JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Merkelappane gøymer røynda. Bursjoasi er noko anna enn statsborgarskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiarane for dei to regjeringspartia, Erna Solberg og Siv Jensen, på veg til ein pressekonferanse saman med leiarane for støttepartia, Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

5350
20170901
5350
20170901

hompland@online.no

Ved stortingsvalet er det ei borgarleg side, og omgrepet har fått ny identifikasjonskraft: Venstre grip til det for å forklara kva dei er, og Erna Solberg klarte å bruka det tre gonger på seks liner i Aftenposten her om dagen. Det er alltid Høgre som har mana til borgarleg samling, historisk også mot det sosialradikale Venstre.

I Arbeidarpartiets stordomstid samla dei «borgarlege» motstandarane seg om å vera ikkje-sosialistiske, men Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre insisterte samstundes på at dei ikkje stod til høgre, men i sentrum, der dei gjorde fåfengde forsøk på å samla seg. For utlendingar som prøver å orientera seg i det norske, politiske landskapet, er det forvirrande at Venstre står til høgre og at Senter er til venstre, men ikkje at kristelegdemokratane plasserer seg i ein eigen dimensjon.

I nyare tid har Framstegspartiet for folk flest komplisert biletet endå meir. Dei kallar seg liberalistisk, men er svært ihuga for statleg autoritet, styring og finansiering. Kåre Willoch har med vanleg suverenitet meint at partiet er populistisk, og derfor ikkje borgarleg.

Dette er Erna Solbergs uryddige flokk, pakka inn i ei borgarleg blokk.

På den andre sida står – ja, kva då? Somme prøver seg med ikkje-borgarlege parti, medan andre held fast på sosialistisk som merke. Men etter at Senterpartiet, landets mest verdikonservative parti med stor tru på privat eigedomsrett og billig diesel på landsbygda, bytta bås, gir sosialistisk endå mindre meining enn då det blei klistra på det post-sosialistiske Arbeidarpartiet. Utvegen er å ty til blandingar på fargeskalaen.

Byråsjefen har alltid irritert seg over den politiske bruken av borgarleg, og han meiner at han veit kva han snakkar om, for han hadde ei departemental hand med i organiseringa av vala før det av distriktspolitiskie grunnar blei utflytta til eit eige direktorat i Tønsberg.

Han meiner at opphavet til synda ligg i språket. På norsk har me dårleg tak på omgrepet borgar og kva det inneber, for me har berre eitt ord for to ulike fenomen. I Frankrike, som er Jonas Gahr Støres statsvitskapelege heimland, har dei tradisjon for å gjera revolusjonar og skriva konstitusjonar. Der er det ei æressak å vera citoyen, og det er noko heilt anna enn bourgeois. I USA er citizen eit faneord. I Sverige rettar dei seg i ryggen når dei snakkar om medborgare.

Hos oss held me ikkje styr på dette. Borgar er eit historisk omgrep for handelsfolk med borgarbrev, og borgarskapet var ei samfunnsklasse som skilde seg frå adel, bondestand, proletariat og andre eigedomslause. Borgar og borgarleg fekk fornya liv som skjellsord i 1968, særleg i variantane storborgar, småborgar og spissborgar.

Borgarleg står også for det som er privat rett i motsetnad til offentleg rett, og sivilt i motsetnad til kyrkjeleg: Ein giftar seg borgarleg hos notarius publicus. Det er berre eit tiår sidan det fundamentalistiske Human-Etisk Forbund døypte om seremoniane sine frå borgarlege til humanistiske.

BORGAR er noko anna og mykje meir enn å vera ein veljar som røystar på eit såkalla ikkje-sosialistisk parti; det har Byråsjefen heilt rett i. Ein borgar er ein innbyggar i landet med statsborgarlege rettar og plikter. Det er som borgarar me kan ytra oss i den borgarlege offentlegheita, og det er som borgarar me er røysteføre.

Alle parti som stiller til val, er borgarlege. Eit val er ein relativt sivilisert borgarkrig mellom frie borgarar som vil dra samfunnet i ulike retningar. Etter at proletariatets diktatur gjekk med i den stalinistiske avlusinga, gjeld det også Raudt.

Eg veit berre av éin norsk politikar som tar denne grunntydinga av borgar på alvor. Det er det politiske dyret Odd Einar Dørum. Den inkarnerte Venstremannen har vingla ut og inn av skiftande posisjonar og koalisjonar i over 50 år, men han gir seg ikkje i det offentlege ordskiftet når han er ute. Då grip han ordet og presenterer seg stolt som «borgar».

DET ER VIKTIG å halda styr på dette med myndige borgarar. Då blir det ikkje så lett å bytta ut veljar med brukar, klient, pasient, konsument, kunde, skattebetalar og i neste omgang forbrukar. Som innbyggar har ein fleire roller i samfunnet, med ulike forventningar. Det som er bra for deg i éi av rollene, treng ikkje vera det i dei andre. Det kan finnast brukardemokrati og aksjonærdemokrati, men det er som statsborgar i val ein er del av det politiske demokratiet.

Butikk er noe anna enn politikk. Det har vore ein grunnregel i norsk mentalitet at når folk er misfornøgde med marknaden, så har dei klaga til politikken. Nå er det motsette blitt minst like aktuelt: Når ein er misfornøgd med politikken, går ein til marknaden.

VERTINNA er ein ivrig tilskodar i valkampen, med saftige kommentarar. Ho meiner det meste var betre før, og ho bannar stygt når valprogram på TV blir rota til med tull og tøys. Men som deltakar i valet røystar ho alltid på same parti, utan omsyn til kandidat og program og at ho personleg kan tapa på politikken deira. Til gjengjeld reknar ho med at han gagnar meir verdig trengande, og det gir ekstra godt samvit. Då kjenner ho seg som ein ansvarleg borgar.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Erna Solbergs

uryddige flokk er

pakka inn i ei

borgarleg blokk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis