JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frank Aarebrot var studentglad og rotete, innfallsrik og perspektivfylt, usnobbete og nyfiken. Det er ikkje sant at dei fann ein sykkel under  papirhaugane då dei rydda kontoret hans.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

4358
20170915
4358
20170915

Ein folkedanningsmann par excellence er død. Eg trefte Frank Aarebrot i september 1969 på Yale. Han kom som professor Stein Rokkans assistent, eg kom som Fulbright-stipendiat på statsvitskap. Det skulle bli eit gneistrande år med lange vakenetter på datasenteret (eg skjøna fort at holkortkøyringar ikkje skulle bli forskingsvegen min) og omfangsrike lunsjar med internasjonale vener på Saybrook College. Nixon hadde nett vunne valet. Det var mykje å forstå.

Vi heldt saman, vi utlendingar, med berre nokre få token Americans. Frank og eg sjarmerte kvinnene ved kassa i colleget slik at dei sleppte oss inn gratis eit heilt år med blink i auget. Eg er den einaste som tvinga Frank til å symja. Eg var alt i 1969 redd for helsa hans. Men han vart så våt, klaga han.

FRANK OG ARISTOTELES

At eg trefte Stein Rokkan og Frank der, endra livet mitt. Eg skjøna at samanliknande perspektiv på statar, nasjonar og folkerørsler gav varig innsikt ut over augneblinken og utgjorde ein systematisk disiplin med røter attende til Aristoteles' Politikken. Der las vi om samanhengen mellom styreformer – oligarki, aristokrati og demokrati – og klassetilhøve. Vi fylgde førelesningane med Rokkan og Juan Linz, der Linz tok oss med til valmønstra i Weimarrepublikken gate for gate (!), og Rokkan kasta seg ut i vedunderlege makrohistoriske oversyn som lyfte blikket. Frank og eg sat på orkesterplass til Max Webers etterfylgjarar. Hui, kor det gjekk!

Frank sa det rett ein gong: Vi var svineheldige som fekk studere med slike folk.

BAKTERIELL YRKESSKADE

Som Rokkan-elev og førelesar tok Frank nett opp desse perspektiva. Kull på kull av studentar i samanliknande politikk og historie fekk ei innføring i europeisk politikk som nok har forma mange.

Frank sa at han er den einaste statsvitaren med ein yrkesskade. Under valobservasjon i Bulgaria fekk han ein bakterie som ikkje gav seg. Det kosta han foten og fekk han til å verke som ein godsleg Kaptein Krok utan sverd.

LASAGNE OG AMERIKANSK POLITIKK

Frank etterlèt seg eit hav av anekdotar, både folkeleg og akademisk krevjande som han var. Høgdepunktet i 1970 var nok ekspedisjonen vår til Washington DC. Der trefte vi høgsterettsdomar William O. Douglas som nett hadde gjeve ut ei bok kor han tok til orde for opprør (!).

Midt i all ståheien møtte vi også senator J. William Fulbright som stutt tid etter skulle miste senatplassen fordi han ikkje pleidde heimepublikummet sitt i Arkansas godt nok. Vi møtte også kongressmann C.W. Hays som meinte den fremste plikta hans var å svare på førespurnader frå husmødrer i valdistriktet hans i Ohio om oppskrifter på lasagne. Han fall seinare etter å ha blitt teken i lyst med prostituerte. Akk ja, sic transit.

Frank var ikkje til å halda styr på med alle spørsmål og innspel. Etter å ha blitt trakassert for femtande gong av tiggarar på gata braut han ut oppgitt: «Eg kan ikkje sjølv erstatta skorten på eit sosialdemokratisk velferdssystem i dette landet!»

KUNNSKAP ER GØY

Frank og eg var som statsvitskapens Knoll og Tott fleire gonger i Studentsamfunnet i Bergen. Vi hadde ein avtale no i november om frukost. Frank gjorde samfunnsfag til ei fantasieggjande verksemd med store tidsspenn der Noreg vart sett på i europeisk overljos.

Gløym ikkje at han var nederlandsk gift med sin Marian og tala språket flytande. Han hadde ein kombinatorisk intelligens og var rask som toget med å henta fram kunnskap frå alle krokar. Han elska dei finurlege brokkane. Ved sida av val, han kunne med Rokkan seia at eg er interessert i val fordi der kjem ein på hald av dei store samanhengane i samfunnet, var det partisystem som opptok han. Han skreiv om partia i det demokratiske Aust-Europa ut frå Rokkans partisosiologi og fylte på sett og vis ut verket til læremeisteren. Rokkan var mest oppteken av dei opne systema der partia kunne konkurrere med programpakkane sine.

Om Frank skulle døy, så var det stilriktig at det skulle skje no, berre dagar før eit val. Han hadde avlagt førehandsstemme frå sjukesenga.

Eg er viss på at han og Rokkan vil ha mange gode seminar i himmelen – om Rokkan slepp til.

Bernt Hagtvet

PS Dei som vil møte Frank som forskar kan lesa det fine kapitlet hans i Mitchell/Berg-Schlosser (red.) Conditions of Democracy in Europe 1919­–39 (Macmillan, 2000): «Netherlands: Early Compromise and Democratic Stability», ss. 321–335.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis