Kunst landet rundt
Fleire kunstnarar:
«Papirkunst»
Telemarksgalleriet & Lysbuen, Notodden
2. juni–6. september
Utstillinga viser korleis ti nordiske samtidskunstnarar utforskar og nyttar papir i arbeida sine. Telemarksgalleriet held til på gamle Tinfos papirfabrikk på Notodden, noko som skaper ei særeiga ramme for utstillinga. Kunstnarane er Kåre Tveter, Ørnulf Opdahl, Anne Kari Amstein, Ann Iren Buan, Marie Buskov, Sissel Fredriksen, Gabriella Göransson, Lars Morell, Rebecca Angelica Nordbø og Randi Nygård.
Liv Dysthe Sønderland:
«Recomposing sadness»
Sandnes kunstforening
6. august–23. september
Utstillinga viser akvarellar og trykk av saftige, grøne planter i vekst. Ho tek føre seg korleis livskrafta utan stans endrar form og gir nytt liv. Prosjektet vert interessant nok stilt opp mot prosjektet «Uutholdelige fakta», som tek føre seg strategiar for å handtere destruktive krefter i samfunnet. Så kan ein stille spørsmål om korleis det står til med krinslaupet vårt. Det kan hende at vi bør sjå til naturen.
Magnhild Øen Nordahl:
«Frisbeeperspektivet»
Vestlandsutstillinga 2018
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
2. september–28. oktober
I år vert den tradisjonsrike Vestlandsutstillinga ikkje ei mangfelt mønstring som tidlegare år. I staden vert seks separatutstillingar viste på ulike museum og galleri. Tanken er at desse seks skal syne breidda i det som skjer på den vestlandske kunstscena.
Ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum syner Magnhild Øen Nordahl ein installasjon som tek utgangspunkt i jordas form og to ekspedisjonar som hadde som mål å undersøkje denne. Den eine ekspedisjonen gjennomførte ho sjølv, og den andre vart utført av den sjølvlærte romrakettbyggjaren og konspirasjonsteoretikaren Mike Hughes frå California. Nordahl interesserer seg for kva føresetnader mennesket har for å skjønne naturvitskaplege sanningar og teknologien vi omgir oss med i kvardagen.
Ragnhild Aamås:
«Flyt»
Vestlandsutstillinga 2018
Kunstmuseet KUBE, Ålesund
24. august–7. oktober
«Flyt» er også del av Vestlandsutstillinga. Her viser Aamås ein lydinstallasjon, skulpturar og digitale kollasjar. Utstillinga er ein kommentar til nasjonalromantikken. Kunstnaren spør kvifor så få av verka tek føre seg temaet utvandring, med tanke på kor mange nordmenn som emigrerte til USA. Kollasjane hennar er laga med utgangspunkt i måleriet «Utvandrere» av Gustav Wentzel (1902). Dette er eit av svært få verk som tok opp temaet emigrasjon, frå denne perioden.
Christian Skredsvig:
«På reise»
Hagan, Chr. Skredsvigs kunstnerhjem, Eggedal
10. juni–30. september
Utstillinga viser måleri av Christian Skredsvig frå den franske rivieraen, Grez, Caen, Roma og Sevilla. Storparten av bileta er lånte inn frå private eigarar og har ikkje vore stilte ut tidlegare. Samstundes kan du nytte høvet til å besøke den uvanleg vakre og velhaldne kunstnarheimen.
Wilhelm Sasnal:
«Engine»
Kistefos-Museet
27. mai–7. oktober
Utstillinga viser filmar og måleri av den kjende polske målaren, teiknaren og filmskaparen Wilhelm Sasnal. Ein får eit breitt innblikk i produksjonen. Biletspråket er inspirert av popkunst. Motiva er flate, forenkla inn til beinet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.