JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

«Urettvist» mot svenske grannar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den svenske utanriksministeren Ann Linde er uroa for det nordiske samarbeidet på grunn av at pandemien har ført til stengde grenser.

Foto: Michael Sohn / AP / NTB scanpix

3980
20200619
3980
20200619

Om eit par veker er det på tide å skifta bustad og ta hytta vår i EU i bruk. Dit går det båt frå Oslo, og med litt ekstra plunder og heft kunne vi ha brukt bilen. Men da måtte vi ha køyrt gjennom delar av Sverige, og på grunn av smittefare er det berre så vidt det hadde vore lovleg å stansa for å få i seg litt væske i sommarvarmen, eller det motsette.

Svenskane, som eg personleg har hatt eit svært godt forhold til heilt sidan den første stockholmsturen min for 69 år sidan, i 1951, har fått det med å syta over diskriminering. Det er fordi – eg siterer utanriksministeren no – Sverige ikkje vert behandla på line med dei andre nordiske landa. Det går ut over det nordiske samarbeidet, meinte ho. Denne veka opna danskane grensa si for tyskarar, finnar, islendingar og nordmenn, medan svenskane må halda seg heime. Grunnen til det er at det er mykje meir koronasmitte i Sverige og langt fleire dødsfall av sjukdomen covid-19 der enn i dei fire nordiske landa som ikkje er svenske. Og som om ikkje det var nok, sa leiaren for det norske Folkehelseinstituttet FHI, Camilla Stoltenberg, offentleg at ho var glad for at «vi ikkje har dei svenske problema». Det svenske problemet er at grannane våre må høgtida midtsommarafton denne fredagen medan dei markerer at 5000 svenskar er døde av koronasmitte sidan mars. Det er tjue gonger så mange som i Noreg, og for ei veke sidan sa Camilla Stoltenbergs svenske motstykke, sjefepidemiolog Anders Tegnell, at Sverige kanskje ville gjort rett i å bruka hardare tiltak mot epidemien tidlegare i vår.

Slik vi vurderer helsestellet vårt her i Norden, vert det rekna som ein føremon at liv vert berga. Utan at han nokon gong sa det med reine ord, verka det, i veke etter veke, som om dr. Tegnell var ute av stand til å skjøna at det tek seg betre ut, både etisk og medisinsk, med ein statistikk som ligg på 5 prosent av dei dødstala som den svenske statistikken har måla i svært utrivelege fargar.

Slike samanlikningar er risikable, og ikkje berre fordi medisinarar reknar dei som forkastelege: Både statistikken og koronaepidemien kan oppføra seg som ein dårleg dressert hest og brått sparka bakut. Det kan ta tid før vi kjem så langt, og så ser biletet kanskje heilt annleis ut. I tillegg held medisinarar seg strengt til ei uskriven lojalitetslov om ikkje å kritisera kvarandre offentleg. Prisen for det er i somme tilfelle at tabbar vert sopa under teppet, og at ein dermed unngår å hausta lærdom av slike feil. Eg har litt erfaring med den slags etter ein vanskeleg sjukdom i familien for nokre år sidan: Vi måtte nokre turar til USA for å få retta opp i ei feilbehandling. Dei amerikanske ekspertane såg på det som var gjort, og spesielt på det som ikkje var gjort, klødde seg i hovudet og sa: «Korleis får desse karane lov til å praktisera medisin?» før dei gjekk laus på opprettingsarbeidet. Dei berga livet på ein medlem av familien. Vi var og er takksame for det. Men det var lite å vinna på å ymta frampå om at det kunne vera noko å læra av det her på berget.

For oss var derimot gevinsten stor, for liv vart berga. Etter kvart er historia vel kjend i delar av det nordiske medisinske miljøet, så truleg har mange, både medisinarar og pasientar, grunn til å vera nøgde. Optimistisk som eg er, reknar eg med at det same vil skje i Sverige når dei svenske ekspertane samlar mot til å sjå litt grundigare på statistikken og koronaviruset. Men slike framsteg fylgjer den vidgjetne T3-regelen: ting tek tid. For dei innfødde er Sverige eit fint ferieland, og i tillegg kan både spesialistar og vanlege folk bruka denne sommaren på nyttigast tenkjelege vis for både kungen och fosterlandet.

Hytta vår i Danmark ligg slik til at vi kan sjå over til svenskane. Det skal vi gjera, medan vi audmjukt nynnar Svantes vise: «De svenske kan meget som vi ikke kan/ og de holder sig tappert neutrale.»

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Slik vi vurderer helsestellet vårt her i
Norden, vert det rekna som ein føremon at liv vert berga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis