«Kjøp ikkje hytte på landet, for djevelen er også der.» Desse visdomsorda kan du støyte på dersom du vitjar den fantastiske utstillinga «Med skjemt og vet – tre sunnfjordingar», med bilete måla av Ludvig Eikaas, Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim. Det er ein kunstnartrio frå Sunnfjord av verdsformat som no blir vist på Eikaasgalleriet i Jølster til 15. oktober.
Berre Torsheimen, med det raude skjerfet sitt, lever enno i beste velgåande, men orda til dei alle lever godt vidare. Som Slettemarks ord om at «Det är en konst at vara konst». Det kan alle som har sett han, skrive under på, ikkje minst når det gjeld det rike mangfaldet av ymse staffasje som han kledde seg i både som svenske og nordmann. Men kva seier Ludvik Eikaas? På sitt urbane vis melder han at «det er umulig at en jølstring kan imponere en annen jølstring». Eikaas var ein folkekjær mann som det stundom stod strid om blant bygdefolket, som då han dekorerte inngangen til sentralsjukehuset.
Neste visdomsord frå Torsheim er at «bigami er å ha ei kone for mykje, monogami er det same». Og han konstaterer at «folk er dei same over alt, ein kan like godt studere dei der dei er.»
Slettemarks råd til deg sjølv er difor at «först måste man göra sig själv innan man kan lära känna sig själv».
Førestell deg kunstnarens ord mens du vandrar gjennom eit galleri og ei utstilling utan sidestykke. Eit steinkast unna vaks Nikolai Astrup vaks opp. Til ein sykkeltur rundt Jølstravatnet høyrer museet og Astruptunet på hi sida. På den bratte vegen opp møter eg ei godt vaksen kvinne frå Austlandet. Kva ho tykte? «Det er første gongen eg ser måleria hans her, og dei stemmer med alt eg har tenkt om han».
Frå hi sida ser vi etterpå landskapet langs E39 endevendt av gravemaskinar. I landskap og område Astrup har henta dei fleste motiva sine frå.
Ein gong stilte Eikaas til stortingsval for eit no ukjent parti. Og han gav meg ein plakat der han hadde måla ein katt. Motto: «Det er ingen som sit så flatt som ein katt.»
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.