Om skilsmål og makrell
Fiskeri
peranders@dagogtid.no
Dag og Tid bad fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) om nokre kommentarar til denne saka, men fekk ikkje svar før vi gjekk i trykken. Men på tysdag gav statsråden nokre kommentarar til fiskekvotestridane på eit seminar ved Norsk utanrikspolitisk institutt.
Ingebrigtsen forklarte usemja med EU om torsken ved Svalbard som ei følgje av brexit, og trekte parallellar til privatlivet.
– Når det er eit skilsmål, kjem det alltid nokre overgangsproblem. Eg har blitt skild sjølv, så eg snakkar av erfaring. Men det går seg til over tid, sa fiskeriministeren.
Noreg har opptredd «ekstremt pragmatisk og løysingsorientert» overfor EU, meinte Ingebrigtsen. Han avviste kritikken frå professor Trond Bjørndal for manglande konsultasjonar med EU undervegs i denne saka, og meinte det var EU som hadde ansvaret for konflikten.
– Det er ikkje akseptabelt at andre land skal fastsetje sine eigne kvotar i norsk farvatn, sa Ingebrigtsen.
Han tok òg opp spørsmålet om kollapsen i kvoteregimet for makrell, og det einsidige vedtaket om å gje norske fiskarar ein kvoteauke på 55 prosent frå i fjor.
– Det er beklageleg at vi måtte gå til dette steget. Det er mogleg at vi kjem til å overfiske makrellen ei tid framover, men dette kan bidra til å presse fram ei løysing, sa Ingebrigtsen.