På ein benk i ein park
Denne veka var turen komen til Linné.
SV og Raudt i bydelen Gamle Oslo har oppdaga ein benk i Botanisk hage. Det er ikkje ein kva som helst slags benk, for på baksida er Carl von Linnés (1707–1778) signatur prenta inn. Linné er som kjent ein av botanikkhistorias store geni, han skapte systemet vi enno i dag nyttar for å klassifisere dyr og planter.
I dette systemet måtte Linné på ein eller anna måte plassere menneske. Korleis skulle han gjere det, når han hadde så lite informasjon om folk i Afrika, Asia og Sør-Amerika og ikkje kunne reise dit? Han måtte bruke tilgjengelege reiseskildringar og den høgst ufullstendige vitskapen som fanst. Men augevitna var upålitelege og vitskapen heilt feil, så resultatet blei deretter.
Sett med dagens auge er Linnés klassifisering latterleg og sterkt prega av misforståingar og stereotypiar i samtida. Men er dei rasistiske?
Ei kjensle av «ubehag»
SV og Raudt i Gamle Oslo meiner det. Difor vil dei helst ha benken, eller Linné-dedikasjonen, fjerna. I det minste bør det opplysast om at Linné var «blant de tidligst kjente vitenskapelig rasistene gjennom hans arbeid med å systematisere og klassifisere mennesker etter farger». Det seier Hasti Hamidi (SV) til studentavisa Universitas. Ho meiner at barnefamiliar i området må «ivaretas», og hevdar at mange unge i området har klaga til kommunen. Benken skal ha gitt dei ei kjensle av «ubehag».
Her ligg det forresten ei skjult gladsak om at ungdom med innvandrarbakgrunn les mykje vitskapleg litteratur frå 1700-talet, noko norsk-etnisk ungdom svært sjeldan gjer. I Universitas-oppslaget har Hamidi med seg Ap-politikar Sara Barzinje, som studerer biovitskap ved Universitetet i Oslo. Ho synest det er «litt sjokkerende» at ho ikkje har lært meir om Linnés rasisme.
Dermed var bråket i gang. Andre Oslo-medium plukka opp saka, og vekas kulturkrigsak var skapt. For ikkje lenge sidan var det Ludvig Holberg som skulle ned frå sokkelen, fordi det blei påstått at han var ein slaveprofitør. Dette blei grundig tilbakevist av Marianne Solberg og andre. Men nokon er på jakt, på historias endelause jaktmarker, og dei trudde kanskje Linné, fødd same året som barokkdiktaren Petter Dass døydde, var eit lett bytte. I staden blei skyttargravene gravne djupare og ammunisjonslagra fylte opp.
Formell feilslutning
Kvifor blir det feil – ahistorisk, misvisande, dilettantisk – å kalle Linné ein «leiande rasistisk ideolog», den vitskapelege rasismens «far», og å hevda han medskuldig i slaveri, utbytting, kolonisering og massemord, slik Hamid faktisk gjer? Av fleire grunnar. Vi kan ikkje spole tilbake frå vår tid til midten av 1700-talet og gje Linné skulda for det mørke som skjedde mellom oss og han. Logikken er formell feilslutning av den typen som har hatt eige namn frå antikken. Linné var vitskapsmann, ikkje profet, og hadde ikkje noko grunnlag for å skjønne kva som kom etterpå. Kolonialisme og slaveri blir merkeleg å kople til Linné, alt dette var allereie på plass.
Kva så med den vitskapelege rasismen? Var Linné opphavet til den? Han delte arten homo sapiens inn i fire undergrupper (Homo sapiens afericanus, americanus, asiaticus og europeanus). Han laga ikkje eit hierarki mellom gruppene eller «rasane», men delte dei inn etter geografi – etter verdsdelar der folk hadde utvikla eigne særtrekk. Jau, europearar blir kanskje framstilte litt betre enn fortent, men det er ikkje eintydig. Og Linné skriv at folk på ulike kontinent har ulik hudfarge, men han var langt frå den første. Bortsett frå at alle kunne sjå ulike hudfargar, også på den tida, var det til dømes ein jødisk-rabbinsk tradisjon, via Det gamle testamentet, som diskuterte og teoretiserte kvifor folkeslag hadde ulik hudfarge.
Linné meinte at mennesket var skapt berre éin gong – av Gud. Likevel plasserte han mennesket, som alt anna, rett inn i naturens store orden. Oppsiktsvekkande nok er dei store apane, svært nær oss på livets tre, rett under alle typar menneske, slik Linné såg det.
monster og villmenn
Linné var genial, men han var òg eit barn av eiga tid. Han trudde på englar og demonar og plasserte også dei inn i systemet sitt. Der finn ein òg tre menneskeartar som ikkje eksisterer. Den eine kalla han Homo nocturnus, ein mystisk type nattmenneske Linneus hadde fått høyre om av folk som kom tilbake frå Asia med Svenska Ostindiska Companiet. I tillegg trudde Linné at det i naturen fanst menneskeliknande monster og villmenn (Homo monsterus og Homo ferus).
Ein plass skriv Linné at samar er kulturelt overlegne dei ved det franske hoffet, som var prega av dekadanse og usunt liv. På det mest berømte portrettet som finst av Linné, er han iført samedrakt. Sigrid Undset hadde forresten dette koparstikket hengande på arbeidsrommet. I andre rom på Bjerkebæk hang òg Linné-bilete, inkludert på soverommet, ved sida av portrettet av faren Ingvald. Linné var nobelprisvinnarens store intellektuelle helt. Dessverre fekk ho aldri ferdig biografien ho ville skrive om han.
Dette beviser ikkje at Linné ikkje var rasist. Eg berre nemner det. Men eg ser ikkje at Linné har skuld for den vitskaplege rasismen som kom utover 1800-talet. Ikkje meir enn at dei som fann opp internettet, har skulda for alt som går føre seg der. Når det gjeld den vitskaplege rasismen, ville eg heller tatt ein kikk på Darwin. Han visste, i motsetnad til Linné, kva rasisme var, og fleire av utsegnene hans er ganske horrible.
Kjensler og ideologi
Mange som les dette, har no parkert meg i ein debatt som kanskje handlar meir om kjensler og ideologi enn om Linné. Desse debattane er fullstendig binære, i tråd med sosiale mediums likes, smilefjes og tomlar – eller det motsette.
Kva dei to leirane ser, er som eit fikserbilete. Der den eine klart og tydeleg ser ein kanin, ser dei andre ei and. Og det er umogleg å sjå begge delar samstundes. Alt som kan brukast til å sementere eins eige verdsbilete, blir synleg, alt anna usynleg.
Somme saumfer kvar småby i USA for å finne eksempel som bekreftar at politisk korrektheit går amok overalt, og at ytringsfridommen og demokratiet er truga. Andre ser en pøl av rasisme og fascisme på frammarsj i vestlege samfunn, inkludert Noreg, som er tufta på slaveri og kolonialisme og derfor rote frå botn til topp. Historia, som nesten alltid er full av kompleksitet og nyansar, blir til eit spørsmål om å velje side. Ikkje etter årelange studium, men etter nokre sekunds lesing på ein skjerm.
Linné-debatten passar perfekt inn mønsteret. Her har du på den eine sida folk som ser rasisme på baksida av ein benk, i form av namnet til ein vitskapsmann som gjekk rundt i parykk og samedrakt for fleire hundre år sidan. På den andre sida har du folk som meiner denne type tenking ikkje berre er tullete, men også ein alvorleg trussel mot ytringsfridom og demokrati.
Men det stoggar ikkje der. For den eine gruppa nektar nesten kvar gong for at dei meiner det som motstandarane hevdar. Dei seier dei blir systematisk misoppfatta, at media og kulturkrigarar har vridd og vrengt på poenget for å gjere dei til latter.
«Sterk oppmoding»
Slik er det også med Linné-saka. Der dreidde debatten seg, i starten av denne veka, om at forslaget ikkje gjekk ut på å fjerne benken, berre signaturen til Linné. At det ikkje var noko politisk krav til leiinga i Botanisk hage, berre ei «sterk oppmoding». Og var det kanskje ikkje slik at namnet kunne få stå, berre ein òg opplyste om at Linné var rasist? Og så bortetter. Ein blir ikkje eingong einig om kva ein er ueinig om.
Partane, som ein skulle tru var motpolar, hermar ofte etter kvarandre. Til dømes blir dei ikkje einige om kven som er (mest) krenkt. Først var det ytterkantane i kampen for sosial og rasemessig rettferd (woke) som fekk høyre det – kvar gong. Men så greidde dei, med koordinert og målretta innsats, å snu skytset andre vegen. Frå no av blei dei som kom med skuldingar om at nokon var krenkt, avslørte som dei som eigentleg var mest krenkte. «Persilleblada» slo tilbake og oppdaga «hvit skjørhet».
Om nokon synest dette høyrest litt barnsleg ut, så er det heilt rett.
Svara frå sumpen, når det gjeld Linné, treng ein ikkje eingong å sjekke, det er noko slikt som: «Ei kvinne i hijab, kanskje frå eit veldig rasistisk og klanbasert islamsk land, der det kanskje enno går føre seg slaveri, er kommen til Noreg og blir skremd av ein signatur på ein benk? Kva sa eg? Sharia er rett rundt hjørnet!»
Humor ulovleg
Humor er heilt ulovleg i desse debattane, sidan mange krev offerstatus og veit kva manus og publikum krev for at ein skal verke truverdig i rolla. Humor har ein tendens til å punktere falsk verde. Kva ville skjedd om Ødipus sklei på eit bananskal då han skulle til å drepe far sin, Laios, på vegen til Theben?
Eg har gode vener på begge sider. Nokre gonger får eg kjensla av at dei vil ha meg ned i skyttargrava si. Seier ein noko som går imot synet til den eine parten, kan det fort bli ugreitt. Siste eksempel er at ein gammal ven, berre halvvegs på spøk, spurde om eg var «blitt woke» – fordi eg likte ei politisk skillingsvise. Eg har lese skuffelsen i andletet på folk og høyrt narrative korthus rase saman når eg har påstått at Noreg er langt mindre rasistisk i dag enn vi var i 1970-åra.
I andre selskap har eg opplevd melankolien breie om seg når eg har sagt at det er vel ikkje så interessant å karikere ståstaden til dei organiserte antirasistane/identitetsaktivistane fullt så mykje, eller at mange postkoloniale kritikarar er skarpe folk med gode poeng (som til dømes Nesrine Malik). Plutseleg er ein på feil side av den djupe fjorden. Nei betre: på andre sida av straumen eller fossen, for å halde seg til dei likvide metaforane som blir nytta om informasjonsflyten i digitale medium.
Mental amerikanisering
Det kanskje mest påfallande med desse debattane er at dei er uttrykk for ei mental amerikanisering som er mykje meir skadeleg enn Linné nokon gong var. Nesten alle omgrepa som begge sider nyttar, er importerte frå over there, og dei utfaldar seg på amerikanske plattformer som nyttar kunstig intelligens til å manipulere oss i ulike retningar, enten det er til ein nettbutikk eller for å forme oss politisk.
Omgrepa begge sider nyttar, er amerikanske og ofte ikkje eingong omsette. Under demonstrasjonane framfor Stortinget, etter drapet på George Floyd, var både slagorda og bannera amerikanske. Ein jamn straum av amerikanske nyord skal skape nye reglar og premissar. Og når desse orda har festa seg, står det berre att smale stiar gjennom minefeltet. Dei som nyttar samanlikningar eller viser parallellar, driv med «whataboutism». Mellom linjene høyrer mange «hundefløyter». Når slike omgrep blir dratt opp av hatten, er debatten over. Kravet er at språket skal vere gjennomsiktig og reint, utan ymt, skjemt eller understraumar, kort sagt innskrenka og dogmatisk.
Amerikaniseringa får ofte lett absurde utslag. Diskusjonar som er rasjonelle og relevante i USA, eit land som faktisk har mykje strukturell rasisme og langt på veg er bygt på slaveri, manglar ofte noko når dei blir importerte til Noreg. Til dømes ei historie med slaveri, eller valdelege, rasistiske politikorps. I tillegg er det rart at radikale grupper i Noreg, som normalt ville ha vore i opposisjon til USA, kjempar mot kolonisering ved å frivillig utsette seg for massiv amerikansk kulturimperialisme – heilt til dei ikkje ser det sjølv eingong. Motstandarane er med på leiken, med eigne importbyrå, for å vise korleis eit politisk korrekt «tankepoliti» er ein eksistensiell, autoritær trussel.
Heroiske overtonar
Kampen mot rasisme i USA har ofte heroiske overtonar, som festar seg i språket og kjenslene, ikkje minst gjennom amerikansk populærkultur. Heltane er tøffare, fienden meir skummel, eksempla reelle, og mykje står på spel. Norske tilhøve blir kanskje litt puslete til samanlikning, også fordi vi stort sett har hatt innvandring frå andre verdsdelar i berre eit par generasjonar, og dei fleste innvandrarane er flyktningar som kjem hit for å sleppe unna krig og naud. I eit slik land finst det mykje kvitskap og mange nettverk mellom kvite. Dei har ikkje nødvendigvis fått privilegium ved å undertrykkje folk med annan hudfarge, slik kvitskapsstudiar ofte er meint å vise i USA.
Av og til kan det verke som om nokon er misunnelege på at historia vår ikkje er like rasistisk og undertrykkjande som USAs. Væpna medlemmer av Ku Klux Klan er på mange måtar ein betre fiende enn thybring-gjeddene som ligg på lur i våre heimlege siv.
Ikkje at Noreg er perfekt, og sjølvsagt finst det reell rasisme i dette landet. Det er det mange eksempel på i samtida – så mange at ein svenske som døydde for 242 år sidan, kanskje burde ha plass lenger bak i køen. Berre så det er sagt: Ein bør granske fortida og freiste å avdekke tankemønster og ideologiar som til dømes har skapt rasisme og undertrykking. Her er det mykje å ta tak i, og eg synest det stort sett er fint, og ikkje nokon trussel, at det blir merksemd rundt dette.
På skråplanet
Samstundes: Kven i historia er i stand til å leve opp til vår tids endelause klokskap og moralske perfeksjon? Kanskje venstresidas «far» Karl Marx? Gløym det, han var rasist, slik forfattaren Øyvind Berg viste på Facebook her om dagen.
Kva med til dømes Sigrid Undset, som vi var innom tidlegare i denne teksten? Ho var i si tid ein av Noregs mest kjende og aktive motstandarar av rasisme og fascisme. Likevel skreiv ho grovt rasistisk om tyskarar. Bør desse bøkene kome med ei åtvaring? Kva med bystene og statuane av henne? Der nytta eg forresten både eit såkalla «skråplanargument» (omsett frå engelsk), kanskje med ein klunk whataboutism i tillegg. Dei som nyttar slike argument, trur poenga automatisk er ugyldige fordi dei har laga ein bås der dei passar inn.
Dessutan trengst det mykje historisk kunnskap for å kunne gjere kvalifiserte vurderingar av samfunn og tenkemåtar for hundrevis av år sidan. Det ville ikkje vore nokon katastrofe i det heile tatt om ein opplyste om at rasetenking har skapt all mogleg vondskap, ved benken til Linné. Om det berre hadde vore sant at han er den moderne rasismens far.
Det er han ikkje.
Morten Strøksnes er forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.
Onsdag denne veka blei det klart at leiinga ved Universitetet i Oslo vil la benken stå slik han står.
Ein plass skriv Linné at samar er kulturelt overlegne dei ved det franske hoffet, som var prega av dekadanse og usunt liv.
Ein jamn straum av amerikanske nyord skal skape nye reglar og premissar.