Onkel Jacob III
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
EPISTEL
Vi var born og egoistar. Vi leika, og kvar einskild av oss ville vinna åleine. Vi spelte fotball, og alle ville sparka ballen i målet utan å tenkja på samarbeid.
Onkel Jacob sat i parken og såg på oss. Vi var unge, men vi kunne lesa blikket hans. Han kom alltid med noko fornuftig.
Då vi tok ein pause, gjekk vi alle saman og sette oss framfor han. Han fortalde om bonden og maisgarden. Kvart år konkurrerte alle gardbrukarane om å ha den beste maisen, men kvart år var det den same bonden som vann.
Ein journalist spurde vinnaren korleis han kunne ta førsteplassen kvart einaste år. Bonden fortalde at han utveksla såkorn med naboane.
– Kvifor gjev du gode såkorn til nabogardane når du veit at dei kjem til å konkurrera med deg? ville journalisten vita.
– Alle lurer på det. Dei skjønar ikkje at vinden tek med seg frøa frå éin gard til ein annan. Når naboane mine sår dårlege frø, spreier dei seg til avlinga mi. Viss eg vil ha ei god avling, må eg gje nabogardane dei beste frøslaga, sa bonden.
Onkel Jacob såg kvar av oss i auga og sa:
– Denne bonden veit godt korleis ein samarbeider med naturen. Slik er det med samfunnet og menneska òg: Du er eit betre menneske når du har gode menneske rundt deg. Du er ein betre fotballspelar når du har gode medspelarar. Når vi legg saman frøa vi har sådd og plantene vi har sett i god jord, vert summen livet vårt.
Ein annan gong spurde onkel Jacob kor mange av oss som hadde saga tre. Alle hendene fauk i vêret. Så spurde han:
– Vel, kor mange av dykk har prøvt å saga sagmask?
Ingen rekte opp handa.
– Ingen, sa eg.
– Sjølvsagt sagar ein ikkje sagmask. Det er det same med fortida. Når de vert urolege for fortida og det som har hendt, må de vite at de sagar sagmask. Det er noko som alt har skjedd. Vend dykk heller mot framtida.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.