– Vi har falle så djupt, seier Mina Bai
Mina Bai kom til Noreg frå Iran i 1992 og ser liten grunn til optimisme for heimlandet.
Ayatolla Ruhollah Khomeini vert ønskt velkomen av menneske i tusental på flyplassen i Teheran 1. februar 1979.
Foto: AP/NTB scanpix
Tidsline Iran
1925 Reza Khan, offiser i den persiske kosakkbrigaden, tok makta ved eit kupp og vart fyrste sjahen i Pahlavi-dynastiet.
1935 Landet skifta namn frå Persia til Iran.
1953 Folkevalt statsminister Muhammad Mossadegh, som hadde nasjonalisert oljeindustrien, vart avsett i eit britisk-amerikansk kupp. Mohammad Reza Pahlavi fekk makta.
1964 Ayatollah Khomeini vart tvinga i eksil.
1978 Folkeleg opprør mot sjahen.
1979 Sjahen flykta. Kohmeini vende tilbake frå eksil og oppretta ei islamsk og antiamerikansk regjering. Over 98 prosent røysta for å erstatte monarkiet med ein islamsk republikk. Iranske studentar gjekk til åtak på USAs ambassade i Iran og tok gislar. Khomeini vart kåra til årets mann av Time Magazine.
1980 Iran vart angripe av Irak.
1988 Iran–Irak-krigen slutta.
1989 Khomeini kom med fatwaen mot Salman Rushdie for boka Sataniske vers. Khomeini døydde same året, og Ali Khamenei vart øvste leiar.
Kjelde: Store norske leksikon

Iran
eva@dagogtid.no
Denne månaden er det 40 år sidan ayatolla Khomeini vende heim til Iran frå eksil og omdanna det autoritære monarkiet til ein islamsk republikk.
Ein engelsk journalist om bord på flyet Khomeini kom med, spurde kva han kjende ved å vende tilbake. «Ingenting», svara han. Reporteren gjentok spørsmålet, trudde ikkje heilt på det han høyrde.
Det gjorde heller ikkje familien til romanforfattar og spaltist Mina Bai. Dei sat samla framfor TV-en i heimen i Teheran og såg Khomeini lande og millionane som hadde samla seg i gatene for å ønskje han velkommen.
– Eg var berre ti år på den tida, men eg hugsar folk var rørte og svært glade. Far min òg. Men då Khomeini svarte «ingenting», vart han fyrst heilt paff og skuffa. Så prøvde han å bortforklare det, sa at ein så stor mann som Khomeini ikkje skal syne kjensler, og at det var difor han hadde svara slik. Han ville nok ikkje miste håpet. Men det gjekk jo ikkje lang tid før det synte seg at Khomeini ikkje var særleg interessert i Iran. Han var meir interessert i ideologien, islam. Frå og med dagen han sette føtene sine i Iran, snakka han om å eksportere islam og revolusjonen. Han snakka om å ta over Israel og frigjere Al-Quds, og han tok vekk dei to symbola, løva og sola, frå flagget vårt og erstatta dei med eit symbol for Allah, seier Mina Bai.
Musikken forsvann
Bai har budd i Noreg sidan 1992, men hadde både barndomen og ungdomstida i Iran. Far hennar hadde doktorgrad i juss og jobba som advokat. Han var imot eineveldet til sjahen og vart etter kvart oppglødd for revolusjonen, og for Khomeini, fordi han leidde an.
– Eg trur ikkje eigentleg det var mange som visste kva han stod for, men dei vart med på hypen av endring, islamistar som kommunistar. Dei fattige vart lova billeg straum og buss, og billege bustader, seier Bai.
Endringane kom raskt. Bai og den eldre broren brukte å sjå amerikanske animasjonsfilmar og filmar på TV. Dei vart forbodne og erstatta av koranlesing, talane til Khomeini og ulike mullaer. Musikken forsvann. Og då Bai byrja på mellomtrinnet på skulen, måtte ho ta på seg hovudplagg som var knytt i halsen.
Den 7. mars 1979, etter berre ein månad i landet, gav Khomeini ordre om at alle kvinner skulle dekkje seg til med slør. Dei som ikkje gjorde det, slapp ikkje inn i statlege organ og institusjonar.
– Kjem til å kvelast
Då Bai starta på vidaregåande skule, vart det verre. Ho måtte dekkje seg til endå meir, med lang kåpe og bukse eller tjukke strømpebukser og med hijab med eit ekstra band i panna, slik at ingenting av håret skulle stikke ut.
– Det var svært konservativt. Eg hugsar då eg gjekk samen med mamma for å kjøpe ei slik uniform til skulen. Eg sa til henne at eg kom til å kvelast i ei slik drakt. Ho prøvde å tøyse med det, dra det over i det tragikomiske. For ein trist dag det var.
Mor hennar, som var heimeverande, måtte òg dekkje seg til ute på gata.
– Korleis kunne det ha seg at velutdanna, sofistikerte kvinner aksepterte det som kom?
– Ja, det er ei gåte for meg òg. På vidaregåande hadde vi to kvinnelege lærarar. Ei av dei, ho var utdanna i kjemi, gjekk med svært konservativ hijab. I tillegg hadde ho chador. Medan vi ungdomar gremma oss over å gå med desse greiene, var ho så stolt og glad. Det verka som ho kjende seg både kvinneleg og sofistikert med alt det der på. Eg undra meg ofte over kva det var med henne. Somme kvinner i Iran dekte seg nok til for å kome nærare Gud, og det gav dei status som ordentlege og fine.
– Men det var jo store demonstrasjonar òg. Tusenvis av kvinner protesterte i gatene frå 8. mars 1979, men det førte ingen veg. Dei vart møtte av motdemonstrasjonar frå islamistar og væpna folk som sa at anten tek du på deg hovudplagg, eller så får du bank. Folket var i eit jerngrep.
I røystelokala
– Høyrde du folk seie dei angra på revolusjonen?
– Ja, alt i folkerøystinga om opprettinga av ein islamsk republikk i april 1979. Folk fekk beskjed om at dei måtte røyste, og få stempel i ID-korta, elles fekk dei problem. Pappa tok med mamma, bror og meg til røystelokala. Han jobba på den tida for den statlege straumleverandøren, og kjende seg tvinga til å røyste for republikken. Folk skjøna at dette ikkje var fridom, og at dei hadde gjort ein stor feil. Det toppa seg i november 1979, då fanatiske studentar klatra over gjerdet til den amerikanske ambassaden og tok gislar.
– Merka du sjølv noko til brutaliteten?
– Vi hadde portforbod, og eg såg jo revolusjonære gå rundt i gatene med kalasjnikov. Bror min såg ein mann verte banka opp på gata, ein som hadde samarbeidd med sjahen, og vi høyrde om folk som vart avretta utan rettssak.
– Ikkje modne
I eit debattinnlegg i Nettavisen har Bai i høve 40-årsmarkeringa for den islamske republikken nyleg skrive at ho saknar «en historie om sjahen som stikker dypere enn eneveldet, ettpartisystem, korrupsjon og at han var de rikes hersker».
– Kva bilete har du av sjahen?
– Eg hugsar det var mange karikaturar av han og mange stygge historier. Men på sosiale medium i dag vert han heidra av mange iranarar. Det er ungdomar i Iran som heidrar han, ikkje eg, som vaks opp under styret hans. Eg er sjølv imot monarki, men eg ser at landet eg vaks opp i, var i større utvikling enn Iran i dag. Sjahen bygde universitet som var dei beste i Midtausten, han gav fattigfolk stipend for å kunne studere utanlands.
– Han dreiv òg med undertrykking og tortur og avretta folk utan lov og dom.
– Ja, og det var på ingen måte politisk fridom i landet, det var eit diktatur. Likevel var det han som gav iranske kvinner røysterett og andre rettar, og det må erkjennast. Eg får kanskje pepar for å seie dette, men eg meiner at Iran den gongen òg var eit svært tradisjonelt og patriarkalsk samfunn, og at reformene sjahen sette i gang, særleg den av kvinnerettar, var ein av grunnane til at mange ikkje var nøgde med han. Dei var ikkje modne for det. Ein del av sjarmen ved Khomeini var at han var ein geistleg og åndeleg far. Vi har den draumen i iransk historie, om ein religiøs leiar som vil det beste for folket. Difor gjekk folk med på det.
– Kva kunne vore gjort annleis for å hindre den revolusjonen Iran fekk?
– Eg trur folket var sjanselaust. Vi hadde jo ikkje ytringsfridom og høve til å diskutere. Hadde sjahen gjeve folk den fridomen, kunne dei ha snakka om kva som skjedde, og fått auga opp for kven Khomeini var. Han byrja jo den politiske aktiviteten 16 år før revolusjonen og hadde bygd seg opp ein stor organisasjon og eit nettverk av islamistar. Men på den tida var det ingen som heilt visste kva ein islamist var eingong.
Flukt
Bai flykta i 1992 og var ein av dei 4178 iranarane som innvandra til Noreg dette året. Ho hadde vore språkstudent ved Universitetet i Teheran og involvert seg i ei studentrørsle som spreidde flygeblad mot regimet. Då faren fekk høyre det, tilrådde han henne å reise før ho vart oppdaga av regimet. Foreldra vart att i Teheran.
– Familien min er sjiamuslimar, og far min var svært religiøs. Han hadde mange religiøse vener frå studenttida som var kjenningar av Khomeini, og han jobba ei stund for regimet sjølv òg. Då han etter kvart tok til å protestere, vart han svartelista og fekk utreiseforbod. Men han hjelpte meg å flykte.
– Ei stor sorg
Bai fekk status som politisk flyktning i Noreg og starta på Universitetet i Oslo, der ho studerte informatikk. Seinare tok ho ingeniørutdanning. Ho drog tilbake til Iran og vitja foreldra nokre år seinare, under president Mohammad Khatami. Han gav nokre grupper iranarar amnesti til å kome attende.
– Det var ei merkeleg kjensle å vere tilbake. Landet hadde endra seg mykje. Regimet hadde på eit vis etablert seg for godt.
– Kva prosjekt er den islamske republikken i dag?
– Eg trur draumen til Khomeini om å eksportere revolusjonen og islamismen lever vidare og vert følgd av ayatollah Khamenei. Sjå kvar Iran involverer seg. Eksporten er alt ei røynd i dag, og det er framleis draumen.
– Ser du lyse sider ved utviklinga?
– Det har vore eit par store folkelege oppgjer i løpet av desse 40 åra. Eit av dei var den grøne revolusjonen, protestane mot valfusk i 2009. Samstundes trur eg ikkje eg nokon gong før har sett så mange namn på fengsla og torturerte som det er i Iran no. For aktivistane har nok jerngrepet vorte hardare. Eg er ikkje veldig optimistisk. Det her er no ein revolusjon med djupe røter og 40 år bak seg.
– Korleis er det å vite at heimlandet ditt er ein versting internasjonalt?
– Det er ei stor sorg. Før kunne iranarar reise til USA utan visum. Det var prestisje å syne iransk pass. I dag er Iran assosiert med atombomber, terroristar og krigshissing. Vi har falle så djupt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg hugsar då eg gjekk saman med mamma for å kjøpe ei slik uniform til skulen. Eg sa til henne at eg kom til å kvelast i ei slik drakt.
Mina Bai, forfattar og spaltist
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.