Eit tryggingsproblem
Samfunnet kan ikkje la algoritmane avgjere kva som blir presentert for allmenta som spørsmåla demokratiet bør bruke tid på å diskutere.
All kunnskap og informasjon som er tilgjengeleg på digitale læringsplattformer, kan ikkje erstatte lærebøker, meiner Jan Jørgen Skartveit.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Lesedugleik
Språkleg og fagleg kvalitetssikra skulebøker i alle fag i skulen er òg tryggingspolitikk.
I Dag og Tid 10. mai spør journalist Christiane Jordheim Larsen om Noreg bør ha eit statleg organ for psykologisk forsvar, for å trygge befolkninga i Noreg mot krefter i samfunnet og frå utlandet som vil påverke befolkninga ved å spreie villeiande informasjon og falske nyhende.
I same artikkel er nyhendedirektør i NRK Helje Solberg samd i at styresmaktene må ha ein strategi for korleis dei skal møte «spreiing av desinformasjon, propaganda og manipulering». Solberg meiner: «Noko av det viktigaste styresmaktene kan gjere for å styrkje den digitale motstandskrafta, er å sørgje for at folk har tilgang på uavhengige redaktørstyrte medium.» Rammevilkår for media og regulering av globale plattformer er viktig, konkluderer Solberg.
Samfunnet kan ikkje la algoritmane avgjere kva som blir presentert for allmenta som spørsmåla demokratiet bør bruke tid på å diskutere. Sosiale medium og algoritmar kan ikkje få avgjere kva for spørsmål folk skal bli tilstrekkeleg opplyste om til at dei kan ta sjølvstendige avgjerder om kva dei ønskjer i formelle val til kommunar og Storting og ved folkerøystingar.
I ei global og digital verd har skulesamfunnet og lærarane same utfordringa som massemedium har: Kven skal vere redaktørane som garanterer for sikker og sann kunnskap? Kven garanterer mot falske nyhende, ugyldig og manipulert informasjon?
I skulen har kvalitetssikra lærebøker tidlegare hatt ei tilsvarande redaktørrolle i skulen si verd av informasjon. All kunnskap og informasjon som er tilgjengeleg på digitale læringsplattformer, og alt som er tilgjengeleg av informasjon på internett, kan ikkje erstatte lærebøker som ansvarleg redaktør for gyldig kunnskap i skulen.
Rammevilkår for skule, regulering av globale, digitale plattformer og IKT-bransje og gjenskaping av statleg kvalitetssikring av lærebøker i skulen er òg tryggingspolitikk. Samfunnet bør ikkje overlate ansvaret for kva elevar skal lære på skulen, og korleis elevar kan skilje sant frå usant, til kommersielle, globale aktørar, til IKT-bransjen. Korkje politikarar, byråkratar, skuleleiing, lærarar eller elevar kan vite kven alle aktørar på nettet frå inn- og utland er.
Det er uforeinleg med demokratiets interesser å overlate i blind tiltru eit slikt redaktøransvar i skulen til store teknologiselskap. Dei har eigne agendaer og forretningsmetodar i strid med personvern og med opphavsrett for åndsverk. Teknologiselskapa konsentrerer seg om tilgang til og samling av sensitiv informasjon om forbrukaråtferd og -vanar blant barn og ungdom. Selskapas interesser bør i eit demokrati ikkje blandast med rolla som redaktør for gyldig kunnskap og informasjon for elevar og lærarar.
I fråvær av kvalitetssikra lærebøker avgjer algoritmane, sosiale medium, Instagram, TikTok og digitale læringsplattformer kva mange elevar lærer seg er gyldig kunnskap.
Jan Jørgen Skartveit er lærar og medlem i Arbeidarpartiet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skogens ro
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.