Ei melding for optimistar
Perspektivmeldinga til regjeringa går ut frå at
måla i Parisavtalen blir nådde. Det er lite realistisk.
Ekstremvêret «Hans» råka Hønefoss sentrum (biletet) og andre område i Sør-Noreg i august i fjor og har kosta om lag 6,5 milliardar kroner å rydde opp etter. Slike konsekvensar burde vore drøfta i den nye perspektivmeldinga, meiner oseanograf og klimaforskar Helge Drange.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Bakgrunn
Perspektivmeldinga
Meldinga skildrar og drøftar langsiktige utviklingstrekk i norsk økonomi fram mot 2060 og skal utgjere eit grunnlag for viktige politiske avgjerder.
Ho er laga av Finansdepartementet og har vore lagd fram kvart fjerde eller femte år sidan 2004.
Perspektivmeldinga 2024 vart lagd fram av regjeringa førre veke og syner at utgiftene til velferdsstaten over tid kjem til å auke meir enn inntektene
Meldinga seier òg at det er behov for omstillingar i økonomien som følgje av auka spenningar i verda og klima- og naturendringar og fordi dei attverande oljeressursane minkar.
Kjelde: Stortingets utgreiingsseksjon og NTB

Politikk
eva@dagogtid.no
Gjennom Parisavtalen frå 2015 har Noreg og dei fleste andre landa i verda forplikta seg til å halde den globale temperaturstiginga på godt under to grader jamført med førindustriell tid, og å prøve å avgrense oppvarminga til halvanna grad. Landa forplikta seg òg til å setje meir ambisiøse mål for å redusere eigne utslepp kvart femte år, og å melde inn til FN korleis arbeidet går.
Ni år etter at avtalen vart underteikna, går klimautsleppa i verda framleis oppover. Samstundes har vi nyleg vore gjennom den varmaste junimånaden som nokon gong er registrert, og temperaturane på verdsbasis har i tolv månader på rad lege meir enn halvanna grad over nivået frå før industrialderen, ifølgje EUs klimaovervakingsteneste Copernicus Climate Change Service.
Dette ser derimot ikkje ut til å påverke den norske regjeringa. Analysen hennar av utviklinga til norsk økonomi fram mot 2060 byggjer nemleg på ein føresetnad om at verda kjem til å lukkast med å avgrense oppvarminga i tråd med målet i Parisavtalen, punktum. Det går fram av Perspektivmeldinga 2024, som finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram førre veke (sjå faktaboks).
Meldinga syner rett nok til at denne føresetnaden i seg sjølv vil krevje politiske val å oppfylle, og at det ifølgje det internasjonale energibyrået IEA er behov for ytterlegare omstilling globalt for å avgrense oppvarminga til halvanna grad. Men ho inneheld altså ingen analyse eller vurderingar av følgjene dersom dette ikkje skjer.
Dimed kan meldinga vere bygd på sviktande grunn.
– Heilt urealistisk
Det skal meir enn tolv månader med halvanna grads høgare gjennomsnittstemperatur til før det fagleg sett vert rekna som at oppvarminga har nådd halvanna grad. Vi er såleis ikkje ved grensa enno. Men det er ikkje mange som i dag trur at oppvarminga kan avgrensast til nivåa i Parisavtalen. Det seier Dag O. Hessen, som er biolog og professor ved Universitetet i Oslo.
– Nei, 1,5-gradersmålet er dei fleste no samde om er heilt urealistisk, og 2-gradersmålet skal det også svært mykje til å nå. Då held det i alle fall ikkje med business as usual. Det må langt sterkare lut til, seier han.
Helge Drange, som er oseanograf, klimaforskar og professor ved Universitetet i Bergen, er av same oppfatning.
– Per i dag ligg det an til at vi går mot ei oppvarming på rundt 2,5 grader, og då er klimakutta som er melde inn frå dei ulike landa, inkluderte. Så vi nærmar oss ikkje i det heile, seier han.
At det kjem til å ha kostnader å ikkje nå måla, er også sikkert. I perspektivmeldinga vert det referert til at klimaendringar globalt trugar menneske, økosystem og natur, og at både risiko og negative konsekvensar aukar med stigande oppvarming. Det vert også peika på at FNs klimapanel har kome til at verknadene av oppvarminga inntreffer ved lågare temperaturar enn det som er lagt til grunn tidlegare.
– 1,5-gradersmålet er dei fleste no samde om er heilt urealistisk, og 2-gradersmålet skal det også svært mykje til å nå.
Dag O. Hessen, biolog og professor ved Universitetet i Oslo
Etterlyser drøfting
Og klimaendringane medfører kostnader alt i dag, også i Noreg, i form av auka nedbør og meir ekstremvêr.
Ekstremvêret «Hans» som råka delar av Sør-Noreg i august i fjor, har det til dømes førebels kosta om lag 6,5 milliardar kroner å rydde opp etter, skriv regjeringa sjølv. Summen fordeler seg på private og offentlege forsikringsordningar, kommunar, offentleg infrastruktur, energianlegg og søknader om støtte til bistand frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Noko samla overslag over kva naturskadar som følgje av klimaendringar har kosta i Noreg i dag, finst det derimot ikkje.
Men både slike kostnader, og konsekvensar og kostnader som vil følgje for Noreg om verda ikkje når klimamåla, burde vore synleggjorde i ei reell drøfting av dei langsiktige utfordringane for norsk økonomi, meiner Drange.
Han syner til at klimaendringar og det varmare og våtare vêret kjem til å halde fram med å skape utfordringar som må handterast, inkludert utfordringar og kostnader ved flaumar og skred, og utfordringar som følgje av at vintrane vert kortare, breane smeltar og havnivået aukar.
– Endringane skjer alt no.
Helge Drange, oseanograf, klimaforskar og professor ved Universitetet i Bergen
Ei skikkeleg drøfting av langsiktige utfordringar for norsk økonomi burde også inkludere vurderingar av mattryggleik og mattilgang, i og med at artar både på land og i havet rører seg, og kjem til eller forsvinn, som følgje av klimaendringane alt i dag, meiner han.
– Alt dette inneber konsekvensar med kostnader som det burde vore kasta lys over i perspektivmeldinga, slik eg ser det. Og i den grad styresmaktene ikkje har oversikt eller gode svar, må dei arbeide for å få det. For desse endringane skjer alt no, og dei skjedde i går òg, så det er ikkje slik at vi kan vente i fem til ti år til og sjå det an. I alle fall ikkje for eit land som også driv og haustar store inntekter på det som bidreg til at klimaet er i endring, seier Drange.
Han meiner det også trengst ein meir open diskusjon om omfanget av norske klimagassutslepp, inkludert dei som følgjer av eksporten av olje og gass.
Oljeeksport og ansvar
Noregs mål i Parisavtalen er å redusere innanlandske klimagassutslepp med minst 55 prosent i 2030 jamført med nivået i 1990. Målet er lovfesta i den nasjonale klimaloven, der det også heiter at landet skal kutte utsleppa med mellom 90 og 95 prosent innan 2050.
I perspektivmeldinga vert klima- og naturendringar omtalte som ei hovudutfordring for norsk økonomi, og regjeringa skriv at «videre velstandsvekst må skje innenfor en ramme hvor vi skal forvalte naturressursene på en god måte og redusere klimagassutslipp, forurensning og tap av natur».
Samstundes vert det lagt til grunn eit framleis høgt aktivitetsnivå for norsk sokkel, og at det som finst av olje- og gassressursar, skal hentast ut. Eller som det står i perspektivmeldinga: «Anslagene for utviklingen i produksjonen i denne meldingen baseres på Sokkeldirektoratets anslag for den gjenværende ressursbasen på norsk kontinentalsokkel.»
Utsleppa som følgjer av eksport og annan type økonomisk aktivitet som påverkar utslepp i andre land, inngår i dag ikkje i nasjonale utsleppsrekneskapar eller internasjonale utsleppsforpliktingar.
Drange meiner altså likevel at desse utsleppa burde vore synleggjorde og drøfta i den nasjonale perspektivmeldinga.
– Inntektene vi har frå denne aktiviteten, er jo sentrale i analysane i meldinga, og forbruket vårt er slett ikkje i tråd med det som er naudsynt for å avgrense den globale oppvarminga. Tvert om ville det vore ein tragedie om heile verda hadde det forbruket som vi baserer oss på, og det meiner eg er eit tema ei perspektivmelding burde ha diskutert, seier han.
– I kva grad Noreg har eit ansvar for klimaendringane som skjer basert på olje og gass, er jo også eit spørsmål som vert meir og meir diskutert, og som ligg til grunn for klimasøksmål som no går føre seg. Så det er ikkje gjeve at systemet for utsleppsrekneskap i dag står seg i evig tid, seier Drange.
– Går ikkje i djupna
Hessen seier regjeringa i perspektivmeldinga ikkje går i djupna om utfordringane norsk økonomi står overfor i dag.
– Ho erkjenner og skildrar utfordringane vi står overfor når det gjeld omstilling til eit lågutsleppssamfunn, men følgjer ikkje opp med nokon konsekvensanalyse. Det vert ikkje stilt kritiske spørsmål ved norsk oljeutvinning eller forbruksmønsteret vårt, og det vert heller ikkje sett kritisk på prognosane om enorm auke i kraftforbruket, sjølv om dette inneber mykje ny kraftutbygging som nødvendigvis kjem i konflikt med natur. Det vert i det heile ikkje stilt spørsmål ved ideologien og premissen om vidare vekst, sjølv om det både fører til avtrykk globalt og har følgjer for norsk natur, seier han.
Slik han vurderer det, tek meldinga heller ikkje innover seg realitetane i den globale naturavtalen Noreg har gått med i.
Det er no halvtanna år sidan Noreg og dei fleste andre landa i verda vedtok å verne minst 30 prosent av land- og havarealet på jorda innan 2030, og å restaurere minst 30 prosent av øydelagde naturområde. Likevel er det framleis ikkje sagt noko om kva Noreg skal bidra med for å nå dei globale måla, og temaet får heller ikkje noko plass i analysen av korleis norsk økonomi kjem til å utvikle seg fram mot 2060.
– Perspektivmeldinga inneheld ikkje eit fnugg av den gjennomgripande samfunnsendringa som naturavtalen seier vi treng.
Anne Sverdrup-Thygeson, biolog og professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU
Naturavtalen vert berre kort omtalt i perspektivmeldinga, og i omtalen vert det understreka at det er landa i fellesskap som skal oppnå naturmåla, ikkje kvart enkelt land. Det går òg fram at stortingsmeldinga som skal skildre korleis Noreg skal bidra til dei globale måla, kjem seinare i haust.
Andre stader i meldinga vert det på generell basis synt til at Noreg skal redusere tap av natur, men der vert det heller ikkje konkretisert korleis. Der det vert peika på at omstillinga til eit lågutsleppssamfunn vil krevje tilstrekkeleg tilgang på fornybar kraft og areal, som vil kunne stå i konflikt med omsynet til natur og viktige naturverdiar, heiter det til dømes at «(p)rising av naturinngrep, reguleringer, bedre arealforvaltning og vern kan bidra til å balansere målkonflikter».
– Det er for overordna og for optimistisk, seier Hessen.
Strammare rammer
Vigdis Vandvik, professor i økologi ved Universitetet i Bergen, seier også at det trengst langt tydelegare signal frå regjeringa.
– Vi byggjer jo ned natur i stadig aukande tempo, og norske kommunane har vedteke planar som inneber nedbygging av mykje meir. Då er ikkje prising av naturinngrep nok. Vi treng klare og strammare rammer rundt arealforvaltinga i kommunane og betre og meir kunnskapsbaserte avgjerdsprosessar enn vi har i dag. Dette må stortingsmeldinga som kjem til hausten, vere mykje tydelegare på enn det vi ser spor av i perspektivmeldinga. Ei forventning om arealnøytralitet – altså at kommunane skal utvikle innanfor dei areala som alt er tekne i bruk – ville vore klargjerande, seier ho.
– Vi treng klare og strammare rammer rundt arealforvaltinga i kommunane.
Vigdis Vandvik, professor i økologi ved Universitetet i Bergen
Anne Sverdrup-Thygeson, som er biolog, forfattar og professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU, seier ho også hadde forventa meir av ei melding som skal trekkje opp dei store perspektiva for det norske samfunnet framover.
– Perspektivmeldinga inneheld ikkje eit fnugg av den gjennomgripande samfunnsendringa som naturavtalen seier vi treng. Den inneber at vi må skru om heile systemet og la natur og naturomsyn liggje til grunn for alle avgjerder, ikkje halde fram med å sjå på natur som ei særinteresse, slik perspektivmeldinga her gjer, seier Sverdrup-Thygeson.
Ho legg til at å ta vare på naturen i aller høgste grad har med økonomi å gjere.
– Når World Economic Forum listar opp dei største trugslane mot den globale økonomien dei neste ti åra, er fem av ti – inkludert dei fire øvste – trugslar på lista knytte til klima og naturøydeleggingar. FNs naturpanel har også rapportert at vi mistar 10 prosent av verdsøkonomien kvart år som følgje av forringa natur. Så samanhengen mellom økonomi og natur, og sivilisasjon og samfunn, er såleis både openberr og godt etablert internasjonalt. Om ikkje Noreg òg i større grad klarar å ta inn at naturen er grunnlaget for gode liv og trygge samfunn, trur eg ingenting på måla vi har sett oss, seier Sverdrup-Thygeson.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.