JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

I den berekraftige arven etter Gro H B er det staute damer som pregar norsk samfunnsliv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KrF-leiar Knut Arild Hareide er i skvis mellom staute kvinner.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

5124
20170922
5124
20170922

hompland@online.no

Byråsjefen insisterer på at politikk dreier seg om ideologiar og verdiar, partiprogram, saker og politiske rekneskap, og at alt anna er av det vonde. Media og marknadsføring er forstyrrande uroelement som trugar den gode og saklege prosessen som gjer at folk kan ta informerte og ansvarlege val av kven som eignar seg best til å styra landet.

Byråsjefen har gode poeng, men tar også frykteleg feil, for politikk er ikkje logikk og aritmetikk. Personar spelar ei sentral rolle, og særleg partileiarane. Ikkje at dei må beundrast nasegrust og vera stjerner i eitt og alt, men dei må kjennast att av veljarane sine, og veljarane må kunna kjenna seg att i dei og identifisera seg med dei og sakene dei messar mest om. Partileiarar må inkarnera og ikjøta partia sine for å skapa tillit, oppslutnad og tidvis glød og eldhug.

PARTIA HAR KORPS av øyrekviskrarar. Somme av dei har meir peiling på marknadsføring enn på politikk, og då går det gale når dei ikkje forstår at råstoffet er menneske av kjøt og blod, med interesser og utstråling. Dei er ikkje blanke ark som ein kan bruka fargestiftar på og gjera til noko anna i morgon.

Øyrekviskrarane til Høgre øydela i si tid den rufsete og sympatiske statsministerkandidaten Rolf Presthus i ein freistnad på rask og ekstrem oppussing. Dei har gjort ein meir langvarig og grundig jobb med Erna Solberg i det VG-kommentatoren Frithjof Jacobsen, tidlegare vokalist i rockebandet Gluecifer, kalla «Prosjekt statsminister». Ikkje berre gjorde dei henne mindre ufiks i det ytre, men dei endra også det indre biletet av Høgre til å vera mindre økonomifiksert enn i den yngre Willochs tid. Mennesker, ikke milliarder var tittelen på boka den nye Erna skreiv i samarbeid med den seinare gravejournalisten Odd Isungset. Der er inntrykket ein godsleg og empatisk frontfigur som speglar av eit breitt og folkeleg parti med homofile nestleiarar.

ØYREKVISKRARANE i Arbeidarpartiet har vore meir bakpå. Dei klarte ikkje å omskapa den rikt utrusta Jonas Gahr Støre i biletet til Partiet og kjerneveljarane – verken med Håkon Lie-skjorte eller i dress og slips og stivt smil. Han er I bevegelse, men kan aldri bli ein innfødd i rørsla. Byråsjefen som trur Støre ville ha vore ein betre statsminister enn statsministerkandidat, meiner han var endå dårlegare som statsministerplakat.

Lenge var Støre «tåkefyrsten» frå interne seminar som sakleg og analytisk stod fast på at samansette saker ikkje kallar på enkle svar. Då han la om og blei frekk, fekk han kjeft for å avbryta og vera betrevitande. Så kom dritpakkar om svart brygge, uetiske fond og lugubre byggeprosjekt. Sjølv om han sa på innpust og utpust at «vi som har mye, må betale litt mer formueskatt», fekk han sanna Rimi-Hagens ord om at det er vanskeleg å vera rik i Noreg, og for ein sosialdemokratisk partileiar er det ein akilleshæl. Og etter valet kom Steinrik Hagen med eit slags dødskyss: «Jonas har vært lojal og snill mot meg, da er jeg snill mot ham.»

EIN ANNAN SOM IKKJE ikjøtar partiet sitt fullt ut, er Knut Arild Hareide. Han er frå Bømlo i KrFs tryggaste bakland, og han er patent nok i trua og barnefamilieverdiane, men han er for mykje av ein urban-liberal kvikkas. Dei har tradisjon for slike vurderingar i KrF: Bergfrid Fjose sa om Kåre Kristiansen at han ikkje kunne noko for at han såg ut som ein høgremann. Som ikjøtar av partiet ville nestleiar Olaug Bollestad rigga godt som den einvise og trygge favoritt-tanta. Ho ville også passa betre inn enn den beklemte Hareide mellom dei staute damene som pregar partia på høgresida.

Den grøne og politisk fargeblinde Trine Skei Grande ikjøtar det svinnande grunnfjellet av lærarinne- og smågründar-Venstre. Siv Jensen har rette haldningar, men feil kjønn for Framstegspartiets gamle kjerneveljarar. Dei kjenner seg mest i slekt med Per Sandberg, mens dei nye liker Solvik Olsen.

I partia til venstre er det ingen avstand mellom partiprofil og leiarfigurar: Den smilande vegetarianaren Aina Une Bastholm i MDG, den debattsterke sirkusartisten Audun Lysbakken i SV og den tidlegare m-l-ungen Bjørnar Moxnes går i eitt med partia sine, og veljarane kan kjenna seg att i tekstilane, tankane og talen deira. Trygve Slagsvold Vedum osar bonde og distrikt.

ARBEIDARPARTIET har eit imageproblem, både politisk og på toppen. Den tidlegare påleggskalven og pølseetaren Bjarne Håkon melde overang til fyrstehuset First House, den brune Hadia Tajik er muslim og snakkar rogalending, medan luringen Trond Giske alltid er Trond Giske.

I Sverige henta sossarna ein leiar frå fagrørsla, men det er det få å ta av i Noreg: Det kjem ikkje politiske leiartypar derifrå nå til dags. Så spørs det om Støre vil vera like tolmodig som Solberg, og om Partiet vil vera like tolmodig og omsorgsfullt med han. Han blei jo forma politisk av dokter Harlem Brundtland, som var gift med ein høgremann, men fødd inn i rørsla.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det kjem ikkje politiske leiartypar frå fagrørsla nå til dags.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis