Stjernekamp à la dazumal
Hilde Louise Asbjørnsen er best som seg sjølv, men hyller idola sine med kjærleik.
Hilde Louise Asbjørnsen med inspirasjonskjelder på plakaten.
Chat Noir:
Hilde Louise Asbjørnsen og Teodor Janson:
Stardust
Regi: Mattias Carlsson og Teodor Janson
Koreografi: Mattias Carlsson og Hilde Louise Asbjørnsen
Musikalske arrangement: Anders Aarum
Kostymedesign: Cårejånni Enderud
Einkvinneshowet som Hilde Louise Asbjørnsen no endeleg har fått premiere på, har hatt eit langt svangerskap, minst eit halvt år forseinka etter planen. Men det er ingenting som tyder på at det har tapt seg på å mognast.
Asbjørnsen er framleis 100 prosent på hogget, som songar, dansar og komikar. Det er nok lenge sidan norsk showbusiness har hatt ein så allsidig artist. Og det må kan hende ei slik som henne til for å lage ei showhyllest til store kvinnelege song- og skodespellegender frå fortida.
Breitt register
Truleg har ho, ja faktisk, eit breiare kunstnarleg register enn fleire av legendene ho fortel om. Men da er òg utfordringa å få synt oss kva som var det heilt spesielle med desse damene. Dei må ha hatt noko unemneleg.
Bessie Smith! Mae West! Marlene Dietrich! Josephine Baker! Billie Holliday! Edith Piaf! Marilyn Monroe! Og så vår eigen Bokken Lasson, da! Det er litt av ein gjeng.
Hilde Louise byrjar med å seie at desse artistane har ho elska i mange år, og at vi òg kjem til å gjere det før kvelden er omme. Den introduksjonen er ikkje heilt velplassert for dei av oss som er over vår første ungdom. Her er det trass alt ikkje snakk om lengst gløymde namn. Men lat gå, vi får absolutt vite eitkvart om dei som vi ikkje visste frå før.
Showet har preg av kulturhistorisk kåseri med innlagde song- og dansenummer, elegante opptrinn i raske kostymeskift med lekre kreasjonar. Når Hilde Louise fortel om desse damene, går ho berre skissevis inn i rollene som dei, og ho prøver ikkje å imitere songrøystene.
Som den eminente vokalisten ho er, er det sjølvsagt òg best at ho syng som seg sjølv. Hovudærendet hennar synest å vere å få fram at dette var menneske som stod på som uvêr til siste stopp, sjølv om mange av dei fekk eit altfor kort liv.
Innsiktsfullt
Det heile er innsiktsfullt og kjærleiksfullt formidla. Det einaste Asbjørnsen ikkje klarer å overbringe, er nett dette spesielle, det som gjorde at kvar og ei av desse vart så suverent stor. Og det spørst vel om det i det heile kan gjenskapast i ei slik form. Men som seg sjølv er Hilde Louise Asbjørnsen heilt klårt eineståande.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.