JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Støre kan koma baklengs til makta

Det blir komplisert om ubereknelege partifaktorar må leggast inn i styringsgrunnlaget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre på veg ned trappene før den direktesende partileiardebatten under Arendalsveka 16. august i år.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5422
20210827
5422
20210827

hompland@online.no

Arbeidarpartiet har lege skamfullt lågt på meiningsmålingane. Dei har ikkje forstått kvifor, for dei har lansert ein olja kraftpakke for arbeidsfolk i distriktsindustrien, og Jonas har vore på pilegrimsvandring mot venstre og bort frå kompromissa som har skapt ulikskap og sentralisering.

At det nå er vanlege folks tur nedanfrå, lyder annleis enn det statlege slagordet ovanfrå i førre valkamp: «Stille krav og stille opp.» Nå seier nestleiar Hadia Tajik frå Bjørheimsbygd det slik: «Vi er partiet for de som går på jobben, for de som har en jobb, for de som vil ha en jobb, for de som skulle ønske at de hadde en jobb.»

Det går framleis ikkje steinbra, men oppover, og der møter dei Vedum og Bøhler i sekkeløp på veg nedover.

DET GIR STADIG LÅGE odds på totalisatoren om Jonas Gahr Støre blir statsminister etter valet, sjølv om partiet skulle stivna på oppløpssida som for fire år sidan. Støre kan uansett koma baklengs til makta med ei mindretalsregjering, som Bratteli etter valnederlaget i 1973. Det ville vera tungt nok å samarbeida med det ube­reknelege Senterpartiet, men endå meir komplisert om fleire ukjende faktorar må summerast inn i styringsgrunnlaget.

Den sosiologiske aforismesnikkaren Arvid Fennefoss, som i gode stunder aspirerer til å vera ein arvtakar etter Nils-Fredrik Nielsen, han med 1968, seipanettar og tristessar, har levert denne: «Kjernen i SV og Rødts valgkampstrategi er å gå i Arbeiderpartiets barndom fremfor i sin egen.» Dei prøver å mima det dei trur Einar Gerhardsen ville ha gjort – når han ikkje lét ekspertane styra, heldt tale på Kråkerøy og hadde Haakon Lie til å orientera om kommunistiske halvjomfruer.

ERNA HAR GÅTT sjarmøretappen gjennom Trondheim by til Nidarosdomen, utan å møta lysfontener. Det gir høge odds om ho får fire år til. Ho gjer det i alle fall ikkje dersom «de to små tullepartiene» for spesielt interesserte hamnar under sperregrensa.

Om Venstre skal ein aldri seia aldri. Partiet er blitt splitta og har delt seg mange gonger, men likevel overlevd i 137 år. Etter å ha trødd vatnet, rota rundt med ulike profilar, vore juniorpartnar i høgreregjeringa og hatt ufrivillig nullvekst i fleire år har dei nå lukta på prosenttal over sperregrensa. Når FNs klimapanel endå ein gong slår fast at det blir villare, varmare og våtare klima, dryp det litt på Venstre.

BYRÅSJEFEN KJENNER ein kar som er generisk høgremann og har vore høgt oppe i kadersjiktet i oslopartiet, men som nå skal stemma Venstre. Han har for så vidt gjort det før, men då var det taktisk, som hjelp til å få Venstre over sperregrensa og trygga regjeringsmakt for Solberg. Men nå er det faktisk, og som eit signal til Høgre om at det må bli slutt på oljeleiting. Han er blitt grøn bestefar.

Han er slett ingen lillaveljar; han er av dei liberalkonservative og blågrøne, slike som MDG har støytt frå seg ved å støtta Støre som statsminister, og med hang til å vera formyndar over enkeltmenneskets frie vilje og val. Byråsjefen har elles merka seg at mens andre partitoppar helst snakkar seg bort frå spørsmålet om kva for eit anna parti enn sitt eige dei kunne tenka seg å støtta, er Sanner rask, klar og sannferdig: «Mitt parti nummer to er Venstre.»

PARTILEIAR MELBY seier «borgarleg side» med same salvelse som Trine Skei Grande, men utan å vera så LO- og Arbeidarparti-immun som forgjengaren. Melby minner om at Venstre er eit sentrumsparti som ikkje vil låsa seg til høgresida, men kan flørta og samarbeida begge vegar – på sikt.

Men om ho skulle gjera alvor av å ta ein Sponheim, seier den prøvande venstreveljaren takk for laget, for det er eit grønt Vesle-Høgre utan privatskrekk han gjev si røyst. Venstre er ei naudhamn for verdikonservative høgrefolk med forvaltaransvar som vil forandra oljepolitikken for å bevara klimaet.

KRISTELEG FOLKEPARTI er verre ute i dødsdansen, for dei er omgitt av spekkhoggarar på fleire kantar. Det er typisk for eit parti som er i ferd med å abortera, at dei satsar alt på kontante og eksklusive hjartesaker for å mobilisera dei mest trufaste og lojale i den svinnande flokken. Og om dei mest kristne frå dei mørke eller ekstatiske bedehusa sviktar, må Kjell Ingolf Ropstad setja sin lit til moskeane.

På dagen i dag er verken Partiet De Kristne frå Bergen eller Sentrum med Lippestad og fråfalne bondevikingar store nok til å koma inn på Stortinget, men dei kan stela så mange røyster at heller ikkje KrF kjem gjennom Perleporten – bortsett frå Bollestad og Ropstad på direktemandat i sørvest.

FRAMSTEGSPARTIET er også i havsnaud etter at Siv Jensen mønstra på i Redningsselskapet. Dei mest hardbarka i nærområda lar seg lokka av Demokratane, Liberalistane og andre reine og ranke lysglimt frå ytre høgre.

Sylvi Listhaug seier ho mistar nattesvevnen i frykt for at dei venstreradikale får makta over landet vårt og lar det bli snikislamisert. Det ho kan håpa på, er at «den gjengen der» opnar kvotegrensene for alle som har vore, eller skryter på seg å vera, støttespelarar for Noreg i kvinnefrigjeringa og demokratioppbygginga i Afghanistan, men som nå har rømt til Iran, vondskapens akse i nærområda.

Det er von i hangande flyktningsnøre.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Venstre er ei naudhamn for verdikonservative som vil forandra
oljepolitikken for å bevara klimaet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis