– Det er på høg tid at bioteknologilova blir oppdatert, og denne stortingsmeldinga legg opp til fleire småendringar som kan føre til betre og meir ressurseffektiv behandling for norske pasientar. Samtidig tar ikkje regjeringa endeleg stilling til dei mest omstridde spørsmåla, som for eksempel eggdonasjon, seier leiar i Bioteknologirådet, Kristin Halvorsen.
Ole Johan Borge, direktør i Bioteknologirådet, vedgår at spørsmål om bruk av bioteknologi på menneske før fødsel er vanskelege.
– Med tydelege verdispørsmål der partia har ulike synspunkt, er det ikkje lett å skape eining. Førre regjering sleit også med desse spørsmåla.
Borge trur at behovet for befrukta egg til stamcelleforsking blir mindre.
– Stamcelleforskinga er lovande. Bruk av embryo har vorte mindre naudsynt på grunn av alternative metodar. Anten ein bruker stamcellene som finst i pasienten sjølv, eller vanlege celler som ein kan programmere om til stamceller, kan ein få utrulege resultat.
Oppdaginga av korleis spesialiserte celler kan vere i stand til å programmere seg om til stamceller, får mellom anna den japanske forskaren Shinya Yamanaka æra for. Han fekk nobelprisen i 2012 saman med britiske John B. Gurdon.
Ifølge direktøren, som sjølv har doktorgrad i medisinsk vitskap og stamcelleforsking, kokar restriksjonane ned til den moralske statusen til embryoa og eit ønske om å vere trygg på kva som er etisk forsvarleg.
– Det er i Noreg ikkje lov å skape liv berre for forskingsformål. Det er heller ikkje lov med genmodifisering av embryo. Somme uttrykkjer ønske om at dette skal vere mogleg. I den nye stortingsmeldinga seier regjeringa at det ikkje bør vere ope for det i Noreg.
– Er styresmaktene for restriktive når det gjeld denne typen forsking?
– Det kan eg ikkje svare på. Alle sjukdommar har ulike behandlingsstrategiar, og stamcelleforsking er berre eitt av fleire felt, seier Borge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.