Slår eit slag for hjernehelsa
Dersom styresmaktene vil betre hjernehelsa vår, bør dei gjere det lettare å vere fysisk aktiv, billegare å ete sunt og vanskelegare å bli rusavhengig, meiner lege Andreas Engvig.
Andreas Engvig er lege og hjerneforskar med doktorgrad på minne og aldring ved Universitetet i Oslo.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Andreas Engvig er lege og hjerneforskar med doktorgrad på minne og aldring ved Universitetet i Oslo.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Demens
janh@landro.bergen.no
Engvig er i desse dagar ute med boka Demensbrems. God hukommelse hele livet. Han meiner at styresmaktene bør gjere mykje meir for å bremse eller helst utjamne sosiale ulikskapar i helse. Elles ser han føre seg at skilnaden mellom nordmenns hugs vil auke merkbart i åra som kjem.
– Risikofaktorane for å få dårleg minne seint i livet, avheng av sosial stand, sosioøkonomisk status og utdanningsnivå. Vi får heile tida meir kunnskap og meir teknologi som tidleg kan påvise risikoen for minnesvikt. Men eg trur at dei som alt har eit forsprang, raskare vil plukke opp og nytte seg av dei nye tiltaka enn dei med dårlegare føresetnader.
Om du skulle lure: Engvig meiner at effekten av dyre naturprodukt for å skjerpe hugsen er lik null. Likeins med alle slags kosttilskot.
– Det er ikkje aldring i seg sjølv, men sjukdom eller skade i hjernen som valdar demens?
– Riktig. Men samstundes er alder den viktigaste risikofaktoren for demens.
– Du skriv at «forhold i yngre år» har mykje å seie for kor godt vi hugsar når vi blir eldre?
– Då er hjernen mest formbar, og då legg ein grunnlaget for kor god hugsen kan bli. På topp er vi ved slutten av hjerneutviklinga, kring tjueåra. Kor godt vi klarar å utvikle oss, har fundamental betydning for kva tid minnet får konsekvensar for kvardagen. Derfor er det så viktig å stimulere hjernen hos born og unge. Å leggje til rette for at dei blir vane med å stimulere hjernen så mykje som råd, er heilt avgjerande.
Utdanning er hjernetrening i ein fase av livet der hjernepotensialet kan bli påverka. Størst er skiljet mellom dei som lærer seg språk og fullfører grunnskulen, og dei som ikkje gjer det. Men høgre utdanning har også ein tilleggseffekt.
Ein myte
– Hjerneborken vår byrjar å skrumpe i god tid før vi er førti år. Kva for konsekvensar får det?
– Personar som trener hjernen, har ofte litt tjukkare hjernebork enn andre. Det er ingen ein til ein-samanheng mellom kor tjukk hjerneborken er, og kor godt hjernen fungerer. Men jo tynnare borken blir, desto dårlegare blir minnet.
– Korleis kan vi motverke dette?
– Unngå tobakksrøyking, stimuler hjernen og ha eit sunt kosthald.
– Også hippocampus blir mindre med åra. Kva får det å seie?
– Det er eit teikn på at hjernens tilstand blir svekt, noko som òg fører til svekking av minnet. Fysisk kondisjonstrening kan auke volumet av hippocampus og slik bremse skrumpinga. Alkohol i meir enn moderate mengder forsterkar den negative prosessen.
Andreas Engvig gjer det klart at såkalla episodeminne ikkje er ein kopi eller eit opptak av røyndommen, det er berre den beste representasjonen ei gruppe hjerneceller klarar å attskape frå sanseinformasjonen. Ei biologisk tolking av røyndommen der det er rom for mange feil og forenklingar.
– Dette gjer at eit vitnemål i retten, især om det har gått lang tid, kan vere lite truverdig. Derfor er fagfeltet vitnepsykologi blitt stadig viktigare, at ein har kompetente fagfolk som forstår kva avgrensingar episodeminnet har.
– At hippocampus kan «dikte opp» eit falsk minne, gjer ikkje saka enklare?
– Det kan fylle ut delar av eit minne med falsk informasjon. Dette førekjem hyppig, og hyppigare til lenger unna minnet er i tid.
– Kona mi seier at eg hugsar det eg vil hugse. Har ho eit poeng?
– Du hugsar det du er merksam på, det du legg vekt på og finn verdfullt. Det kan nok vere at ho har rett, ja.
At vi berre nyttar 10 prosent av hjernekapasiteten, kallar Engvig ein myte. Heile hjernen er aktivert heile tida, men graden av aktivitet varierer enormt. Nokre område er meir aktive enn andre.
Helgefylla
– Blir alt som er lagra i hjernen, verande der, men med åra ikkje like lett å hente fram?
– Det veit vi ikkje sikkert. Minnespora festar seg i hjerneborken, og hippocampus hentar dei fram. Minne vi har eit sterkt forhold til, blir lagra lenge. I prinsippet kan dei ligge føre i mange tiår, men noko er meir flyktig og blir truleg borte.
– Kva kan vi sjølve gjere for å få fram lagra minne?
– Minne blir ofte lagra i nettverk eller i samband med andre minnespor. Assosiasjonar kan derfor hjelpe hippocampus inn på rett spor. Hugsar du noko meir om samanhengen, til dømes staden eller personar minnet er knytt til, yrket til den du ikkje hugsar namnet på. Det siste du skal gjere, er å prøve å stresse fram minnet. Det verkar mot si hensikt.
– Kor farleg for hjernen er helgefylla?
– Å halde på med slikt i 20–30-åra aukar risikoen monaleg for demens i 60–70-åra. Langvarig fyll og alkoholisme har svært negative konsekvensar for hjernehelsa. Ein fest i ny og ne må kunne gå.
– Kor skadeleg for minnet er langvarig stress?
– Sterkt belastande livshendingar, som tap av nær familie, aukar også risikoen monaleg for å utvikle svikt i minnet. Langvarig aktivering av stress-systemet og binyrene, som skil ut stresshormonet kortisol, er direkte skadeleg for hippocampus. Kjem ein ikkje ut av dette innan rimeleg tid, må ein få profesjonell hjelp til å «skru ned» stress-systemet.
– All den tid sjukdomsutviklinga byrjar fleire tiår før demensen blir tydeleg, er det ikkje då råd å avdekkje henne tidlegare og få sett inn mottiltak?
– Det blir forska mykje på Alzheimers sjukdom, særleg er ein på jakt etter medisinar som kan slå ned utviklinga tidleg. Vi har teknologien til å avdekkje forandringa før symptoma er komne. Men vi har inga dokumentert sjukdomsmodifiserande behandling.
Pensjonistlivet
Åreforkalking kan vi avdekkje ved å måle blodtrykk og kolesterol. Alle vaksne menneske skal vite kva blodtrykket og kolesterolnivået deira er innan dei har fylt førti år. Er det for høgt og ubehandla, vil det råke minnet tjue år seinare. Men over 40 prosent av dei som har høgt blodtrykk her i landet, veit ikkje at dei har det. Styresmaktene burde sjå på om det absolutt treng vere legar som gjer slike målingar. Det kan truleg leggjast over på anna helsepersonell.
– Korleis kan vi best førebyggje skadar på blodårene i hjernen?
– For personar midt i livet er det første å få målt blodtrykket og sjekka kolesterolet for å få vite om ein har auka risiko. Finst det diabetes i familien, eller om ein slit med alvorleg overvekt, skal ein sjekke om ein har diabetes. Då er mykje gjort. Men framleis røykjer 9 prosent av folkesetnaden kvar dag. Sluttar dei, forseinkar dei utviklinga av demens.
– Å bli pensjonist kan vere oppskrifta på hjerneforfall, men treng ikkje bli det?
– Korrekt. For mange vil pensjonisttilværet gi høve til å stresse ned. Og tid til å vere meir fysisk aktiv, helst også sosialt og mentalt aktiv. For andre kan det innebere ein risiko å falle ut av den arenaen som før tilbaud mental og sosial stimulans. Men det er aldri for seint å finne seg nye aktivitetar!
– Om du fekk gi berre eitt råd mot demens og for betre minne, kva skulle det vere?
– Å unngå det eine og skjerpe det andre krev ein god balanse mellom å stimulere og utvikle hjernen og å pleie og halde han i god stand. Hjernen må både trenast og varsamt pleiast. Du kan ikkje røykje, drikke deg full og ha høgt blodtrykk og tenkje at det held å trene hjernen med kryssord og sudoku. Omvendt, har du gjennom livet neglisjert å stimulere hjernen, vil det svekkje hjernekapasiteten, same kor sunt du har levd.
– Sterkt belastande livshendingar, som tap av nær familie, aukar også risikoen monaleg for å utvikle svikt i minnet.