JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Korfor står tyrkiske styrkar framleis i Syria?

Krig og terror har i fleire år rive sund staten Syria. Og det er fleire krigar, dels innblanda i kvarandre. Éin av dei blir knapt nemnd i norske medium.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før skolestart i 2009 sende Utdanningsdirektoratet i Istanbul ut ein CD-rom med dette kartet til bruk i grunnskolen. Kypros, delar av Syria, Irak, Bulgaria, Georgia og Armenia er fargelagde som delar av Tyrkia, i samsvar med Den nasjonale pakta frå 1920. Da saka vart offentleg kjend, sa sjefen for utdanningsdirektoratet at det var ein glipp. Han sa at kartet ikkje skulle brukast i undervisninga.

7016
20170825
7016
20170825

Kommentar

erfolk@online.no

President Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia sende for eit år sidan den nest største NATO-hæren over grensa. Amerikanske fly var med. Dei heldt det syriske flyvåpenet på avstand. Den lovlege regjeringa i Syria hevda at Tyrkia braut folkeretten. Tryggingsrådet gjorde ingenting.

Ein fredeleg invasjon

Byen Jarablus, som Daesh hadde styrt i to år, var det første krigsmålet. På invasjonsdagen sende Anadolu, det statseigde pressebyrået i Tyrkia, ut meldingar frå time til time:

Kl. 18.20: Dei tyrkiske styrkane står i utkanten av byen og rykker no fram mot sentrum.

Kl. 19.00: Tyrkisk kontroll over halve byen.

Kl. 19.50: Heile byen er under tyrkisk kontroll.

Det var ingen tyrkiske tap. Dagen før hadde Daesh flytta ein stor del av eigne styrkar vekk frå Jarablus-området. Verda har aldri sett ein kortare, fredelegare og meir sigerrik krig mot Daesh.

Professor David L. Phillips ved Columbia University var utanriksrådgivar for tre amerikanske presidentar før Donald Trump. Han var ikkje i tvil: Ankara laga ein avtale med Den islamske staten før dei invaderte. IS skifta heilt enkelt til FSA-uniformer i staden for å yte motstand. Jarablus vart «frigjort» frå IS så å seie utan eit einaste skot.

FSA er Den frie syriske hæren. Dei har mottatt pengar og våpen mellom anna frå Saudi-Arabia, USA og Tyrkia. Desertørar frå regjeringshæren oppretta FSA i 2011. Sidan den gongen har mange væpna grupper gått inn og ut av FSA. Ein stor del av invasjonsstyrken var i røynda leigesoldatar for Tyrkia. Frå ulike grupper, men i FSA-uniform, med våpen og stridsvogner frå Tyrkia, og amerikansk flystøtte.

Allianse?

Rudaw, ei kurdisk avis i Irak, intervjua i februar 2013 leiaren i ei av dei mindre jihadistgruppene i Nord-Syria. «Tyrkia hjelper oss militært, moralsk og humanitært», sa han. Gruppa hans, FSA og nokre til slost frå gate til gate i grensebyen Sere Khaniye.

Eg var der ein månad etterpå. Det var våpenkvile. Dei fleste soldatane hadde trekt seg tilbake til Tyrkia. Ei gruppe FSA-soldatar heldt vakt ved grenseposten. Dei viste oss eit øydelagt pansra køyretøy. Dei som var på tilbaketog, hadde ikkje fått det med seg over grensa. For å seie det enkelt: Dei små jihadistgruppene som Tyrkia støtta, klarte ikkje å knuse det nye kurdiske sjølvstyret. Daesh som var sterkare militært og ideologisk, stod nær president Erdogan, og vart ein alliert.

I oktober 2014 opplevde eg tyrkisk samspel med Daesh på utriveleg nært hald. Vi var utafor Kobané. Daesh-offensiven var inne i den tredje veka. Vi stod på den tyrkiske sida av grensegjerdet. Nær nok til å sjå framrykkinga frå time til time. Tanks og bakkestyrkar nærma seg sentrum.

Vi fekk husly hos ein småbrukarfamilie. To kraftige eksplosjonar vekte oss i halv tre-tida. Jordgolvet rista slik at eg var sikker på at huset ville ramle ned over oss. To rakettar frå syrisk side av grensa hadde treft nabohuset. Heldigvis sov ingen der denne natta. Rakettane kan berre ha kome frå det Daesh-kontrollerte området.

Husverten og naboane fortalde at dette ikkje var uvanleg. Daesh sende ofte tungt skyts mot landsbyar på tyrkisk side. Naboane gjentok spørsmålet dei aldri fekk svar på: Korfor protesterer Tyrkia aldri på dei grensekryssande åtaka på tyrkiske statsborgarar?

Augevitne hadde sett både våpentransportar og væpna menn passere grensa til «Daesh-land». Dei var forundra over at vi europearar ikkje visste det. I landsbyane langs grensa, var det ein del av kvardagen.

Ein av våpentransportane vart seinare mediekjend. Ein politistasjon nær grensa fekk 19. januar 2014 eit anonymt tips: Våpensmuglarar er på veg mot Syria. Politiet rykte ut. Dei stansa to trailerar fullasta med våpen. Trailerane viste seg å tilhøyre MIT, den militære tryggingstenesta.

Cumhuriyet, den eldste dagsavisa i Tyrkia, publiserte seinare foto og videoopptak. Folk fekk sjå våpenlasta og konfrontasjonen mellom det lokale politiet og væpna menn frå MIT. Sjefredaktøren i Cumhuriyet vart dømt til fengsel i fem år og ti månader for forræderi.

– Såg andre vegen

Professor Anne Speckhard har vori Pentagon-rådgivar. Ho og ein tidlegare avdelingssjef i tyrkisk antiterrorpoliti har intervjua 13 avhopparar frå Daesh. Alle levde på hemmeleg adresse i Tyrkia. Dei to skriv mellom anna: Ein tidlegare emir fortalde oss at ISIS (Daesh) hadde vore i stand til å bygge tusenvis av propantankbomber ved hjelp av forsyningar som dei henta inn gjennom Tyrkia.

Dei nemner òg at Erdogan-regjeringa alltid såg den andre vegen når tusentals støttespelarar for Daesh brukte Istanbul flyplass og den porøse tyrkiske grensa for å slutte seg til Daesh i Syria.

Professor Phillips, den tidlegare presidentrådgivaren, er skarpare:

– Sjølv om styresmaktene nektar, finst det eit fjell av bevis for at Tyrkia sørgde for våpen, pengar og logistisk støtte til islamistane i Syria frå og med 2014.

Kva vil Erdogan?

I dag er det ikkje interessant å spørje korvidt Tyrkia har samarbeidd med Daesh. Eller korvidt Tyrkia okkuperer ein del av Syria. Spørsmålet er: Kva er drivkrafta bakom? Korfor står ein tyrkisk okkupasjonsstyrke framleis i Nord-Syria?

Dei siste åra har president Erdogan ofte snakka om at Tyrkia har ein historisk rett til den nordlege delen av Irak. Dette var Mosul-provinsen i Det osmanske riket. Tyrkia har den same historiske retten til den nordlege delen av Syria. Tyrkiske TV-stasjonar viser Tyrkia-kart med grensene frå Den nasjonale pakta som parlamentet vedtok i 1920.

General Mustafa Kemal, med tilnamnet Atatürk, utforma denne pakta som var grunnlaget for sjølvstendekrigen. Men etter krigen var han ikkje sterk nok. Atatürk grunnla den nye staten. Så bøygde han av for England og Frankrike og godtok eit mindre Tyrkia.

President Erdogan vil no vise at han er sterkare enn Atatürk. Han liknar på USA-president Trump som skal «gjere Amerika stort igjen.» Det sjølvstyrte kurdiske området i Syria, som heller ikkje Daesh klarte å erobre, ligg framleis midt i vegen for tyrkisk ekspansjon.

Atatürk bygde ein sekulær stat. Erdogan, som er islamist, forsikrar no at Tyrkia korkje vil forråde dei turkmenske eller dei sunni-arabiske brørne sine i Mosul-området. Ein religiøs brorskap blir eit ekstra argument for å utvide Tyrkia.

Erdogan har gått seg fast i ei hengemyr, seier professor Phillips: «Syria blir Erdogan’s Waterloo.» Kurdiske leiarar brukar liknande ord. Dei kan få rett, og dei kan ta feil. Erdogan vil overgå Atatürk og legge under seg mest muleg av Nord-Syria og Nord-Irak. Foreløpig brukar han berre litt av militærmakta han rår over. Så langt har korkje Erna Solberg eller andre NATO-allierte sett foten ned.

Erdogan kan bli den første statssjefen i Nato som flytter eigne grenser med krig.

Erling Folkvord er tidlegare politikar i Raud og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Korfor står ein tyrkisk okkupasjonsstyrke framleis i Nord-Syria?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis