Ettersøkt, men på offensiven
I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.
I starten av krigen sa Benjamin Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Bakgrunn
Den internasjonale straffedomstolen ICC utferda den 21. november ein arrestordre mot Benjamin Netanyahu, Yoan Gallant og ein Hamas-leiar.
Noreg og alle EU-land er tilslutta domstolen, i motsetnad til Israel og USA. Palestina er ikkje fullverdig medlem av FN, men har akseptert Roma-statuttane til ICC, og har dermed krav på vern.
ICCs sjefaktor Karim Kham meiner det er rimeleg grunn til å mistenke Israel for ei rekke alvorlege krigsbrotsverk.

Kommentar
Det er fjorten månader sidan krigen i Gaza starta. Eit nøkkelord for heile krigen er asymmetri. Med ekstrem militær overmakt har Israel øydelagt og gjenokkupert Gaza. To millionar menneske er blitt drivne rundt mens dei stadig har vore under militære angrep. Heile leiarskapen til Hamas og Hizbollah er utsletta. Denne krigen har Israel utan tvil vunne overlegent. Israels fiendar hadde aldri noko å stille opp med.
Men moderne krig handlar ikkje berre om å vinne på slagmarka. Det blir òg kriga om korleis krigen skal tolkast av omverda, om folks «hjarte og sinn», om forteljinga. Denne krigen kan i det lange løpet vere vel så viktig som den militære, noko Israel er klar over. Og om Israel har vist seg i stand til å knuse all militær motstand, har informasjonskrigen vore ganske katastrofal. Store delar av verda trur ikkje lenger at flodbølga av massedrap på palestinske sivile var nødvendig, formålstenleg eller i tråd med krigens lover og reglar.
Nederlag
Sist veke gjekk Israel på eit stort nederlag da statsminister Benjamin Netanyahu og den avgåtte forsvarsministeren Yoav Gallant (saman med Mohammed Deif frå Hamas, som Israel seier dei drap i juli) blei ettersøkte av Den internasjonale straffedomstolen (ICC).
Israel hevdar at arrestordren er ein absurditet som botnar i domstolens antisemittisme, og at ICC er ein nyttig idiot for Hamas. Dei oppmodar alle sine allierte om å strupe den økonomiske og politiske støtta til ICC. Men avgjerda til ICC er tatt etter lange og utførlege vurderingar av leiande ekspertar på folkerett og handlar om konkrete strategiar og handlingar Israel har stått bak gjennom dei siste fjorten månadene.
«ICJs gransking av Israel for folkemord, er i realiteten det einaste som bryt dette mønsteret.»
Lobbyisme og mafiametodar
Israel har i fleire år gjort sitt ytste for å hindre etterforskinga til ICC. Dei har drive med alt frå ordinær juridisk lobbyisme til det som minner om reine mafiametodar direkte retta mot den øvste leiinga i domstolen (sjå «Da Mossad drog til Haag», Dag og Tid 28. juni 2024). USA har fleire gonger fungert som Israels torpedo.
Til liks med USA, Russland og Kina er Israel ikkje blant dei 125 medlemslanda i ICC. Dermed meiner Israel at ICC ikkje har nokon jurisdiksjon over israelske borgarar. Det er no slått fast fleire gonger at denne logikken ikkje er gyldig. Ikkje-medlemsland som utfører krigsbrotsverk mot land som er medlemmer, kan etterforskast og dømmast.
Palestina har status som FN-medlem, og sjølv om det ikkje er snakk om fullt medlemskap, er det godt nok til at ICC har jurisdiksjon. Eit anna spor Israel har følgt, er at dei sjølv skal granske om det dei har gjort, er krigsbrotsverk. Sidan få meiner ei slik gransking ville kunne forventast å vere objektiv, eller i det heile tatt reell, har dette sporet heller ikkje ført fram. Dermed må Netanyahu og Gallant vere forsiktige med kor dei reiser eller mellomlandar om dei reiser utanlands.
At Israel, med sine mektige amerikanske og europeiske støttespelarar, likevel ikkje greidde å hindre vidare etterforsking, og at landets statsminister no er blitt etterlyst, er ei historisk hending i konflikten mellom Israel og Palestina. Israel er blitt skulda for klare brot på folkeretten i fleire tiår, men har alltid gått fri for straff. Det har tilsynelatande ikkje vore noka grense for kor langt Israel kunne gå. Men no er den usynlege grensa tilsynelatande nådd.
Den internasjonale rettsordenen
ICC-prosessen er ein test for den internasjonale rettsordenen. Skal han gjelde for alle, eller er han eit verktøy som Vesten bruker mot sine fiendar, til dømes Russland (som til liks med Israel blir etterforska av både av ICC og Den internasjonale domstolen (ICJ)? Om ikkje vil det undergrave den internasjonale rettsordenen som Vesten i høg grad har oppretta, og hevdar å stille seg bak.
Ein ser alt at USA og fleire europeiske land vurderer klagemåla mot Israel annleis enn dei mot Russland. Alle europeiske land er tilslutta ICC og forplikta til å følgje opp arrestordren. Mange land, inkludert Noreg, har gjort det klart at dei kjem til å effektuere han. Men dei mektigaste europeiske landa har vist ei nøling som ville vore ganske utenkeleg i andre tilfelle. Italias statsminister Giorgia Meloni, til dømes, vil ha ei felles linje for G7-landa, sjølv om ICC-domstolens avgjerd er noko Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, USA, Italia og Canada skal stemme over ved handsopprekking.
Til liks med Frankrike har Tyskland enno ikkje gjort det klart korleis dei vil behandle ICCs etterlysing. Tyskland har i heile etterkrigstida vore ein viktig støttespelar for dei internasjonale domstolane. Samstundes har dei stått ved Israels side under heile krigen og levert store mengder våpen til landet.
Storbritannia har vore litt klarare. Statsminister Keith Starmer er jurist med ekspertise på menneskerettar, og han har antyda at Netanyahu vil bli pågripen om han kjem til Storbritannia. Samstundes nekta innanriksminister Yvette Cooper å svare konkret på om det ville skje, og freista i staden å snakke om Hizbollahs angrep på Israel, som i den aktuelle konteksten var reint utanomsnakk. Det er ingen tvil om at avgjerda til ICC-domstolen skaper mykje hovudbry i Europa, også fordi dei er redde for USAs reaksjonar.
Omsyn til sivile
Dei konkrete klagemåla frå ICC mot Israel går ut på at Israel har utført «krigsbrotsverk» og «brotsverk mot menneskeslekta». Bak desse i utgangspunktet diffuse omgrepa ligg godt underbygde mistankar om at Israel har late vere å ta nødvendige omsyn til sivile når dei har angripe Gaza, og kanskje angripe sivile med vitende og vilje.
Den høgteknologiske militærmakta Israel har som kjent drepe meir enn 44.000 palestinarar, 70 prosent av dei er kvinner og barn, ifølgje FN. Den palestinske folkesetnaden er utsett for massiv bombing av private bustader, flyktningleirar og vital infrastruktur som skular, sjukehus og sanitæranlegg. Dei er nekta mat, vatn, medisinar, medisinsk utstyr og anna som er nødvendig for å oppretthalde liv og helse. Dei er blitt kollektivt og individuelt straffa, til dømes med det som ifølgje rapportar, inkludert skildringar frå israelske soldatar, er summariske drap. I fangeleirane er dei blitt utsette for det som både palestinske og israelske vitne har skildra som systematisk tortur.
Dei siste månadene har det gått føre seg det som ser ut som etnisk reinsing i Nord-Gaza, mens krigen i Libanon har teke det meste av merksemda. I oktober publiserte 38 humanitære organisasjonar, inkludert britiske Oxfam, ei felles erklæring der dette aleine blir skildra som krigsbrotsverk. Dei skreiv mellom anna: «Det nordlege Gaza er i ferd med å bli sletta frå kartet. Under dekke av ‘evakuering’ har israelske styrkar gitt ordre om at rundt 400.000 palestinarar som har vore fanga i det nordlege Gaza, inkludert Gaza by, må forlate området. Dette er ikkje ei evakuering, palestinarane blir fordrivne med våpentvang. Sidan 1. oktober har ikkje mat sloppe inn i området, og sivile er blitt svelta og bomba i sine eigne heimar og telt.»
Svolt som våpen
Ifølgje ICC er det gode grunnar til å tru at Israel har nytta svolt som våpen. Rapportane om korleis Israel har sabotert leveransane av mat, medisinar og anna vital nødhjelp, er mange og detaljerte. Sjølv USA har fleire gonger kravd ei endring i denne politikken. Seinast i oktober kravde USA, gjennom eit formelt brev, at Israel opna portane for livreddande naudhjelp innan tretti dagar, elles ville det få konsekvensar. Dette var kanskje meint som eit innspel i den amerikanske valkampen. Naudhjelpsorganisasjonane merka lita endring, utan at det fekk konsekvensar for Israel.
Slik vi har sett det sidan krigen starta: USA har tilsynelatande fleire gonger lagt press på Israel. Det som har sett ut som styrte lekkasjar frå Det kvite huset, har gitt inntrykk av at president Biden har vore sint og frustrert over Israel, på grunn av overdriven maktbruk mot sivile og låg vilje til å inngå humanitære våpenkviler.
Israel kunne ikkje ha halde fram den intense krigføringa utan massiv amerikansk støtte. Ingen har større høve til å presse Israel enn USA, men det ser ut som om det amerikanske presset ikkje er reelt, men meint for omverda. Israel ser uansett ikkje ut til å frykte reaksjonar frå USA, og endå mindre frå Europa, og insisterer på at berre dei avgjer korleis dei skal krige. ICC-ettersøkinga av Netanyahu og Gallant, og ICJs gransking av Israel for folkemord, er i realiteten det einaste som bryt dette mønsteret.
Eksistensminimum
Det har vore mykje svolt i Gaza nesten sidan krigen starta, noko humanitære organisasjonar har dokumentert. Samtidig som store mengder mat er blitt halden tilbake av Israel, har palestinarar levd på eit eksistensminimum. Mange barn har fått så lite mat at det kan ha gitt dei livsvarige skadar. For ei ukjend mengde barn har svolt vore eit bidrag til at dei har døydd.
Den siste månaden har det vore mange spekulasjonar om ikkje situasjonen er i ferd med å bli enda verre. For i starten av november erklærte Israel at dei vil bryte alle band til Unrwa, etter at saka hadde vore oppe i nasjonalforsamlinga Knesset. Arbeidet til FN-organisasjonen Unrwa har utvilsamt vore grunnen til at endå større katastrofar har vore unngått i Gaza. Rundt 300 av dei tilsette i organisasjonen er blitt drepne mens dei har freista å gjere jobben sin.

Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters / NTB
Unrwa
Unrwa har sidan 1948 hatt ansvaret for palestinarane. I 1967 underteikna Israel og FN ein avtale som skulle sikre Unrwas rett til å operere. Denne avtalen har Israel altså no einsidig avslutta. Israels offisielle grunn til å bryte med Unrwa er at nokre av organisasjonens 13.000 tilsette i Gaza har vore med i Hamas og har støtta terror. Ei intern FN-gransking slo i august fast at ni Unrwa-tilsette kan ha vore delaktige i angrepet på Israel.
Israels harme mot Unrwa har bygd seg opp gjennom fleire tiår. For Unwra leverer ikkje berre ut ullpledd, telt og sekker med bønner og ris. Dei driv ikkje berre skular og klinikkar. Dei lagar rapportar, statistikkar og registrerer livet blant fem millionar palestinarar som lever på den okkuperte Vestbreidda og i Gaza – og i nabolanda som flyktningar. Sett frå Israel er det Unrwas «feil» at dei som blei fordrivne frå Israel i 1948 og 1967, enno har ein palestinsk identitet.
Arbeidet til Unrwa er blitt ein viktig del av den mentale palestinske infrastrukturen. Skulegangen dei gir palestinarane, har ein politisk dimensjon. Dei mange i Israel som aldri vil gå med på ein palestinsk stat, har lenge sett Unrwas arbeid som skadeleg for Israels interesser. Derfor har dei eit ønske om å bli kvitt FN-organisasjonen. Denne dimensjonen er klart til stades i Israels massive kampanje mot Unrwa, som starta etter terrorangrepet 7. oktober i fjor. Og det verkar som om kampanjen var godt førebudd.
Når Unrwa blir forboden av Israel (det trer i kraft i starten av februar neste år), vil det bli vanskeleg å halde fram arbeidet. Spørsmålet alle stiller seg, og Israel ikkje har sagt noko om, er kven som skal fylle vakuumet.
Ingen spor av sjølvgransking
Kor store praktiske konsekvensar ICCs ettersøking får, skal vere usagt. Det er ingen synlege spor av sjølvgransking å finne hos Netanyahu eller det offisielle Israel. Men at den israelske statsministeren er ettersøkt av ICC, rimar sjølvsagt dårleg med imaget Israel freistar å selje til verda: at dei er eit fyrtårn av høge ideal og vestleg sivilisasjon omslutta av despotiske, mørke krefter. I starten av krigen sa til dømes Netanyahu at den store forskjellen mellom Israel og landets fiendar, er at Israel verdset og vernar om liv.
Men ifølge juristane i ICC er problemet at Israel faktisk ikkje har verna eller verdsett sivile palestinske liv godt nok. Derfor er namnet til Netanyahu og Gallant no på ei liste der det elles stort sett står geriljaleiarar og krigsforbrytarar frå land som Den demokratiske republikken Kongo, Sudan, Den sentralafrikanske republikken, Mali, Burundi, Elfenbeinskysten og Libya.
Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)