Ei strålande fortid
Atomkraft er ein kostbar måte å berge verda på.
Atomkraftverket Three Mile Island i USA er kjend for ulukka i 1979, da radioaktivt materiale lak ut frå anlegget. Kraftverket er planlagd stengd neste år, av økonomiske årsaker.
Foto: Matt Rourke/AP/NTB scanpix
Energi
peranders@dagogtid.no
Mange sterke røyster hevdar at verda må satse på kjernekraft for miljøet si skuld. Eit atomkraftverk har ikkje andre klimagassutslepp enn dei som kjem frå bygginga av anlegget pluss uranutvinninga, og er på nivå med vindkraft i klimarekneskapen. Klimapanelet til FN har tilrådd ei større satsing på atomkraft for å redusere utsleppa. Klimaforskaren og aktivisten James Hansen har kalla atomkraftutbygging den «einaste farbare vegen» for å bremse oppvarminga av verda. Om det blir bygd 115 nye reaktorar i året fram til 2050, kan vi få ei utsleppsfri straumforsyning i verda, skreiv Hansen i The Guardian i 2015.
Desse tankane er ikkje nye. Kring tusenårsskiftet dukka omgrepet «atomkraftrenessansen» opp i internasjonal presse. Mange trudde at uroa over klimaendringane skulle føre til ei storsatsing på atomkraft for å kunne fase ut kolkraftverka, den største kjelda til menneskeskapte klimagassutslepp. Men denne renessansen vart det lite av.
Dei siste 20 åra har atomkraft blitt ein stadig mindre viktig del av energiforsyninga i verda. I 1996 stod atomkraftverka for nesten 18 prosent av den samla elektrisitetsproduksjonen i verda, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA). I dag står kjernekrafta for litt under 11 prosent av straumen. Kva var det som skar seg for atomkrafttilhengjarane?
Fukushima-bomba
Ein openberr del av forklaringa er tsunamien som råka Fukushima-kraftverket i Japan i 2011, den største atomulukka sidan nedsmeltinga av Tsjernobyl-reaktoren i 1986. Ingen døydde i ulukka ved Fukushima-kraftverket, men kring 150.000 menneske vart evakuerte frå området på grunn av strålefare, og titusenar får ikkje flytte heim att, medan andre titusenar ikkje vil heim att sjølv om styresmaktene seier at strålingsfaren no er minimal.
Etter ulukka vart ikkje berre nesten alle atomkraftverka i Japan stengde ned. Også regjeringa i Tyskland valde å framskunde avviklinga av atomkraftverka i landet som ei direkte følgje av Fukushima, og i båe land skaut kolforbruket i vêret da atomkrafta fall bort. Og etter Fukushima vart dei fleste planar om nye kjernekraftverk rundt i verda lagde på is – eller lagde vekk.
Kol er verst
Fukushima og Tsjernobyl har gjeve atomkraft eit svært dårleg rykte. Men frykta er ikkje særleg godt grunngjeven om ein ser på rullebladet til denne teknologien. Ingen døydde av stråling under nedsmeltinga i Fukushima, medan 31 mista livet i Tsjernobyl-ulukka. Dei vitskaplege anslaga for ekstra dødsfall på lang sikt i Europa på grunn av nedfallet frå Tsjernobyl, er omstridde, og spenner frå 9000 til 60.000 menneskeliv.
Men sjølv om særleg Tsjernobyl fekk svært store og alvorlege følgjer, framstår likevel atomkrafta som ufarleg samanlikna med kolkrafta i det store perspektivet. I Kina døyr det årleg over ein million menneske på grunn av luftureining, ifølgje ein studie frå WHO, og kolkraftverka er hovudårsaka til ureininga. Også i Europa og USA tek kolkrafta truleg livet av titusenar av menneske kvart år.
Heller ikkje den tilsynelatande så trygge vasskrafta er harmlaus. Da tyfon og flaum øydela Banqiao-demninga i Henan-provinsen i Kina i 1975, skal over 150.000 menneske ha mista livet og 11 millionar blitt heimlause. Det er eit grotesk reknestykke, men likevel: Om ein nyttar tapte menneskeliv per kilowattime som målestokk, tek atomkrafta seg verkeleg bra ut. I tillegg kjem altså klimarekneskapen.
Pengesluk
Men det er slett ikkje berre frykt for ulukker som har halde att satsinga på atomkraft. Hovudgrunnen er heller ikkje faren for terroråtak eller frykt for at kjernefysisk materiale skal kome på avvegar, det er meir banalt enn som så: Kjernekraft er frykteleg dyrt.
I barndomen til atomkrafta trudde mange at dette skulle bli ei kjelde til ekstremt billeg straum. Atomkraft kjem snart til å bli «for billeg til å måle», hevda Lewis Strauss, leiar for atomenergikommisjonen i USA i 1954. Den spådomen var ein skivebom. Kjernekraft har aldri vore ei billeg energikjelde. Og etter kvart som tryggleikskrava har blitt strengare, har prisane for nye kraftverk verkeleg skote i vêret. Stadige utsetjingar og enorme kostnadsoverskridingar er normalen for dei nye kraftverka.
I Finland starta bygginga av Olkiluoto 3-reaktoren i 2005. Kraftverket skulle ha vore i drift frå 2010, no er planen at produksjonen skal ta til i 2019. Kostnadsoverslaget er på over 80 milliardar kroner, men det er ikkje oppdatert sidan 2012, og den samla kostnaden blir truleg mykje høgare.
Det planlagde britiske Hinkley-kraftverket ligg an til å bli eit mykje større pengesluk enn Olkiluoto. Hinkley skal bli det første nye atomkraftverket i Storbritannia sidan 1995, om det da blir bygd i det heile. Kraftverket har no ei kostnadsramme på nesten 220 milliardar kroner, og krafta som Hinkley-anlegget er tenkt å levere, blir truleg vesentleg dyrare enn straum frå nye britiske vindkraftanlegg.
Marknadskraft
Liberaliseringa av kraftmarknadene i verda er òg ei medverkande årsak til at det har blitt bygd få atomkraftverk dei siste tiåra. Så lenge kraftmarknaden og kraftprisane var regulerte av styresmaktene, var det mogleg å sikre at forbrukarane (og skattebetalarane) dekte inn utgiftene ved dei store investeringane. Mange statar såg på atomkraftverka som strategisk viktige satsingar, det handla om å sikre landet ei stabil og moderne straumforsyning, og utgiftene spela ei underordna rolle. Dei reelle kostnadene vart ofte haldne hemmelege.
Men i dag gjer den enorme kostnaden med å byggje slike anlegg, den lange nedbetalingstida og dei usikre utsiktene for kraftprisane kjernekraftverk til ei lite attraktiv investering for private kapitalinteresser. Og det er stor risiko i denne bransjen også for produsentane: I fjor enda det med konkurs for den amerikanske reaktorprodusenten Westinghouse, eit underbruk av japanske Toshiba. Siemens og fleire andre industrigigantar har trekt seg ut av kjernekraftbransjen dei siste åra.
Går med tap
Det er ikkje berre kostnaden ved å byggje nye anlegg som gjer atomkrafta mindre attraktiv enn før. Også mange eksisterande atomkraftverk er dårleg butikk. 34 av dei 61 kjernekraftverka i USA går med tap, skreiv Bloomberg i fjor, og tapa er til saman på 24 milliardar kroner i året. Fleire delstatar i USA gjev store beløp i årlege subsidiar til energiselskapa for å halde atomkraftverka gåande – New York åleine brukar fire milliardar kroner på slik støtte for å halde fire reaktorar i drift.
Hovudgrunnen til den dårlege lønsemda til atomkraftverka i USA er den rikelege tilgangen på billeg skifergass dei siste åra, som har fått straumprisane til å falle. Men også kostnaden med å setje opp nye vindturbinar og solceller har gått kraftig ned, medan prisen for nye atomkraftverk har skote i vêret. I mange delstatar i USA er straum frå sol og vind no billegare enn atomkraft.
Prisen for æva
Når det blir brukt så mykje skattepengar på å halde kraftverka gåande, er det ikkje berre for å sikre straumforsyninga. Det er òg frykteleg dyrt å stengje dei. I teorien skulle kostnaden med nedstenging av anlegga og lagring av det radioaktive avfallet vere innbakt i prisen for straumen frå kraftverka. Men i praksis er det ikkje lett å lage eit budsjett for handteringa av stoff som kjem til å vere farlege i hundretusenår, og krava til sikring av dette avfallet har blitt heva mykje sidan barndomen til atomkrafta på 1950-talet.
Ein god illustrasjon av omfanget av problemet er diskusjonen om avfallet frå dei norske forsøksreaktorane i Halden og på Kjeller. Kostnaden med å handtere og lagre brukt brensel frå desse to små reaktorane – skarve 70 tonn – vart i 2016 anslegen til å vere nesten 13 milliardar kroner. Problema til dei store atomnasjonane er umåteleg mykje større, og alle land med atomkraftverk strevar med å finne gode løysingar for lagringa. Vi menneske er ikkje vande med å planleggje i tidsperspektiv der ein bør ta omsyn til både dei platetektoniske rørslene i jordskorpa og komande istider.
Annleislandet
Kina er det store unnataket frå trenden når det gjeld atomkraft. På under 20 år har landet gått frå tre atomkraftverk til 38, og 18 nye anlegg er undervegs. Innan 2030 kan Kina passere USA og bli den største produsenten av straum frå atomkraftverk i verda. Medan straumforbruket i vestlege land har flata ut, veks forbruket i Kina framleis raskt og mykje. Styresmaktene vil få ned den kvelande luftureininga frå kolkraftverka, og landet treng stabil, ny energiproduksjon i tillegg til satsinga si på vind og sol. Kina har ikkje nok gass i grunnen til å dekkje eige forbruk, og importert gass er dyrt. Og styresmaktene har framleis full kontroll over kraftmarknaden, difor er finansieringa av atomkraftverka lettare å få til enn i Vesten. Rimelegare arbeidskraft - og truleg lågare krav til tryggleik - gjer òg atomkraftverka billegare å byggje i Kina enn i vestlege land. Og eventuell kjernekraftskepsis i opinionen er ikkje eit stort problem i det autoritære Kina.
For kinesarane er atomkraft òg ei strategisk satsing. Sivil atomkraft og atomvåpenutvikling går hand i hand, og når Kina blir verdsleiande i produksjon av atomteknologi, kan reaktorar òg bli ei eksportvare. Det statlege kinesiske selskapet CGN er mellom anna tungt involvert i det planlagde Hinkley-kraftverket i Storbritannia.
Sol ved Tsjernobyl
Medan somme miljøengasjerte ser på atomkraft som framtida, meiner andre at ho er ein døyande dinosaur. Dei siste kan gle seg over symbolikken i at det nyleg vart installert 4000 solcellepanel i forbodssona ved den 20 milliardar kroner dyre sarkofagen til Tsjernobyl-kraftverket i Ukraina. Og dei mest optimistiske tilhengjarane av fornybar energi har ein del å vise til: I 2017 vart det installert nye solenergianlegg med ein samla effekt større enn alle nye kolkraftverk, gasskraftverk og atomkraftverk i verda til saman. Men det er skilnad på effekt og produksjon: Når sola ikkje skin, har solcellene liten effekt. Og sjølv om det har blitt satsa mykje på sol- og vindkraft dei siste åra, utgjer desse energikjeldene framleis under fem prosent av straumproduksjonen i verda. Så lenge vi ikkje har gode måtar å lagre straum i store mengder på, trengst det stabile former for kraftproduksjon.
No når trugsmålet frå klimaendringane heng over oss, finst det absolutt gode argument for å satse på atomkraft. Men prisen er ikkje eitt av dei.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Enorme kostnadsoverskridingar er normalen for dei nye kraftverka.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.