Nye lovar vert vedtekne med vald
Skal me læra ungdomen at dei som nyttar vald får viljen sin, ikkje berre i gata og skulegarden, men i samfunnet òg?
Ei jente med ein plakat med påskrifta «Eg er lærar» og eit fotografi av historielæraren Samuel Paty under ei markering i Lille sundag.
Foto: Pascal Rossignol / Reuters / NTB
Ei jente med ein plakat med påskrifta «Eg er lærar» og eit fotografi av historielæraren Samuel Paty under ei markering i Lille sundag.
Foto: Pascal Rossignol / Reuters / NTB
Lytt til artikkelen:
Kvifor valde historielæraren og småbarnsfaren Samuel Paty å nytta Charlie Hebdos Muhammed-teikningar i undervisinga? Kva hadde han ikkje skjøna?
Ikkje alle uskrivne lovar er uskrivne. Eit forbod som ikkje er skrive med blekk på papir, er stundom skrive med blod på asfalt. Di færre som nyttar teikningane, di synlegare vert dei som gjer det.
Ein kan nytta dei når det er journalistisk eller pedagogisk relevant, lydde omkvedet sist det var relevant. Når teikningane denne veka står i sentrum av nyhenda, er det likevel ikkje relevant nok. Fleire innvandrings- og islamkritiske nettstader nyttar dei heller ikkje no.
Av omsyn til vanlege muslimar? Nei, alle veit at jihadistiske valdsaksjonar ikkje har noko med trua å gjera. Er då forbodet av omsyn til islamistane? Nei, ikkje av omsyn til, men av frykt for dei. Samuel Paty røynde at islamistofobi korkje er hypokondrisk eller konspiratorisk.
Måndag 5. oktober
Kvart år nytta historielæraren Samuel Paty teikningane når han underviste i demokrati og medborgarskap, fortalde Virginie (15), elev ved ungdomsskulen i Conflans-Sainte-Honorine, til France 24. Faget er obligatorisk. Paty nytta dei måndag 5. oktober òg, etter fyrst å ha sagt at elevane kunne snu seg vekk, lukka augo eller forlata klasserommet i lag med ein skuleassistent om dei ynskte det.
Kva for grunnar kan han ha hatt? 1) Somme elevar lærer ingen andre stader kva ytringsfridom og toleranse eigentleg er. 2) Slik teikningane var relevante etter Charlie Hebdo-massakren i 2015, er dei det i haust òg, med rettssaka mot terroristane og Hebdos nypublisering av teikningane, no frå hemmelege kontor. 3) Slik Frankrike er fødestaden til ytringsfridomen og menneskerettane, er Conflans-Sainte-Honorine fødestaden til Charlie Hebdo-redaktøren og -teiknaren Stéphane Charbonnier, kjend som Charb, avretta i 2015. Paty synte elevane kunstverk av ein verdskjend sambygding.
Martyrane
Conflans-Sainte-Honorine er ein forstad 25 kilometer nordvest for Paris sentrum. Namnet er topografisk, av confluence, der elvene møtest, her Seinen og Oise, eit knutepunkt for innanlandsk vasstransport.
Og Sainte-Honorine? Ho vart martyr under forfylginga av kristne under keisar Diokletian kring år 300. Liket vart kasta i elva, med eller utan hovud – mange vantru vart halshogne, mellom dei ein biskop. Sidan 800-talet har restane etter den heilage Honorine vore i Conflans.
Byen som har namn etter ein 1700 år gamal martyr, har no fått fleire – Charb og Paty, båe 47 år, martyrar for republikken og ytringsfridomen, og Abdullah Anzorov, 18 år, martyr for Allah og profeten.
Tysdag 6. oktober
Dagen etter skuletimen, tysdag 6. oktober, klaga ei mor til rektor over at dottar hennar vart send ut av klasserommet av di ho er muslim. Paty vart beden om å forklåra seg for foreldra og godtok formuleringa skulen ville ha: «Eg ber om orsaking om eg har vore klønete.»
Fleire utspel fylgde frå Brahim Chnina, far til ei jente som ikkje hadde vore i timen. Då han oppsøkte skulen for å krevja Paty avsett, hadde han fått med seg fransk-marokkanske Abdelhakim Sefrioui (61), ein illgjeten salafist, antisemitt og holocaustfornektar, kjend for eit valdeleg åtak på imamen i Den store moskeen i Paris som hadde oppmoda til venskapeleg samkvem med jødar. På skulen presenterte Sefrioui seg som «president for Frankrikes imamråd», noko han ikkje er.
Chnina politimelde læraren, og oppmoda til foreldredemonstrasjonar.
Skulen vart skremd og vurderte tiltak mot læraren som kunne mildna foreldra. Mest skremd var Paty. Trugsmåla vart fleire. Han politimelde Chnina og bad om tryggingstiltak. Dei som vart sette til å granska undervisinga hans, har i ettertid vorte kritiserte for at dei ikkje rapporterte trugsmåla mot han vidare.
Tryggleiken hans vart forverra då Chnina på YouTube delte ein sjølvlaga video som identifiserte skulen og læraren med namn og telefonnummer, og slo fast at Paty var «ein forbrytar» som krenkte «den psykologiske integriteten» til dottera hans ved å utsetja henne for pornografiske profetbilete – om lag som under karikaturstriden, då pornografiske bilete som ikkje var prenta i aviser, men sende anonymt i posten, sette ein spiss på biletmaterialet som utløyste flagg- og ambassadebrenning.
Det var i 2005 – før Twitter, YouTube og smarttelefonane. Av dei mange som førre veke delte foreldervideoen, ifylgje Reuter, var imamen i ein Paris-moské.
Flyktningen
Eit viktig etterforskingspunkt er korleis alarmen eller fatwaen mot Paty nådde Èvreux i Normandie, ti mil vest for Conflans. Der budde russisk-tsjetsjenske, Moskva-fødde Abdullah Anzorov i lag med familien, som i 2008 fekk flyktningstatus i Frankrike. Ei halvsyster slutta seg i 2014 til IS i Syria.
Anzorov var registrert for skadeverk og vald som mindreårig, men ein tidlegare skuleven fortel, ifylgje France 24, at han den siste tida hadde roa seg og vorte religiøs.
I mars i år, då han vart 18 år og myndig, fekk han ti års opphaldsløyve i Frankrike. Twitter-kontoen hans, som det i juli vart varsla om, og som sist fredag bringa biletet av Patys hovud, har dei siste månadene, ifylgje Le Monde, vore prega av vers frå Koranen og fordøming av vantru.
Fredag 16. oktober
Om morgonen for ei veke sidan drog Anzorov frå Èvreux til Conflans, fyrst med bil i lag med to vener, ser det ut til, så med tog. Ved skulen betalte han elevar for å få hjelp til å identifisera historielæraren. Paty hadde ynskt klassen god haustferie i totida, men vart sjølv att på arbeidsplassen til nærare klokka fem.
I gata utanfor gjekk Anzorov til åtak med eit rop som vert nytta under slakting òg: Allah er størst. Etter å ha skilt Patys hovud frå kroppen tok han eit foto av hovudet og sende det til tsjetsjensk IS, som, ifylgje Sunday Times, snøgt delte det vidt og breitt.
Biletteksten var retta til «leiar for dei vantru», Frankrikes president Emmanuel Macron, «frå Abdullah» som no «har avretta ein av helveteshundane dine som vågde å audmjuka Muhammed».
Biletet av hovudet til Samuel Paty vart delt så mykje og så snøgt at det nådde telefonen til elevar ved skulen før politiet rakk å kringsetja Anzorov 500 meter frå rettarstaden.
Ytringsfridom-ordet
Korleis kan ein tentativt samlande statsminister kommentera eit mord som er så polariserande at det vert fordømd, dyssa ned og hylla?
Like polariserande som hendinga er politiseringa av omgrepet ytringsfridom. Somme uttalar ordet med forakt, som om det representerte ein konspirasjonsteori mellom høgrevridde.
Erna Solberg vog orda sine. Ho har tidlegare vorte kritisert for å kalla liknande hendingar for «meiningslause», som jo er meiningslaust: Subjektivt og eksistensielt er terrorhandlingar særs meiningsfylte. No byrja ho og utanriksministeren: «Vi må stå sammen mot angrep på...» Kva var halshogginga eit åtak på? Ytringsfridom har vorte eit omstridd omgrep, så i staden twitra dei «...tankefrihet».
Medan Macron syner Hebdo-framsider på rådhusveggar, unngår Solberg ytringsfridom-ordet i kommentaren til halshogginga. Tankefridom? Strengt teke var det ikkje Paty, men Anzorov som var utsett for eit åtak på tankefridomen. Radikaliseringa hans dei siste månadene skjedde i ei religiøs ramme som trugar tankefridomen til ein tenåring. Men den same trua som stigmatiserte tankane hans, tilbaud òg ein veg vekk frå dei.
Rein og religiøs
18-åringar kan ha ureine og forbodne tankar. Av dei 400 Twitter-meldingane hans den siste tida er det, ifylgje Le Monde, forbod mot omtale av kvinner og meldingar frå kvinner. Kva som var gale, tok han med seg i grava. I katolisismen kan frustrert ungdom velja å gå i kloster. I sekulære kulturar gjer somme sjølvmord. I islamismen kan dei verta martyrar.
Å halshogga ein vestleg gjev dobbel meining når vestleg påverknad er skuld i feiltankane og slaktinga syter for at han i staden for å hamna i jahannam som utstøytt kjem til paradiset som martyr.
Martyriet er eit teologisk korrekt sjølvmord. Seint på ettermiddagen førre fredag gjekk han med kniv og leikepistol til åtak på politistyrkane, som skaut og drap han.
Men det som på eit individuelt plan var eit mord og sjølvmord, og på eit teologisk plan eit martyrium, var på eit politisk plan ikkje eit åtak på tankefridomen, men på ytringsfridomen – eit meiningsfylt, effektivt og verknadsfylt åtak, får ein leggja til.
Blasfemiparagrafen
I internasjonale forum har ein del muslimske land lenge arbeidd for at forbodet som Anzorov skreiv med blod, skal verta skrive med blekk òg.
Eit liknande arbeid har gått føre seg i Noreg. For tolv år sidan fremja den raudgrøne regjeringa eit framlegg om å gjera «kvalifiserte angrep på religion» straffbare, grunngjeve med skadefylgjene: «Et straffansvar som verner ulike religioner og den enkeltes religiøse følelser kan avverge alvorlige konflikter i samfunnet.»
Men ein slik lov gjev berre vern til ei religiøs gruppe som er sterk og aggressiv nok til å skapa «alvorlige konflikter», ikkje til trussamfunn med få og mindre aggressive tilhengarar. Blasfemiterskelen vert såleis definert av viljen og evna til å nytta vald mot kritikk og krenking. Loven ville gje store trussamfunn vern mot åtak frå deira eigne dissentarar, fråfalne og minoritetar.
Framlegget inneheldt dessutan tilløp til eit biletforbod: Medan eit «ordskifte» om religion var «svært ønskelig», ville «andre uttrykksformer, for eksempel bruk av bilder» verta straffbare. Framlegget var så dårleg grunngjeve at det vart avvist i Stortinget.
Ikkje berre islam
Paty-saka handlar ikkje berre om islam. Ho handlar òg om ei ny, eller manglande, forståing av kva ytringsfridom og toleranse er. Det er ikkje berre religiøse karikaturar som forsvinn frå avisene, men karikaturteiknarane òg. I fjor valde New York Times å slutta med satireteikningar. Måndag kunngjorde Norsk PEN at Ossietzkyprisen 2020 vert tildelt «alle som arbeider med satire- og avistegning i Norge». Dei skriv at «i Norge mister satiretegnere avisengasjementene sine».
«Me har ikkje klart å formidla ytringsfridomsomgrepet til dei unge», skreiv same dag Le Point-kommentatoren Sébastian Le Fol. «At me har gløymt tankane frå opplysingstida,» la han til, «har fått lagnadstunge fylgjer. Me forstår i dag ikkje kva toleranse er. Å tolerere er ikkje å slutta med kritikk. Å vera tolerant er ikkje å vera feig.»
Møtet mellom tydeleg politisk-religiøs vald og eit utydeleg toleranseomgrep produserer to taparar: ytringsfridomen og maktkritikken.
Kva lærer dei unge?
Korleis skal me undervisa dei unge? Kva skal dei læra? Det me veit, er at dei ikkje lærer av det me seier, men av det me gjer. Den siste veka har dei unge høyrt statsrådar og andre i maktposisjonar seia i alle kanalar at ytringsfridom er «kjempeviktig», samstundes som dei ser at dei som set valdsmakt bak krava om innskrenking av ytringsfridomen, får viljen sin, i gata, i klasserommet og i redaksjonane – om ikkje i lovverket.
Kva lærar dei av det? At ord er ord medan makta rår.
I førebuinga til vaksenlivet har dei unge fyrst og fremst skarpe instinkt for makttilhøve – i heimen og i gata, i klasserommet og i ålmenta.
No veit dei at det har ein pris å bryta forbodet. Som ein del av den lærdomen veit det òg at det har ein pris å fylgja forbodet.
Denne veka har ordet ytringsfridom fått endå ein valør. På ytre høgre seier ein det innbite. Fråfalne innvandrarar seier det i djupaste alvor. Islamistar seier det med spott. På ytre venstre seier ein det med eit fnys. Og etter denne veka kjem mange unge til å seia det med eit skeivt og vitande smil.
Kva veit dei? Kva har dei lært? Dei har lært at det som gjer ein lov til ein lov, det er ikkje om loven er skriven på papir. Det som kan gjera ein uskriven lov til ein lov i røynda, på gata, på skulen og i bydelen, det er om nokon er viljuge til å nytta vald.
I ein slik lærdom vil mange finna svaret på om det er rett eller gale å nytta teikningane. Skulle samfunnet synt makt, måtte statsministeren ha gått føre, men ho valde å unngå ordet.
Kjelder: The Guardian, Al Jazeera, Radio France internationale, The Sun, Daily Mail, Sunday Times, France 24, fransk Wikipedia, tysk Wikipedia, Le Figaro, Spiegel, Paris Match, Welt, Le Point.
Slik lærer dei unge at vald skapar dei nye lovane i samfunnet.
Den same trua som stigmatiserte tankane hans, tilbaud òg ein veg vekk frå dei.
Kjelder: The Guardian, Al Jazeera, Radio France internationale, The Sun, Daily Mail, Sunday Times, France 24, fransk Wikipedia, tysk Wikipedia, Le Figaro, Spiegel, Paris Match, Welt, Le Point.