Eit blinkskot gjer ingen stor sommargrøssar.
To systrer reise på ferie til Mexico, og dykkar med haiar.
Foto: Selmer Media
SKREKKFILM
Regi: Johannes Roberts
47 Meters Down
Med: Mandy Moore, Claire Holt
Systrene Lisa (Moore) og Kate (Holt) frå USA har fare til Mexico på sydenferie. Kjærasten til Lisa har slått opp fordi han synest ho er keisam. Godt då at den viltre veslesystera er klar for eventyr. Etter ein kjekk kveld med dårlig dansemusikk, tequila og klining med fine, greie meksikanske menn skal dei dykke for å spreie sjalusi på sosiale medium med bilete av kvithaiar.
Frøkner i bur
Premissen er enkel. Orsak avsløringa, men dei heilt store plotvendingane skjer ikkje. Filmen gjer det som står på pakken, på same måten som titlar som Snakes on a Plane. Systrene skal henge på seks meters djupn, men før dei veit ordet av det, har dei hamna i filmtittelen.
Filmens suverene høgdepunkt involverer naudbluss under vatn omringa av kolossale kvithaiar. Bluss borgar for bra bilete. Skotet er steike stilig. Eg noterer òg pluss for realistiske element då oksygen, trykkfallsjuke og nitrogennarkose er store farar, om enn ikkje så stilfulle. Elles er det ei lette at latinamerikanske stereotypar ikkje utartar til noko à la dei slaviske i horrible Hostel.
Sjangersjablong
Manus manglar likevel noko utom det vanlege. Bodskapen er at ein ikkje skal bruke ein rusten holk til å dykka med haiar medan mannskapet kastar blod i vatnet. Dei to fremste figurane er, med fare for å gje Lisas kjipe type rett, heilt uinteressante. Overraskingane er få. Sjangerøvinga er slapp. Eit halvtrena auge ser kven som skal stryke med. Musikalsk er Tomandandy ingen John Williams frå Haisommer. Vonleg ser få folk 47 Meters Down, så filmen ikkje rammar haiane slik Steven Spielberg gjorde.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.