JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den forvirrande krigen om engelsk lausriving

Det vaklande styret til Theresa May er som eit ekko av dronning Marys tronfølgjekrise.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Queen Anne, frå ein framsyning på Swan Theatre i 2016.

Foto: Manuel Harlan

7277
20170915
7277
20170915

Eg elskar Londons West End. Når eg er der, gjer eg alt eg ikkje kan gjere i California. Eg går til favorittklubben min og les aviser laga av ekte papir. Eg hiv innpå rype og welsh rarebit til lunsj, og skyl det heile ned med gamal, brunaktig bordeaux. Og eg går for å sjå skodespel om kongelege. Førre gongen var det Mike Bartletts Shakespeare-pastisj Charles III. Denne gongen valde eg stykket til Helen Edmundson om den siste Stuart-monarken.

Ingenting kan slå innsikta du får av retteleg godt teater. Etter å ha sett Queen Anne på Theatre Royal Haymarket førre måndagen, følgt av det politiske teateret knytt til statsministerens spørsmål to dagar seinare, skjønar eg no alt.

Brexit er berre den siste gjentakinga av det gamle kjærleik-hat-tilhøvet vårt til det europeiske kontinentet. Dette tilhøvet er, som vanleg, gjort meir komplisert av det gamle kjærleik-hat-tilhøvet mellom England og Skottland. Theresa May er såleis den siste kvinnelege statsleiaren som vert ulukkeleg av heile greia. Og Westminster-politikken handlar i grunnen mest av alt om å planleggje etterfølgjarar.

Regjeringstida til dronning Anne er truleg ukjend mark for dei fleste britar i dag. Om det er éin skule i heile landet som underviser om dette, blir eg forbløffa. Men perioden (1702–14) kastar overraskande mykje lys på vår eiga tid.

Og for ein æra det var! Det var tidsalderen til Defoe, Pope og Swift, for ikkje å snakke om Vanbrughs Blenheim Palace og Castle Howard, som eg vil påstå er dei mest strålande residensane for aristokratiet i England. Det verkar feil at dronning Anne skulle vere hugsa best for møblar.

Trass i sitt kongelege opphav hadde Anne eit vanskeleg liv. Ho vart fødd i 1665, og var plaga med dårleg helse i alle sine 49 år. Ho var med born 17 gonger, og mest alle fekk ein slutt med for tidleg fødsel eller dødfødsel. Av dei fem borna som var levande fødde, døydde fire før dei var to år. Den einaste som overlevde barndomen, prins William, døydde som 11-åring.

I tillegg til kva det no var som gjorde graviditetane hennar så problematiske, leid Anne av gikt og overvekt. Ho kan neppe lastast for å ha søkt lindring i intense venskap. Den mest kjende var med Sarah Churchill, seinare hertuginne av Marlborough, kona til tidas største general, og Abigail Hill, ei kvinne som var tilsett som kammertenar, og som dronninga vart (ganske sikkert feilaktig) skulda for å ha eit lesbisk forhold til.

Anne kom på trona berre fordi syster hennar, Mary, ikkje lukkast i å bringe fram ein arving. Som dei einaste borna til James II og den første kona hans som vart vaksne, kan dei to jentene ha vore upåverka da far deira gjekk over til katolisismen og, som ein følgje av det, mista krona under den ærerike revolusjonen i 1668. I alle fall var Mary og Anne oppseda som anglikanarar, og gifta seg med pålitelege protestantar: Vilhelm av Oranien, som regjerte i lag med Mary etter at James fall, og den sjølvutslettande prins Georg av Danmark. Da faren vart kasta, støtta Anne utan å nøle den protestantiske erobraren.

Regjeringstida til Anne var dominert av ein krig med Frankrike, til liks med det som vil prege resten av Theresa Mays tid i Downing Street. Om du ikkje innser at brexit er ein krig med franskmennene, seier det seg sjølv at du har møtt korkje den franske presidenten, Emmanuel Macron, eller skilsmisseadvokaten for EU, Michel Barnier, som har like mykje gallisk hauteur som Ludvik XIV på middagshøgda si.

På same måte som årsakene til den spanske arvefølgjekrigen vil årsakene til vår eigen engelske lausrivingskrig bli vanskeleg å forklare for framtidige historikarar. I begge tilfella er òg mange i samtida uvisse på kva det heile skal vere godt for. «Ingen (av sønene mine) visste kva dei slåst for – ikkje eigentleg», seier ei sørgjande mor i stykket. «Bortsett frå å slå franskmennene, sjølvsagt.» Etter kvart som brexit vert stadig meir komplisert, kan eg tenkje meg at mange vil byrje å kjenne seg like forvirra. Sjølv i dag: Kor mange er det som presist kan gjere greie for skilnaden mellom «hard» og «mjuk» brexit?

Spådomen min er at når regjeringa endeleg får til ein avtale om brexit, vil vilkåra vere like fortumlande for mannen i gata som Treaty of Utrecht var i 1713.

Det var i dronning Annes regjeringstid at det skotske spørsmålet vart sett på som avgjort med Act of Union av 1707, som sameinte dei to parlamenta i nasjonane og skapte det svært vellukka fellesføretaket kalla Great Britain. Men spørsmålet var berre halvvegs løyst. I 1708, i 1715 og på nytt i 1745 freista Annes katolske slektningar å ta trona attende med hjelp frå Scottish Highlanders. I vår eiga tid har Act of Union blitt skipla (med nyetableringa av eit skotsk parlament i 1999). Og sjølv om trugsmålet om fullt sjølvstende har minska sidan folkerøystinga i 2014, er dei skotske nasjonalistane ein like verkande torn i sida på Theresa May som jakobittane var i sida på Anne.

Moderne politiske parti vart òg fødde i dronning Annes tid, med dei bitre kampane mellom Tories og Whigs. I stykket ovundra eg særleg James Garnons spel som Speaker of the Commons, Robert Harley, som logra så vellukka for dronninga. Eg likte mantraet hans: «Ja. Nei. Kan hende.»

Det omstridde spørsmålet om etterfølgjar slutta aldri å hengje som ei mørk sky over regjeringstida til dronning Anne. Og nett det same er sant om Theresa Mays styre i dag. Act of Settlement gjorde det i det minste klart at om både Mary og Anne døydde utan avkom, skulle England og Irland (men ikkje Skottland) gå til Sophia, kurfyrstinne av Hannover, og dei protestantiske etterkomarane hennar. Det var grunnen til at Anne vart etterfølgd av Sophias son, George I av Hannover. Likevel levde intrigane for å få eit Stuart-regime att i over tretti år.

Spørsmålet om etterfølgjar er i dag (søndag 10. september) enda skumlare. Mrs. May verkar knust av audmjukinga ved valet i juni. Men ingen arving merkar seg ut. Altfor ofte har MP-ar frå det konservative partiet høyrt Boris Johnson ytre desse orda: «Ja. Nei. Kan hende.» Dei trufaste i partiet vil stokke korta på nytt slik at yngre talent kan møte til audition til rolla som statsminister.

I dei bitre memoarane sine hadde ikkje hertuginna av Marlborough mange rosande ord om dronning Anne: «Ho (...) meinte det sikkert vel og var ingen tosk, men ingen kan hevde at ho var klok, eller underhaldande i samtalar (...) (Ho var) kunnskapslaus om alt anna enn det soknepresten hadde lært henne som barn (...) At ho var uvitande, svært engsteleg, med dårleg dømmekraft, gjorde det lett å bli sett på som ei som ville vel, når ho i tillegg var omgjeven av så mange som til slutt dreiv intrigespel til hennar vanære.»

Mark Twain får æra for å ha sagt at historia ikkje gjentek seg, sjølv om det stundom rimar. (Det han eigentleg skreiv, var at «dei kaleidoskopiske kombinasjonane i biletet som blir presentert, ofte verkar vere sett saman av dei brotne fragmenta av antikke legender».) Men av og til gjentek ho faktisk seg sjølv – og med ualminneleg presisjon.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Altfor ofte har MP-ar frå det konservative partiet høyrt Boris Johnson ytre desse orda: «Ja. Nei. Kan hende.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis