Politisk vald frå Virginia til Barcelona
Trump rota det til i Charlottesville, men lat oss ikkje gløyme dei andre ekstremistane.
Samanstøyt mellom demonstrantar i Charlottesville i Virginia.
Foto: Joshua Roberts / Reuters / NTB scanpix
For eit par veker sidan gjekk Donald Trump endeleg for langt for alle dei som meinte at han ikkje hadde gått langt nok tidlegare. Folk trekte seg frå presidentens ulike rådgjevande komitear i full fart. Nettselskap som til no har forsvara ytringsfridomen, bestemde seg for at nok var nok. Og talrike republikanske politikarar stod fram for å fordøme mannen partiet deira plasserte i Det kvite huset, den fremste av dei var den tidlegare guvernøren i California, Arnold Schwarzenegger.
Grensa Trump gjekk over, var retorisk. Han unnlét å fordøme tilstrekkeleg raskt, med tilstrekkeleg overtyding og tilstrekkeleg klart, tilhengjarane av kvitt overherredøme og nynazistane som demonstrerte i Charlottesville, Virginia. Ein demonstrasjon som førte til at ei ung kvinne mista livet.
Trump sa, noko seint, det som seiast måtte førre måndagen. «Rasisme er vondskap», erklærte han, «og dei som nyttar vald i rasismens namn, er kriminelle og bandittar, inkludert Ku Klux Klan, nynazistar, tilhengjarar av kvitt overherredøme og andre hatgrupper». Men både før og etter at han hadde kome med den utsegna, sa han òg at det hadde vore valdelege handlingar «frå mange sider». Tysdag morgon insisterte Trump på at det var «skuld på begge sider» (i tillegg til «svært fine folk på begge sider») og at somme «ytterleggåande venstreorienterte» grupper hadde vore «svært, svært valdelege» i gatene i Charlottesville. «Dei hadde med seg klubber», hevda han.
«Det finst berre éi side», tvitra den tidlegare visepresidenten Joe Biden til svar.
Eg står ikkje tilbake for nokon i motviljen mot fascistar og rasistar. Eg har brukt mykje av karrieren min som historikar til å freiste forstå kvifor tullete teoriar om raseforskjellar vart så omfattande og fanatisk trudde på at millionar av menneske kunne bli drepne i rase«reinleikens» namn. Dei som marsjerte i Charlottesville medan dei messa «Jødar skal ikkje ta plassen vår» og vifta med hakekross, er verkeleg bortanfor vanakt.
Det skal vere prov for at James Alex Fields jr. dundra bilen sin inn i ein annan i nærleiken av ei gruppe motdemonstrantar i ein freistnad på å drepe og skade menneske ut frå eit politisk motiv. (Tidlegare same dagen vart Fields fotografert saman med medlemar av Vanguard America, ei gruppe som er for kvitt overherredøme.) Denne handlinga kan og bør bli handsama av rettsstellet som ei terrorhandling. Trumps freistnad på å spreie skulda for at Heather Heyer vart drepen, er det med andre ord uråd å forsvare.
Dersom dette er byrjinga på slutten av presidentskapen hans, som er det eg kjenner på meg når eg skriv dette, saman med meldinga om at sjefstrategen Steve Bannon har fått sparken, da har Trump sytt for det sjølv. (Bannon fordømde «etnonasjonalistane» som «taparar» og «klovnar» i eit intervju med The American Prospect førre onsdagen, men fiendane hans i administrasjonen har lenge sett på den tidlegare styreformannen i Breitbart News som den dominerande figuren i alt-right-rørsla.
Tabbe nummer éin: ei endelaus rad av umusikalske utsegner, der dei nemnde utsegnene berre var dei siste. Tabbe nummer to: å ikkje makte å få gjennom eit einaste viktig lovframlegg i løpet av sju månader, sjølv om han har fleirtalet i begge husa i Kongressen. Tabbe nummer tre: å skuve frå seg mange allierte, ikkje få gjort noko (hittil) med fiendar som Nord-Korea og Iran, og den bisarre smiskinga for den sleipe russiske presidenten, Vladimir Putin.
Likevel, sjølv om eg synest det er trist at Biden valde å ikkje stille som kandidat til presidentvalet, som eg framleis trur han ville vunne i fjor, kjenner eg ei viss uro ved «Det finst berre éi side», dersom det er meint å vere ei allmenn utsegn om politisk vald. Det finst berre éi side når det gjeld nazisme: du må vere mot han. Men det finst meir enn éi side som er engasjert i politisk vald. Dette er ikkje eit forsvar for Trump. Det er eit forsvar for sanninga.
Først omfatta motdemonstrantane i Charlottesville representantar for den antifascistiske Antifa-rørsla. I sosiale medium dagane før «Unite the Right»-demonstrasjonen gjorde Antifa-grupper ingen løyndom av at dei var interesserte i fysisk vald like så vel som verbal konfrontasjon.
I Tyskland, der rørsla har røter attende til kommunistiske paramilitære grupper på 1920-talet, har Antifa-grupper lenge vore under overvaking som «ekstremistorganisasjonar». Fleire personar med band til Antifa vart klaga for åtak under uroa utanfor G20-toppmøtet i Hamburg i juli. Og førre månaden vart tre Antifa-medlemar arresterte for å ha slåst med Trump-tilhengjarar under ein demonstrasjon i Philadelphia.
Somme amerikanske Antifa-grupper vil gjerne stå fram som arvingane til ein heimleg historisk tradisjon, som dei radikale abolisjonistane som sette i gang slaveopprøret i 1850-åra. Men dette inneber òg politisk vald. Redneck Revolt (ei antikapitalistisk, antirasistisk, antifascistisk gruppe som støttar retten til våpen og er aksjonsorientert, red. merk.) samlar inn pengar til sin eigen våpenklubb gjennom «John Brown Solidarity Fund». Medlemar hadde med seg våpen til Charlottesville.
Ifølgje berekningar frå Cato Institute har «nasjonalistiske og høgreorienterte terroristar» vore ansvarlege for 219 drap på amerikansk jord sidan 1992. Venstreorienterte terroristar ligg noko etter, med «berre» 23 liv på samvitet. Tre fjerdedelar av offera for det ekstreme høgre vart drepne i bombeåtaket i Oklahoma City for 22 år sidan. Over halvparten av venstredrapa har funne stad sidan byrjinga av 2016.
Men vent. Lat oss ikkje tillate fascistane og antifascistane å trekkje merksemda vekk frå den mest openberre kjelda til politisk vald dei to siste tiåra: islamske ekstremistar, som har drepe over ti gonger så mange menneske som høgreekstremistar i USA sidan 1992. Det er sant at dei fleste av desse døydde i åtaka 11. september 2001, men islamistane leier likevel etter alle meiningsfulle mål.
Innpå 35.000 menneske vart drepne av terroristar rundt om i verda i fjor. Langt dei fleste var offer for islamistgrupper som IS, inkludert dei 49 som vart drepne på ein nattklubb i Orlando i juni førre året. Det som hende for to veker sidan, var ikkje utypisk: éin død i Charlottesville, men minst 13 i Barcelona.
Eg kan ikkje hugse at Joe Biden, og langt mindre sjefen hans, tvitra «Det finst berre éi side» etter islamsk råskap. Tvert om: President Obama nytta ofte dei ekstraordinære talegåvene sine til å poengtere nett det motsette. I talen han heldt etter åtaka i Benghazi i 2012, gjekk han så langt som til å seie: «Framtida må ikkje få tilhøyre desse som ærekrenkjer islams profet.»
For to veker sidan kunngjorde ein av næringslivsleiarane som gjekk laus på Trump, Apple-sjefen Tim Cook, at han ville donere éin million dollar til Southern Poverty Law Center. Det er den organisasjonen som tidlegare i år stempla Ayaan Hirsi Ali – kona mi, for å vere endefram – og vår ven Maajid Nawaz som «antimuslimske ekstremistar». Ordet «ekstremist» burde brukast berre om dei som oppmodar til eller praktiserer politisk vald, om dei er høgrevridde, venstrevridde eller islamistar.
Trump dumma seg loddrett ut etter Charlottesville, det er det ingen tvil om. Men om Silicon Valley omset «Det finst berre éi side» med «Sensurer alt venstresida stemplar som ’hatprat’», da er vi alle ille ute.
Einerett: Le Monde / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trumps freistnad på å spreie skulda for at Heather Heyer vart drepen, er det uråd å forsvare.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.