Den gamle mannen og kunsten – og Gud
Slik var det reflekterer over liv og kunst.
Gerald Pettersen, som er åleine på scena i dette stykket, feirar 40 år som skodespelar i år.
Foto: Jenny André
Den Nationale Scene, Lille Scene
Jon Fosse:
Slik var det
Regi: Annika Silkeberg
Scenografi, lys og kostyme: Jenny André
Musikk og video: Fredrik Arsæus Nauckhoff
Denne teksten, som nett har hatt urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen, er den andre lengre monologen Jon Fosse har skrive. Den førre var Gitarmannen (1997). Dette er òg den første premieren på nytt teatermateriale frå forfattaren på ti år. Men fleire tekstar ligg på vent.
Stykket er nok det mest «filosofiske» Fosse har skrive for teateret, tvillaust også det som går nærast inn på hans eige liv som forfattar. For gamlingen vi møter på scena, det første kvarteret liggjande inntulla i ein regnfrakk, er målar av det modernistiske slaget. På golvet står stablar med målingspøsar, og ein liten augneblink svingar Gerald Pettersen òg målereiskapen mot ein av veggene, som elles er fylte av videoprojeksjonar. No har tida gått frå han, han er ustø på handa og dårleg til beins og kan innimellom tru at Gud har forlate han.
Einsemd
Fire element er sentrale i det sjølvransakande tilbakeblikket kunstnaren tek oss med på – kunsten, katolsk kristendom, meininga med livet og alkoholen. Meining i seg sjølv finst nok, men Den Store Meininga har han inga tru på. Ho må i så fall liggje i musikken til Bach, især i Goldbergvariasjonane og Matteuspasjonen. Innimellom drammane funderer kunstnaren over livet etter døden, riv sider ut av Bibelen og les om denne merkelege «oppstoda i kjøtet», korleis det no skal gå til. Den namnlause karen har ofra alt for kunsten, bileta heng på «gjæve museum», men tre ekteskap har gått til helvete, og borna har han ikkje lenger kontakt med. Og livet, det er – med eit sitat frå T.S. Eliots The Waste Land – berre «a heap of broken images», får vi høyre.
Han lever, og vil døy. Men vil likevel leve, trass i alt. Han ventar på ei kvinne, truleg heimehjelpa, som aldri kjem. Ho irriterer han berre med alle spørsmåla om privatlivet hans, men ho representerer eit brot i einsemda og tener delvis som motor for «forteljinga». Til slutt vender han seg til Gud i bøn.
Utforsking
Det ligg nær å sjå denne monologen som nok eit steg i den utforskinga av livet og døden som mykje av Fosses dikting handlar om. Og trådane til den store septologien som er under utgiving, er ikkje vanskelege å få auge på.
Videoprojeksjonane, som er blitt eit must i norsk teater, fungerer bra her. Både med scenene der Gerald Pettersen syklar gjennom byen før framsyninga tek til, og med nærbilete av den liggjande kunstnaren tidleg i framsyninga. Verre er det med dei mange bordtennisballane som med mellomrom blir sleppte ned frå taket og etter kvart flyt utover heile golvet. Dei kan symbolisere både det eine og andre, og kva så?
Det er inga munter framsyning, men ho er slett ikkje fri for humor. Gerald Pettersen gestaltar den gamle kunstnaren livfullt og overtydande, er stadig i rørsle og driv spelet framover. Nyansane i teksten tek han òg godt vare på.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.