Sjølve livet
Strålande tysk drama skildrar store spørs mål.
Filmen går rett inn i debatten om sorteringssamfunnet.
Foto: Friede Clausz / Arthaus
DRAMA
Regi: Anne Zohra
Berrached
24 uker (orig.tit.: 24 Wochen)
Med: Julia Jentsch, Bjarne Mädel, Johanna Gastdorf
Astrid (Jentsch) er ein suksessrik komikar som skjemtar om at ho er gravid. Mannen Markus (Mädel) er manager og held styr på ein hektisk timeplan. Dei har alt dottera Nele, ein sjarmklatt i Spiderman-drakt. Då dei får vite at det nye barnet har Downs syndrom, demrar eit djupare alvor. Snart kjem ei verre vending, og uroa over om dei kan gje barnet eit godt liv, tvingar seg på. Tysk lov opnar for sein abort i visse fall. Ansvaret og avgjerdene er store.
Respekt
Alt kjennest djupt realistisk og respektfullt i 24 uker. Filmskaparen Anne Zohra Berrached har eit breitt blikk. Utan å miste fokus får ho fram perspektivet til mann, dotter, barnevakt og mor. Filmen tek alle på alvor. Ingenting verkar forenkla. Samstundes er dette historia til Astrid. Barnet veks i henne, ikkje i dei andre. Balansegangen i forteljinga er imponerande. Kamera og klipp skapar eit inntrykk av fartsfylt urbant liv, med ei og anna luftlomme av familieidyll i hagen. Resultatet er engasjerande og spenningsfylt. Kvar einaste skodespelar er steingod. Julia Jentsch tek opp kampen med Sandra Hüller (Toni Erdmann) og Laura Tonke (Lykkelig i 24 timer) om å stå for den beste rolletolkinga i tysk film dei siste åra.
Formeiringsfokus
24 uker går strake vegen inn i debattar om sorteringssamfunnet, men tar ingen snarvegar eller lette løysingar. Eit par augeblinkar der Astrid stirar publikum utfordrande rett i augo, tvingar oss til å tenke over dilemmaa. Når kvinners rett til å rå over eigen kropp er alvorleg trua i latinamerikanske demokrati, og Polen køyrer i revers, medan abortsaker samlar tusenvis til kamp her heime på 8. mars, er 24 uker ein særs aktuell film.
Òg i regissørens førre og første film Zwei Mütter var utfordringar knytte til reproduksjon på agendaen, då i eit drama om to kvinner som vil ha barn saman. Berrached er uredd i handsaminga av såre tema. Ho problematiserer skuldkjensle, men plasserer ikkje skuld. Trass i all sin saklege eleganse får ho kjenslene til å sprenge på. Du slepp ikkje unna utan vondt i hjarta og ei og anna trillande tåre. Eg tilrår varmt denne sterke filmen frå ei av Tysklands unge framstormande filmkunstnarar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Julia Jentsch tek opp kampen med Sandra Hüller (Toni Erdmann) og Laura Tonke (Lykkelig i 24 timer) om å stå for den beste rolletolkinga i tysk film dei siste åra.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.