Dansande røyster
Meredith Monk er ein av dei mest leikne og spanande samtidskomponistane me har hatt dei siste femti åra.
Meredith Monk har utvida vokalteknikken.
Foto: F. Scott Schafer / ECM
Meredith Monk
Tilrådd lytting:
Key (Increase Records, 1971)
Dolmen Music (ECM, 1981)
Book of Days (ECM, 1990)
Songs of Ascension (ECM, 2011)
On Behalf Of Nature (ECM, 2017)
Meredith Monk
Tilrådd lytting:
Key (Increase Records, 1971)
Dolmen Music (ECM, 1981)
Book of Days (ECM, 1990)
Songs of Ascension (ECM, 2011)
On Behalf Of Nature (ECM, 2017)
Meredith Monk er høgaktuell no når plateselskapet ECM har gjort mange av dei viktigaste verka hennar lettare tilgjengelege via strøymetenester på nettet.
Ho voks opp i ein musikarfamilie og dreiv med både dans, song og teater i oppveksten, ein kombinasjon som ho seinare har bruka aktivt i komposisjonskunsten. Dei tidlege verka hennar henta mykje frå performance- og installasjonskunst, og ho har laga fleire filmar.
Monk vart fødd i New York i 1942, gjekk ut av Sarah Lawrence College i 1964, der ho studerte dans, kunst og koreografi, og etablerte nokre år seinare The House – eit kunstnarfellesskap og dansekompani som arbeidde på tvers av fagområde og sjangrar. Ho hadde eit gjennombrot med verket 16 Millimeter Earrings, både i den meir alternative delen av kunstnarkrinsen i New York og for si eiga retning vidare. Her fann ho ein måte å kombinera alle kunstuttrykka ho arbeidde med i ein stor komposisjon.
I 1971 debuterte ho med albumet Key, og på midten av 1970-talet oppretta ho si eiga vokalgruppe der ho utforska stemmebruk, vokaltekstur og eksperimenterte mykje med form. Ho har heile tida arbeidd med å utvida grensene for røysta, og ho tek inn koreografi frå film og dans i korverka i eit særs omfattande og rikt spekter av kunstnarlege uttrykk.
Pedagogisk talent
Monk synest også å vera eit stort pedagogisk talent, noko ein kan sjå i måten ho hentar ut det beste i vokalensembla sine på, eller i måten ho underviser song og kunst til born; ved å lata dei få gjera ting på eigne premissar, og sjølv utvikla kreative idear i kvart prosjekt.
For Monk er røysta ein del av kroppen på same tid som det er eit instrument. Det å syngja og skapa musikk er noko kroppsleg. Songane treng ikkje tekst for å uttrykke meining: Lydane gjev meining og kommuniserer direkte i seg sjølv. Dette er ein måte å instruera, undervisa, og arbeida på, som på mange måtar bryt med den klassiske vestlege vokaltradisjonen som var rådande då Monk var ung.
Mykje av musikken hennar minner ein på eit vis om ein slags folkemusikk frå land som ikkje eksisterer, eller kanskje noko som kunne ha vore skapt av livsformer frå ein annan planet, om ein freistar høyra det for seg.
Godt utgangspunkt
Dolmen Music er eit godt utgangspunkt å byrje med om ein vil utforska musikkuniverset til Monk. Komposisjonen er nettopp ei heil verd i eitt stykke – med store delar av vokalspekteret til Monk på om lag 24 minutt, arrangert for songgruppa hennar, Meredith Monk & Vocal Ensemble.
Andre døme er «Morning Song» frå albumet Book of Days og «Cow Song» frå Our Lady Of Faith. Båe er tidlaus og stadlaus solo vokalmusikk, som teken ut av ein Tarkovskij-film. Dei inneheld tema som i eine augneblinken høyrest ut som noko som kunne vore skapt i mellomalderen, og i neste, like gjerne kunne høyrd heime i ein futuristisk science-fiction film.
«Eon» og «Ritual Zone» frå det siste albumet hennar, On Behalf Of Nature, og «Clusters» frå Songs Of Ascension er uhyre godt komponert og framført instrumentalmusikk, med nikk til komponistane Steve Reich, Philip Glass og Arvo Pärt. Her tek Monk i bruk mellom anna tette strykestemmer, polirytmisk vibrafonspel og eksperimentell perkusjon. Lytt til Meredith Monk om du vil ha ein rik og annleis musikkoppleving!
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ho tek inn koreografi frå film og dans i korverka i eit særs omfattande og rikt spekter av kunstnarlege uttrykk.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.