JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det er eit signa, dyrt og velstelt fedreland. Som det kan seg søma med jamt spreidd velstand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit småbruk med hesjer og eit våningshus under oppussing.

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix

4789
20170825
4789
20170825

hompland@online.no

Då Aasmund Olavsson Vinje lyfta på hatten og la ut på ferda si sumaren 1860, var det med denne helsinga:

Far vel Hovudstaden:

i deg var det best:

der fann eg dei Beste,

der lærde eg mest.

Spaltisten fekk ein gong Vinjeprisen fordi han skeiv ustandardisert nynorsk og var hardt ramma av tvisyn. Derfor var det berre rett og rimeleg at eg tok med Vinje som reisefølgje i sommar. Som sosiolog hadde eg også fagets gudfar, 200-årsjubilanten Eilert Sundt, med i bakhovudet. Han er empirisk grundig og velskrivande, men av og til så detaljert at dei innsiktsfulle observasjonane av «sædelighetstilstanden» forsvinn mellom alle tabellane.

Eg tok mange avstikkarar og krokvegar utanom allfarveg, og hamna på stader der ingen skulle tru at noko kunne bu, men det gjorde dei. Eg var ikkje i Foldalen, men på Grip utanfor Kristiansund og i Fure på Stadlandet. Eg smakte ikkje grauten på Grut, men osten på Tingvoll. Eg møtte syngande småjenter ved Stiklestad, men verken huldra som lokka eller drosi som frelste meg.

Då Vinje fór langs Glauma og derikring, støytte han på den fargerike og mangfaldige Mina – «ei Byjomfru, men i Vitjing her paa Landet». Som ung, fager og fattig jente blei ho til spott og lått for alle, også si eiga slekt, då ho braut ut av eit fornuftsekteskap med den rike Mikkel som synte seg å vera ein keisam trestokk som ikkje hadde sans for masurka og aldri hadde tatt ei bok i hand. Vinje gledde seg i møtet med Mina, og sa til seg sjølv: «Det er godt at me innimellom råkar på slike folk, for elles vilde livet liggja framfyre oss som ei stor lang pylse.» 

Dølen var ein svoren framstegsmann. Han var oppglødd av å reisa med jarnvegen til Eidsvoll og «høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn». Han siterte Profeten: «Der er ei Livsens Aand i Hjulom.»

Oppvaksen som eg er mellom to jernbanetunellar på Sørlandsbanen, veit eg noko om jernbane som samfunnsformar. For min eigen wannabestasjonsby var det ei kort blømingstid, før det tok til å likna på ein ghost town då bilsalet blei fritt og vegane betre. Nå stoppar andre tog enn sommartoget til NRK «ved behov», og det er ikkje så ofte.

Det er litt som dei stusselege bryggene der fjordbåtane la til før. Eller dei triste husa ved landsvegen som står til nedfalls fordi gjennomfartsvegen har ete seg heilt inn til trappa.

Det var annleis då jernbanen kom til dei traktene Vinje ferdast i. Då stasjonen hamna på austsida av Glomma, flytta sentrum i Tynset etter, slik at kyrkja og nokre overdimensjonerte hus blei liggande att på Neby vest for elva. Derfor er det så viktig kvar dei nye InterCity-stasjonane skal byggast i austlandsbyane.

Det grodde så grønt i lier, heiter det i Elias Blix’ fedrelandssalme frå 1891, og det gjer det endå meir nå. Liene gror til med krattskog som snart kjem til å dekka såra etter nye småkraftverk. Det er ikkje lenger så stas med Bjørnstjerne Bjørnsons oppmoding om å kle fjellet, så granplaga er på retur der grana er ein framand inntrengar.

Vegane går mange stader gjennom grøne tunellar, slik at ein ikkje får eit gløtt av elv og vatn. Andre stader brøyter brutale firefeltsvegar seg fram og snauar alt på sin veg. Men elles gjer Statens vegvesen, som vel snart endrar namn til Veg1, ein formidabel innsats. Dei slår vegkantane, har droppa lupinane og satsar på kløver, både raud og kvit. Det er velstelt langs nasjonale turistvegar og vakre, lokale vegar. Det blømer også som hagar rundt velstelte, men ikkje prangande hus og hytter og gamle husmannsstover.

MED EIT FLIR høyrde Vertinna meg snakka varmt om det ulagelege, men vakre og velstelte landet som blir halde i hevd av bønder som dyrkar jorda. Ho meiner eg lar meg forblinda av kulissar og ei hesje her og der. Ho meiner at jo meir effektivt norsk landbruk er, jo meir einsformig og styggare er det, og jo vondare luktar det. Dei mest velhaldne husa, uthusa og tuna er dei som ikkje er i aktiv drift, men som leigar ut slåttemarkene til stordrivarar som spreier rundt seg med rosa traktoregg. Vakrast stelt er det der barn og barnebarn har transformert gamlestovene til fritidshus, gjerda inn nokre mål og skaffa seg hagerobot som slåttekar.

SOM VINJE kom eg tilbake til hovudstaden og innser at han hadde rett: «Du er liksom Tanken, du elder din Mann». I sjølvforsvar grip eg til poeten og psykologen Erling Indreeides tekstar om det forgjorde, og sluttar meg til moralen: Mistru den som ikkje er nostalgisk.

Litt nostalgisk, i alle fall. Ein må ha noko å halda fast i og samanlikna med når det fløymer over av omformande framsteg.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Du skal mistru den som ikkje er litt nostalgisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis