Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Mellom fragment og heilskap

Apneseth dreg vekslar på eit musikalsk A-lag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hardingefelespelar Erlend Apneseth har komponert musikken på albumet.

Foto: Oddleiv Apneseth

2001
20200214
2001
20200214

Jazz

Erlend Apneseth:

Fragmentarium

 Erlend Apneseth, hardingfele; Stein Urheim, gitar, bouzouki og elektronikk, Anja Lauvdal, piano, synth og elektronikk; Hans Hulbækmo, trommer, perkusjon, munnharpe og fløyte; Fredrich Luhr Dietrichson, bass; Ida Løvlie Hidle, akkordion. HUBRO HUBROCD2629

Erlend Apneseth er kanskje den unge musikaren som med størst hell har late seg inspirera av folkemusikken og skapt ny frisk musikk. På skuldrene til nestorar som Nils Økland og Unni Løvlid rett nok, men like fullt har det vore spanande å følgja Apneseth, spesielt trioen med Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde.

Her er han i selskap med eit større ensemble med musikk urframført i Kongsberg kyrkje på festivalen i fjor og spelt inn Ål kulturhus kort tid etter. Apneseth har samla eit knippe profilerte musikarar som i ulike samanhengar har spelt saman før, mellom anna har alle unnateke Urheim spelt i det store frijazzbandet Skadedyr. Målet til Apneseth var å få ensemblet til å dra i same kreative lei «i hovudsak ved å ikkje vera for kontrollerande», seier Apneseth i pressemeldinga.

Apneseth har lukkast i den forstand at bandet er i fokus, men du er aldri tvil om kven som er med. Komposisjonane til Apneseth er noko meir enn fragment, men langt frå utskrivne partitur. Gjennom arrangementa er musikarane i vekslande grad med på å setja bumerket sitt på musikken. Arrangementa har noko friskt og uferdig ved seg, uferdig i den forstand at det på neste konsert vil dukka opp nye element i arrangementa som vil ta musikken i ei litt anna retning.  

Eg saknar likevel at musikarane i endå sterkare grad utfordrar kvarandre. Fleire av låtane inviterer til det, mellom andre tittellåten og opningssporet «Gangar», men det blir med tilløpa. Mest vellukka i så måte er «Gruvene» og «Det mørknar». Spesielt førstnemnde er ei skikkeleg musikalsk reise.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis