JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Vegen frå ein viktig tematikk til ein god roman kan vere lang.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bror Hagemann har utan tvil god innsikt i temaet han tek opp. Men heilskapsstrukturen i boka skrantar.

Foto: Paal Audestad

2908
20170915
2908
20170915

ROMAN

BROR HAGEMANN

LEO

TIDEN

«Leo er eit lite meisterverk», seiest det på omslaget til Bror Hagemanns nye bok. «Vakkert. Brutalt. Rørende», seiest det òg. Brutalt er det iallfall. Det gjeld i grunnen skildringa av livet til hovudpersonen som heilskap, og ikkje minst to sjokkerande valdtektscener. I den eine er Leo sjølv offeret, i den andre er han sjølv overgriparen mot jenta han er vonlaust forelska i, Yvonne. Men noko meisterverk er det ikkje.

FØRESEIELEG

Handlinga er lagt til Gjøvik tidleg på 1980-talet, med bryllaupet mellom Charles og Diana som viktig tidsmarkør. Det er den unge Leo som sjølv fører ordet i eit språk som skal mime ungdommeleg sjargong på den tida, og dessutan slik at Leo sjølv blir karakterisert gjennom eit noko hjelpelaust språk. Leos mor er djupt alkoholisert og har stadig nye valdelege elskarar, og Leo har gått for lut og kaldt vatn gjennom barndommen. Dirigenten i det berømte lokale gutekoret skaffar han jobb som ein slags hjelpemann i kyrkja. Dessutan syter han for at Leo får ein stad å bu.

Dirigenten er naturlegvis overgriparen, og etter kvart går det opp for Leo og lesaren at det slett ikkje berre er Leo som er offer, men også smågutane i koret. Og om dette er føreseieleg, så er det minst like føreseieleg at Leo sjølv blir overgripar. At Yvonne har hatt nokolunde same oppvekstvilkår som Leo, at ho er ei hasjrøykande åleinemor som blir fråteken ungen sin, høyrer også med i dette biletet. Leo gjer rett nok eit forsøk på å varsle ein journalist i lokalavisa om overgrepa til dirigenten, men motet sviktar då han kjem inn i redaksjonslokalet. Og slutten høver til alt dette. Det endar i reint melodrama, med Leo som ror over Mjøsa i ein «sprøkkin holk».

SPRÅK OG STIL

Eit viktig og godt romanopplegg går meir eller mindre i oppløysing mot slutten. Det kan sjå ut til at romanforma er vald for å illustrere eit samfunnsproblem, og ein spør seg unekteleg om det ikkje finst andre og betre måtar å lyfte fram utanforskap og livsvilkåra prekariatet lever under. Hagemann har utan tvil god innsikt i temaet han tek opp. Han har òg vist i tidlegare romanar at han er oppteken av ein slik tematikk. Men vegen frå ein viktig tematikk til ein god roman kan vere lang. Eitt forhold har med heilskapsstrukturen å gjere, og som nemnt skrantar det der. Men også på setningsnivå skurrar det. Leos språk skal naturlegvis vere munnleg, men Leo har en snodig tendens til rett som det er å snakke i berre at-setningar. Det får så vere, kanskje snakka ungdommane slik i Gjøvik på 1980-talet. Men når unge Leo resonnerer som ein sosionom, blir eg særs skeptisk. For det gjer vel ikkje Gjøvik-ungdommar flest?

OLE KARLSEN

Ole Karlsen er professor i
nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Hedmark og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Når unge Leo resonnerer som ein sosionom, blir eg særs skeptisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis