga kvar på sin måte.

Språket er ukomplisert og tydeleg i dei inngåande granskingane av kvardagsdramatikken. Men Flatland utnyttar lite av potensialet for spenning som ligg i dei ulike perspektiva. Søskena er forbausande samde om kva som har skjedd og kva som har blitt sagt. Eg merka meg dette fordi eg nyleg såg TV-serien The Affair, kor hovudpersonane presenterer til dels svært ulike versjonar av det dei har opplevd saman. Kanskje er det dårleg gjort å bruke det mot Flatland. Ho nyttar i staden dei ulike perspektiva til å la oss skjøne meir av kvifor folk reagerer som dei gjer. Men eg trur ein skal vere godt over snittet engasjert i personlegdomsforskjellar, som eg er, for å kose seg med det.

Lett å like

Heile komposisjonen er bygd opp rundt tanken om kor grunnleggjande vi er forma av dynamikken i familien vi kjem frå, og korleis vi reagerer i tråd med personlegdom og rolla vi fyller. Som i tidlegare bøker skildrar Flatland ulike typar med overtydande innsikt.

Men etter at alle flokar var greidde ut og eg hadde lagt boka vekk, var det ikkje så veldig mykje som sat igjen, anna enn ein tanke om at folk som har vakse opp i trygge familiar, ikkje alltid veit kor heldige dei – vi – er, og at dei dermed kan verke ganske bortskjemde når det trygge fundamentet slår sprekkar.

En moderne familie er akkurat slik tittelen høyres ut: lett å leve seg inn i, men utan dei høge toppane og djupe dalane. Men det skulle ikkje forundre meg om boka vil selje godt, sidan temaet vil treffe mange.

Merete Røsvik Granlund

Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

En moderne familie er akkurat slik tittelen høyres ut: lett å leve seg inn i, men utan dei høge toppane og djupe dalane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis