Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Det er kald krig ute. Me smågutane sit inne i det varme mørkeret i kinoen. Me gler oss til reklamen, som ofte er betre enn filmane me ser. Det byrjar med infernalsk radiostøy. Så vert ein mikrofon synleg. Dinest vert scena utvida, og me ser to sovjetiske generalar eta potetgull for harde livet. Det er altså Maarud som driv støysendaren i Kyiv som kveler signala frå Radio Free Europe.
No er det ikkje lenger russiske generalar i Kyiv, men Ukraina er omringa av russarar som brukar elektromagnetisk krigføring for få eit militært overtak. Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden. Alle desse apparata brukar det elektromagnetiske spektrumet, anten radiobylgjer eller ljos- og varmebylgjer.
Elektromagnetisk krigføring kan grovt sett delast i tre. Ein kan hindra fienden i å bruka det elektromagnetiske spektrumet med jamming. Dinest kan ein utnytta at fienden nyttar det elektromagnetiske spektrumet, for å finna og nøytralisera dei. Det siste ein må sørgja for, er at eigne styrkar kan få bruka det elektromagnetiske spektrumet til kommunikasjon og målstyring av våpen.
«Det finst system som sender med så låg effekt at det ser ut som vanleg støy for fienden.»
Krashukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane. Det er ein lastebil fylt til randa med elektronisk utstyr. Han har høgfrekvente støysendarar i 10–20 GHz-området for å blokkera kommunikasjon med dronar, satellittar, missil og kommunikasjon frå flygande kommando- og eldleiingssentralar, så som Awacs-flya til amerikanarane.
For lågare frekvensar, 0,1–2 GHz, vert R330Zh Zhitel brukt. Han jammar lågbanesatellittar, GPS og mobiltelefoni i ein radius på eit tital kilometer. Både GPS og satellittkommunikasjon er lett å forstyrra, sidan signala deira er svake.
Neste jammar i Russlands arsenal er RB-341V Leer-3. Han forstyrrar VHF- og UHF-signal for sivil mobiltelefoni og militær taktisk kommunikasjon over fleire hundre kilometer. Også RB-341V Leer-3 er lastebilbasert og kan jamvel utvide området sitt for jamming med Orlan-10-dronar, som også kan utstyrast med støysendarar. RB-341V Leer-3 vert også nytta til å senda falske meldingar og propaganda i mobilnettet ved å kidnappa det lokale mobilnettet.
Korleis kan russarane finna fiendane sine? Vel, dei fleste jammarane er også i stand til å geolokalisera fienden som dei prøver å jamma ut. Radiosamband, radaraktivitet og signal som fienden sender ut for å finna ut om han er sett, kan brukast for å lokalisera han. Det nyttar lite å gøyma seg under kamuflasje når ein sender ut ein fargefest i det elektromagnetiske spektrumet. Når fienden er lokalisert, kan ein så gå til målretta åtak.
Russarane har berre nokre få einingar som driv med rein lokalisering. Moskva 1, til dømes, brukar TV-signal reflektert frå fly og skip til å lokalisera og nøytralisera dei.
Kva må ein gjera for å unngå å verta oppdaga og forstyrra? Det vanlegaste er å bruka såkalla opportunistisk sambandsradio som stadig leitar etter område i frekvensspekteret som ikkje er jamma. I tillegg hoppar ein tilsynelatande vilkårleg rundt i det same spekteret. Det er også lurt å senda med så låg effekt som mogleg, og det finst system som sender med så låg effekt at det ser ut som vanleg støy for fienden. I tillegg krypterer ein sambandet og brukar det elektromagnetiske utstyret taktisk. Det vil seia at ein ikkje skrur det på i utrengsmål. Det minskar risikoen for å verta oppdaga og drepen.
Har ukrainarane tilsvarande utstyr? Sjølvsagt. Det er ikkje for ingenting at dei klarar å skyta ned om lag alt av dronar som kjem farande, utan å verta råka sjølve. Elektromagnetisk krigføring er som all anna krigføring: Eit middel vil alltid få eit motmiddel. Det gjeld berre å vera fyrst på bana og ha overtaket.
Den russiske elektromagnetiske krigføringa feila paradoksalt nok i byrjinga av krigen av di frontlina flytta seg for raskt og var i tettbygde område. Det var ikkje mogleg å skilja mellom militær og sivil bruk av det elektromagnetiske spektrumet. Difor var det vanskeleg å jamma og å finna fienden. No når krigen har gått over i ein fase som minner svært om fyrste verdskrigen, har dei glede av den elektromagnetiske krigføringa av di det er ei markert og stilleståande frontline mellom dei og ukrainarane.
Nei, no får det vera nok krig og elende. Eg finn Bob Marley på Spotify, og han fløymer som ljodbylgjer gjennom rommet «And we are jamming in the name of the Lord». Vel, nokre jammar for Voldemort. Korleis kan ein stoppe den russiske bjørnen? Kanskje med eit cyberåtak der ein trollar folket via sosiale medium med boka til Étienne de La Boétie, Om den frivillige trelldom (omsett til norsk av Bernt Vestre), som Hitler forbaud. Den handlar om at me underkastar oss tyrannar av di me ikkje orkar å ta ansvar.
Per Thorvaldsen
pth@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.