Retur til Frankrike
Blod er tjukkare enn vatn i ein litt vassen vinfilm.
Storebror Jean har forsømt familien som har drive vingard i generasjonar. Søstera Juliette og veslebroren Jérémie driv vingarden når han kjem heim att.
Foto: SF Norge
DRAMA
Regi: Cédric Klapisch
Vår vingård i Bourgogne (orig.tittel: Ce qui nous lie)
Med: Pio Marmal, Ana Girardot, François Civil
Jean (Marmal) har farta rundt i verda i eit tiår og kjem heim då faren ligg for dauden. Veslesystera Juliette (Girardot) og minstemann Jérémie (Civil) driv vingarden familien har hatt i generasjonar. Storebror har forsømt familien og ikkje delt dei store tinga i livet med søskena. Sidan vin nærast renn i årene på slekta, har han likevel gått i fotspora til faren i Australia. Når han no er heime, kjem det til syne kva som bind søskena saman, for å sitere den franske tittelen.
Familie først
Utan faren blir Juliette sjef i ung alder. Utfordringane hennar med å sjå på seg sjølv som ein autoritet, gjer henne til den mest interessante figuren. Ana Girardot spelar dessutan drivande godt. Rollefiguren Jean er prega av klisjear om mistydingar mellom storebroren og den strenge faren. Jérémies fremste funksjon er å ha ein svigerfamilie av gamal aristokratisk type. Den sjarmerande søskentrioen symboliserer ærleg kjærleik til faget i kontrast til pompøst fasadefjas. At trioen i fokus er reflekterte når ressursane skrantar og dei vil halde på røtene, trekker opp.
Regissør Cédric Klapisch viser stor hug til vin. Han dveler med ein porsjon fetisj over dei ulike ledda i produksjonsprosessen. Det tar seg godt ut, men eg kan ikkje rive meg laus frå tanken om at enkelte sekvensar liknar meir på eit matprogram enn ein spelefilm. Fransk fjernsyn er medprodusent, og forma er temmeleg tradisjonell.
Greitt nok
Vår vingård i Bourgogne verkar mynta på frankofile vinkjennarar og kulinarisk interesserte, og at målgruppa heilagar middelet. Den geografisk og ønologisk overtydelege tittelen på norsk styrker kjensla. Musikken freistar vere frisk, men får meg til å tenke på annanrangs bakgrunnsmusikk for ryggsekkturistar. Streng skepsis tyt opp i starten, men filmen har ein heil del scener som sit godt, og rollefigurar med formildande trekk som gjer at eg ikkje lar meg irritere stort over at det trekker litt ut. Helst bør ein nok nyte filmen med nokre glas vin frå Bourgogne medan ein ventar på djervare franske filmar på kino. Dei finst.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kan ikkje rive meg laus frå tanken om at enkelte sekvensar liknar meir på eit matprogram enn ein spelefilm.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.