Fiktivt
Eit tenkt intervju med Therese Johaug
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Therese Johaug
– Kva med gleda, då, Therese?
– Gleda?
– Du klarar kanskje ikkje tenkje så mykje på gleda no?
– Eg skal vere glad når den her saka er ute av verda, seier ho.
– Ja, seier eg.
– Og glad når verda er ferdig med den her saka.
– Ja.
– Noko anna? Noko litt meir her og no? Ei hakke, til dømes?
– Sa du «ei hakke»? spør Therese.
– Eg sa «ei hakke», ja. Og det ligg ikkje noko vondt i det. Tvert imot. Kjenner du til ein stad som heiter Gjerdsvika?
– Gjerdsvika? Therese ristar på hovudet.
– Gjerdsvika er kan hende den mest vindharde bygda i Noreg. Folk som bur der, ber gjerne med seg hakke utandørs, når vinden er som hardast. For ikkje å blåsa bort. Og vinden står jo ganske hardt no, gjer han ikkje?
Therese nikkar: – Jo. Eg kunne trenge ein liten opptur.
– Og kva er ein liten opptur?
– Litt sein vinter. Litt snø. Stille skog. Kaldt og klart. Eit skispor.
– Høyres fint ut, seier eg.
– Ja, seier ho.
– Buddhaen skal ha sagt ein gong at dikt skal leie deg til fred, men kan hende er eit skispor betre eigna? Eit som går inn i æva.
– Du går ikkje på ski?
– Ikkje sidan ungdomsskulen. Eg blei kald og våt og sjuk, og det var det. Men her snakkar vi om eitt lag med klede og ujamne stavar.
– Kva med vottar? Langundertøy?
Eg ristar på hovudet. – Men du, seier eg. – Eg veit jo ingenting om å vere best i verda. Og ingenting om å ville vere det. Og enda mindre om å tru at eg kan bli det. Eg står opp til det same. Kvar dag.
– Gjer ikkje alle det? seier Therese.
– Nokon meir enn andre, svarar eg. – Eg bur i fjerde etasje, og blir fort kortpusta om eg må opp og ned nokre gonger.
– Kvifor må du opp og ned fleire gonger?
– Mange grunnar. Gløymt nøklane. Sjekke om eg har låst. Osb.
– Du er eit litt nevrotisk menneske?
– Er ikkje alle?
– Nokre meir enn andre, seier Therese.
Eg må sjå ned.
– Men eg er svært glad i sport, altså, men berre på skjermen og berre når vi vinn, som Jokke syng.
– Er det i «Her kommer vinteren»? Eg likar den, seier Therese.
– Eg kan tenkje meg at du, om du var ein av karakterane i Game of Thrones, var ho eine som fryda seg over at vinteren var på veg.
– Heilt klart, seier Therese.
– Kan òg tenkje meg at du ville flydd frå kvitvandrarane på ski.
– Trur eg òg, men det hadde kome an på terreng og smurning.
– Ja? Kva smurning trur du gjer seg best på den andre sida av muren?
– Veit ikkje, seier ho. – Men vi finn vel ut av det ein dag.
– Ja, seier eg.
Vi ser ut vindauget. Himmelen er blå, med ei sky her og der. Bakken er grå, med ei stakkars sjel her og der.
– Kan jo hende, litt fram i tid, at heile den her prosessen blei eit bryne for deg, eit som skjerpa deg for alt som skal kome sidan.
– Tenkjer du sånn om verda?
– Ikkje eigenleg, svarar eg.
– Ikkje eg heller, seier Therese.
– Nei, seier eg.
– Men inst i hjartet er det jo det her eg brenn for, held ho fram.
– Eg vil tilbake. Eg vil det.
– Winter is here, seier eg.
– Alltid, seier Therese.
Nils-Øivind Haagensen
Nils-Øivind Haagensen er
forfattar og forleggar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.