Verdifullt om tal
Kristin Roskifte lærer oss å telje så vi kan få visdom i hjartet.
Biletbok
Kristin Roskifte:
Alle sammen teller
Magikon forlag
Bokstavar og tal er basis i all lærdom. Illustratør og forfattar Kristin Roskifte har tidlegare utforska bokstavane i tre kritikarroste biletbøker. Når ho gjev seg i kast med tala, er det ikkje så mykje for å lære lesaren å telje, som for å vise oss kva som tel.
Ideen er god, og gjennomføringa er kunstnarleg overtydande. Om det er eitt eller tusen menneske på oppslaget, er alle teikna individuelt og for hand. Detaljrike strekteikningar minner om moderne fargeleggingsbøker. Kva kjem til syne om du sjølv legg farge i detaljane? Boka har mange løyndomar på lur.
Siste side ser ut om eit brettspel. I rutene ligg spørsmål og utsnitt frå illustrasjonane, og skal du komme vidare, må du gå tilbake og lese på nytt. Spelet er også ei oppskrift på den litterære samtalen, med opne og lukka spørsmål i alle kategoriar. Nøkkelen til løyndomane ligg i målruta.
I den norske, målstyrte skulen har filosofien framleis liten plass. Den vaksne lesaren som kan tala frå før, lærer noko langt viktigare i Alle sammen teller: Å stille spørsmål som gjev kunnskapen verdi for barnet.
Boka kan lesast på tallause måtar, men bodskapen ligg fast. Menneskeverdet er som talrekkja: uendeleg.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Biletbok
Kristin Roskifte:
Alle sammen teller
Magikon forlag
Bokstavar og tal er basis i all lærdom. Illustratør og forfattar Kristin Roskifte har tidlegare utforska bokstavane i tre kritikarroste biletbøker. Når ho gjev seg i kast med tala, er det ikkje så mykje for å lære lesaren å telje, som for å vise oss kva som tel.
Ideen er god, og gjennomføringa er kunstnarleg overtydande. Om det er eitt eller tusen menneske på oppslaget, er alle teikna individuelt og for hand. Detaljrike strekteikningar minner om moderne fargeleggingsbøker. Kva kjem til syne om du sjølv legg farge i detaljane? Boka har mange løyndomar på lur.
Siste side ser ut om eit brettspel. I rutene ligg spørsmål og utsnitt frå illustrasjonane, og skal du komme vidare, må du gå tilbake og lese på nytt. Spelet er også ei oppskrift på den litterære samtalen, med opne og lukka spørsmål i alle kategoriar. Nøkkelen til løyndomane ligg i målruta.
I den norske, målstyrte skulen har filosofien framleis liten plass. Den vaksne lesaren som kan tala frå før, lærer noko langt viktigare i Alle sammen teller: Å stille spørsmål som gjev kunnskapen verdi for barnet.
Boka kan lesast på tallause måtar, men bodskapen ligg fast. Menneskeverdet er som talrekkja: uendeleg.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?