JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1790
20170825
1790
20170825

EPISTEL

Med kvitt skjegg og kloke historier gjev onkel Jacob oss råd og nye perspektiv. Venen min, Anwar, er son til ein fattig nabo som budde eit steinkast frå oss. Ein dag onkel Jacob kom forbi, såg han at Anwar og eg flytta eit lass med ved til taket. Vi bar vedkubbar inn i huset, og tok trappa til andre etasje. Vi hadde gått mange turar då onkel Jacob kom forbi og sa:

– Fyll ein sekk med vedkubbar, og drag han opp på taket med eit tau.

Vi gjorde som han sa, og det gjekk fort.

Då vi seinare såg han sitje i parken i solnedgangen, sa han til oss:

– Gjennomfør arbeidet på ein smart måte, ikkje med bry og slit. Sjela vert trøytt, og du hatar arbeidet etterpå, sa han og illustrerte det med ein anekdote:

Ein far bygde eit nytt hus, og bad dei tre sønene om å flytte dit saman med han.

«Kvar av dykk må velja eit rom», sa han. «Før de flyttar inn, vil eg at de fyller rommet dykkar med noko. De avgjer sjølve kva de vil fylle det med. Den av dykk som fyller rommet først, skal få ei stor gåve. Etter det kan eg be dykk om å tøma romma att, og så flyttar de inn i det nye huset vårt.»

Den eine sonen byrja samla grus frå vegen for å fylla rommet sitt. Den andre fylte rommet med ull. Den yngste broren sat og såg på brørne som sleit med å fylla romma sine. Natta kom medan dei streva. Før dei var ferdige, reiste den yngste broren seg og tende eit stearinlys i det mørke rommet. Det vart fylt med lys.

«Tøm romma, hent møblane og bu her», sa faren.

Den yngste sonen sløkte stearinlyset, og rommet hans vart mørkt og tomt. Han gjekk til det gamle huset og henta møblane.

Faren gav ein formue til den yngste sonen fordi han hadde skjønt visdommen om målet med arbeidet, nemleg å vinna fritid.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis