Illustrasjon: Kristin B. Bruun
EPISTEL
Onkel Jacob var ein gammal mann som bad mykje og lovprisa Gud meir. Han var sufi, altså muslimsk mystikar. Nabolaget fortalde at han var lektor på ein skule og ein kunnskapsrik vismann. Då han vart pensjonist, lét han det kvite skjegget gro, og tok på seg arabisk hovudpryd.
Alle respekterte denne gamle mannen. Alle snakka med han når dei hadde ei knipe i livet. Han gav dei råd og kloke ord. Vi spurde han om alt mogleg, og han hadde svar på alt. Han overraska oss med svar som var i motsetnad til det folk trudde på og praktiserte.
Eg hugsar den dagen då naboen vår fekk eit barn: Kona fødde ei dotter. Mannen hennar vart sur fordi han heller ville ha ein gut. Jenter er ikkje noko ein kan vere stolt av, ifølgje tradisjonen og ifølgje det folk trudde.
Då eg spurde onkel Jacob om dette, svara han:
– Det er folketradisjon. Gud aksepterer ikkje det, for både mannen og kvinna er skapte av Gud. Arabarane gravla jenteborn levande før islam. Gud åtvara i Koranen mot dette som var ei stor synd.
Onkel Jacob heldt fram med å fortelja ei soge om eit ektepar som nettopp hadde gifta seg. Ifølgje tradisjonen vitjar familiane dei nygifte dagen etter bryllaupet, men paret var samde om at dei ikkje ville opna døra for slektningane.
Om morgonen kom familien til mannen: far, mor og sysken. Ekteparet såg på kvarandre, men insisterte på å halda avtalen. Dei opna ikkje døra.
Etter ein times tid dukka familien til kona opp: foreldre og sysken. Ekteparet såg på kvarandre att, men heldt på avgjerda om ikkje å opna døra. Brått rann tårene frå auga til kona. Ho sa til mannen:
– Eg klarer ikkje la foreldra mine stå framfor ei låst dør. Eg må opne, sa ho, og så opna ho for dei.
Ektemannen teidde om denne opplevinga i mange år. Han fekk tre gutar, men feira ikkje fødslane deira. Då kona fekk det fjerde barnet, som viste seg å vera ei jente, jubla den nybakte faren og laga gjestebod med musikk og gilde.
– Kvifor har du ikkje feira dei tre gutane på same viset som jenta? ville nyfikne gjester vita.
– Fordi det er ho som kjem til å opna døra for meg, sa han.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.