Stamceller og dobbeltmoral
Stamceller kan potensielt brukast i kampen mot kreft og ei rekkje andre sjukdommar. Men sjølv om abort er tillate, hindrar etikk oss i å forske på befrukta egg.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Bakgrunn
Stamceller
Stamceller kan ha opphav frå vaksne (adulte) stamceller eller embryo (embryonale stamceller).
Eit befrukta egg, ein zygote, blir først kalla eit embryo etter to veker. I åttande graviditetsveke blir det rekna som eit foster.
Embryonale stamceller har unike eigenskapar; dei kan reparere seg sjølve og danne identiske kopiar.
Stamcellene kan erstatte skada celler og vev hjå sjuke pasientar, men det er strenge restriksjonar på stamcelleforskinga.
Danmark, Finland, Sverige og Storbritannia tillèt ikkje dyrking av befrukta egg etter 14 dagar.
I Tyskland og Frankrike er forsking på befrukta egg forbode, med visse unntak i Frankrike.

Samfunn
elovereide@gmail.com
For få veker sidan kom stortingsmeldinga «Evaluering av Bioteknologiloven». Bioteknologilova tar opp medisinsk-etiske spørsmål om eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. Denne månaden skulle regjeringspartia komme med ei evaluering, men dei vert ikkje samde, og har i staden gitt ut ei stortingsmelding som diskuterer og tar stilling til etiske spørsmål. Trass i den raske medisinske utviklinga har ikkje bioteknologilova blitt revidert på 15 år.
Forsking på og bruk av embryonale stamceller, altså celler frå befrukta egg, er svært eigna for medisinsk forsking. Slike celler kan gro i årevis i eit laboratorium, før dei kan utvikle seg til nye hjerneceller, nerveceller eller andre typar celler vi har i kroppen. I tillegg til å lage nye celler kan stamcellene reprodusere seg sjølve. Vanlege celler kan også dele seg, men dei nye cellene blir ikkje heilt identiske, slik som stamcellene. Vanlege celler mister eigenskapar frå opphavscellene undervegs, medan stamcellene på eit vis har evig liv.
Erstattar skada vev
I dag er det mangel på organ for transplantasjon, til dømes hornhinner. Det fører til at dei som ventar i køen, mister synet. Om du øydelegg lungene av røyking eller skadar armen i ei ulykke, kan nye organ i teorien gro fram gjennom stamcellene. Førebels handlar stamcelleforskinga om å erstatte skada vev med å skifte ut celler, men ein del sjukdommar og skadar som legane førebels berre kan lindre, kan ein med tida truleg behandle ved at ein lagar ny hud og nytt bein ved hjelp av stamceller.
Etisk å la vere?
Så kva etiske bremser er det som hindrar ei utvikling der vi kan berge folk frå sjukdommar? Dei embryonale stamcellene kunne teoretisk sett blitt barn, hadde dei fått utvikla seg i livmora dei neste ni månadane. Difor hevdar skeptikarane at det er uetisk å nytte befrukta egg til forsking. Egga som ligg på forskarbordet, kunne blitt eit menneske. Samtidig tillèt vi abort fram til tolvte svangerskapsveke. Abort fjernar eit foster – eldre og meir utvikla enn eit befrukta egg. Abort er basert på at kvinna har råderett over eigen kropp. Så kva om folk faktisk ønskte å donere egg- og sædceller til livbergande forsking?
Somme argumenterer med at bruk av aborterte foster er etisk forsvarleg fordi dei ikkje har blitt skapte med det formålet å vere gjenstand for forsking – til forskjell frå egg som folk eventuelt ønsker å donere. Men kan ein ikkje like gjerne spørje om det er rett å la vere å nytte stamceller frå befrukta egg når det kan bidra til å berge liv. Ein argumenterer altså med etikk for å la vere å berge liv.
Menneskeverd
Gjennombrotet kom i 1998: For første gong klarte forskarane å isolere stamceller frå befrukta egg. Dette var egg som var til overs etter assistert befruktning. Framleis kan dei som får assistert befruktning i Noreg, velje å donere overskotsegga til forsking, som eit alternativ til at dei blir kasta.
Somme forsvarer forsking på embryoa nettopp fordi alternativet er kasting. Andre meiner det er grunnleggande feil å øydelegge liv, med føresetnaden om at livet startar ved befruktning. Det er kanskje forståeleg at dei som er imot abort, samtidig er imot bruk av embryonale stamceller. Men den norske staten tillèt abort – og argumentet om menneskeverd blir det same. Terskelen verkar å vere høgare når det gjeld forsking, uansett kor livreddande forskinga kan bli.
– Dobbeltsyn
Først i 2008 blei det lovleg å forske på befrukta egg her til lands, men framleis finst det sterke restriksjonar med bakgrunn i medisinsk etikk. Jan Helge Solbakk, som var leiar av etikkomiteen til den internasjonale foreininga for stammecelleforsking frå 2010 til 2013, meiner at den norske biopolitikken har vore restriktiv med «tukling av ufødd liv» fram til forskinga i utlandet har gitt nyttige resultat.
– Verdidobbeltsynet blant politikarar er kanskje uttrykk for det vi i desse valkamptider kan kalle ein typisk norsk verdi: restriktiv nyttetenking. Ein haustar fruktene av forsking som ein samtidig meiner er uetisk.
Solbakk peiker på at Stortinget sa ja til å tillate kunstig befruktning i 1987, men samstundes nei til å tillate forskinga som gjorde dette mogleg.
– Det tok ti år før Noreg slutta med denne forma for dobbeltmoralsk bokføring og fekk ein lov som tillèt forsking på overflødige, befrukta egg og embryonale stamceller.
Restriksjonar
Enno er det ikkje tillate å nytte befrukta egg til forskingsformål åleine. Det er ulovleg å forske på dei etter 14 dagar, og forbode å plassere eit befrukta egg som er blitt forska på, inn i ei livmor. Og sjølv om egget skal bli destruert etter 14 dagar, er det ikkje lov å utføre genetiske endringar på eit egg som kan gå i arv hjå menneske.
Egga må bli godkjende etter helseforskingslova og bioteknologilova for å kunne bli forska på. Sjølv om studium av befrukta egg kan gi auka kunnskap om betre metodar for diagnostikk og behandling av sjukdom og infertilitet, så vel som meir kunnskap om menneskeleg biologi, vil ikkje departementet i den nye gjennomgangen støtte genmodifisering av befrukta egg, trass i at Bioteknologirådet foreslår akkurat dette.
– Stamceller er ei type celler som har potensial til å utvikle alle celler i kroppen. Og ikkje berre det. Kombinert med avansert teknologi kan stamcellene skape embryo frå nesten alle typar celler. Det opnar for mange skremmande moglegheiter som kan manipulere forstadia til menneskeleg liv, seier Solbakk.
Liberalisering
I Noreg var det eit sjukt barn som i hovudsak gjorde at styresmaktene opna for avgrensa stamcelleforsking. I 2004 gjekk eit norsk-tyrkisk foreldrepar ut i media og bad staten om å gjere ei eksperimentell stamcellebehandling for sonen, Mehmet, lovleg. Guten, som hadde ein genetisk blodsjukdom, trong vev frå eit potensielt sysken for å kunne bli frisk. Dette skapte stor debatt på Stortinget.
– Det blei fleirtal for å tillate at norske par med alvorleg genetisk sjukdom kunne få støtte til å reise utanlands for behandling. Det er kanskje verdt å tenkje over at det var verdisynet til ein såkalla framandkulturell familie som gjorde at Noreg opna for å tillate forsking på overflødige befrukta egg og embryonale stamceller, seier Solbakk.
Tukle med naturen
For visse arvelege sjukdommar vil den einaste kuren vere å førebygge sjukdommen ved å reparere genfeilen i foreldras kjønnsceller eller på embryostadium. Om begge foreldra ber ein dominant mutasjon, til dømes Huntingtons sjukdom, må ein endre genet for å fjerne sjukdommen frå neste generasjon.
Å endre genmateriale for å førebygge sjukdom er kanskje meir kontroversielt enn å nytte stamcellene til å behandle sjukdommar som alt finst. Kor langt skal vi strekkje oss i å tukle med naturen? Er sjukdom noko vi berre må akseptere? Stamcelleforskinga har blitt kritisert for å gi pasientar falskt håp, i tillegg til å forsterke eit klassesamfunn der berre rike pasientar vil få nytte av behandlinga.
– Når det gjeld stamceller, finst det ingen moralsk kostnadsfri veg fram til medisinske framskritt, konkluderer Solbakk.
– Det er et tragisk faktum.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein haustar fruktene av forsking som ein
samtidig meiner er uetisk.
Jan Helge Solbakk
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.