QAnon og andre sekter
Mobben som under ymse flagg kom som kalla til kongressbygningen i Washington 6. januar.
Foto: Wikimedia Commons
«Alt dette dramaet måtte til slik at folk vart merksame på det som hende, så dei kunne sjå på bevismaterialet og krevja rettferd.»
«Dramaet» var storminga av kongressbygningen i Washington 6. januar og hærverket der, og «rettferda» var trua på at Donald J. Trump var den eigenlege og rettvise vinnaren av presidentvalet den 3. november 2020, ei oppfatning som eit fleirtal av dei republikanske veljarane i USA heldt fast ved etter fleire oppteljingar av røystene og svært mange rettssaker som Trump og advokatane hans tapte, alle som ei.
Hærverk mot kongressbygningen hender ikkje kvart år; førre gongen var under den amerikanske fridomskrigen i 1812, ei hending som dronning Elizabeth nemner i spøkjefulle ordelag kvar gong ho er på statsbesøk i Washington. President Ronald Reagan lo like hjarteleg kvar gong. Krigar som ein vinn, er alltid trivelegare enn dei krigane som ein taper.
QAnon er ei sekt som Donald Trump brukte pinleg lang tid til å ta avstand frå. I august i fjor sa han at han ikkje visste særleg mykje om QAnon, «men eg høyrer at dei likar meg». Somme gonger skal det ikkje meir til før den førre presidenten blåstemplar dei, og i alle høve er det nok til at han godkjenner dei som fornuftige folk og/eller organisasjonar. Under storminga av kongressbygningen var det fleire Trump-tilhengjarar som hadde Q-merke på ryggen, og gruppa har fått status som ein konspirativ organisasjon, ei sekt som meiner at den amerikanske staten er driven av ei hemmeleg samansverjing langt nede i undergrunnen. Det var sommaren 2016 sekta sikra seg plass i overskriftene: Ein mann som ikkje hadde det heilt greitt med å orientera seg i det kompliserte amerikanske samfunnet, køyrde bil frå heimstaden sin i Nord-Carolina til ein restaurant i Washington og tok til å skyta på gjestene. Han hadde fått det for seg at dei tok små born som gislar og fekk dei servert. Det hadde han lese i eit av skriftene til QAnon. To av dei som høyrde til same sekta, var mellom dei som storma kongressbygningen. Dei vart drepne under skytinga og har fått status som dei første «martyrane» i rørsla. Det har vorte litt tynnare i rekkjene etter at desse to vart dødsoffer, men dei er framleis å finna på statistikken over dei konspirative og har fått ei heidersgravferd.
Den 8. februar opnar den andre riksrettssaka mot Donald Trump, og det skal mykje til før ho endar annleis enn den første, slik at han vert frikjend. Det vart fleirtal i Representanthuset for å reisa tiltale; til det krevst det ikkje meir enn simpelt fleirtal. Men til domfelling krevst det 2/3 fleirtal, og det berga Andrew Johnson i 1868, Bill Clinton 120 år seinare og Donald Trump i 2020. Slik det ligg an, får han ikkje 2/3 fleirtal mot seg no i februar heller, trass i at han har ein tiltale mot seg for oppvigleri mot staten. At så mange som 17 republikanarar skulle røysta for å avsetja han i tillegg til dei 50 demokratane, er lite truleg. Han risikerer dermed ikkje anna enn at han vert den einaste presidenten i amerikansk historie som får to riksrettssaker mot seg. Han kan ikkje avsetjast, for han gjekk av da perioden var ute 20. januar, og dermed vert det ikkje verre enn ein runde statsjuridisk flisespikking den andre veka i februar.
Slik får han plass i historiebøkene, og verre urettvise vert han ikkje til del enn at han overlever – og kanskje kan stilla til val att i 2024.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til domfelling krevst det 2/3 fleirtal, og det berga Andrew Johnson i 1868, Bill Clinton 120 år seinare og Donald Trump i 2020.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.