JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Falkeblikk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4892
20240920
4892
20240920

Det vart ikkje tur til Italia på boklækjaren i år. Etter 14 samanhengande somrar i Liguria, vart det bråstopp i år. Det aller mest irriterande er ikkje at eg gjekk glipp av varmen, dei trivelege folka, den gode maten og Middelhavet. Nei, det mest irriterande er at neste år kjem eg til å starte på null.

Løysingsforfattaren i dag har òg vore i Italia. Det var i 1911 Johan Falkberget fekk diktarstipend frå staten, og pengane ville han bruke på ei reise til Roma og andre byar i Italia. I byrjinga gjekk det greitt. Til kona og dei tre borna der heime skreiv han mange brev som vart lesne høgt for borna. Dottera Aasta har sidan sagt at desse breva frå faren i Italia, var som om mora las eventyr for dei.

Det er langt frå Roma til Røros, og etter kvart vart det tydeleg at heimlengten blei for sterk for Johan Falkberget. I eit brev til kona skriv han: «Jeg har sittet mellom ruinene på Forum Romanum og ønsket meg heim til eldhuset nord ved Rugelsjøen.»

Om Falkberget skal Knut Hamsun ha sagt: «Han har synet.» Men no skal me sjå på kva Geirr Wiggen har å seie: «Bok-gåta denne gongen er frå fjerde og siste bandet av Johan Falkbergets firebandsverk Nattens brød, Kjærlighets veier. Det kom ut i 1959. Johan Falkberget (fødd 1879) døydde i 1967, og det var Miguel Angel Asturias som fekk nobelprisen i litteratur det året. I første bandet av Nattens brød, An-Magritt, kan vi lesa om hjulmakaren Johannes at han kom til Røros med broder Jürgen som ’oppvandrede Wittenbergere’. Da var han ’konstknekt’, enno ikkje fullt utlært, men likevel såpass utdanna i matematikk o.a. (inkl. latin) at han var rekna som svenn av høgre gesellgrad og derfor fekk høgare lønn for arbeidet sitt enn vanlege arbeidarar. Johannes kom til å bli kjærasten og, etter kvart, ektemannen til An-Magritt. Wittenberg er likevel ikkje den tyske bergstaden Johannes kom frå. Han ’tilhørte gamle vel bevåkne bergmannsslekter i det eldgamle kurfystedømme’ Sachsen, der han ’i meget ong alder’ ’sattes i Freiberg Hütten-Schule’. Freiberg vart grunnlagt i 1180-åra som den første byen i Ertzgebirge og er det noverande Tysklands eldste frie bergstad, etter det vi kan lesa i Wikipedia, så det er nok den byen Medikus Libri vil ha nemnd som den tyske bergstaden hjulmakaren i Klok på bok-sitatet kom frå.»

John Olav Johnsen skriv: «Eit av høgdepunkta i norsk litteratur.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Hvis jeg noen gang skulle uttale meg om hva litteratur betyr for meg, vet jeg at Nattens brød av Johan Falkberget er det verk som har gjort størst inntrykk på meg.»

Olaug Bach skriv: «Eit verk som ein aldri gløymer.»

På oppgåve 1641 fekk me inn over 70 svar, det er nesten rekord. Det er artig at så mange hadde falkeblikk og straks kunne kjenne att Falkberget, berre frå sitatet. Dette er klokingane denne gongen: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Laurits Killingbergtrø, Signar Myrvang, Ole G. Evensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Inger Merete, Kirsti og Grete, Geirr Wiggen, John Dag Hutchison, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Fritjof Lampe, Ragnhild Løvås Stenhaug, Mette Maltau, Jorunn Øxnevad Lie, Jorunn Brekke Fjeldheim, Paul Henrik Hage, Ole Husby, Ragnhild Eggen, Synnøve Seibt, Inger Anne Hammervoll, Randi Aamodt, Jens Erik Romslo, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Ingvar Engen, Gunnar Bæra, Olav Holten, Lise Haaland, Eirik Holten, Tiril Bonnevie, Bjørn Myrvang, Jorunn Hjelle, Gunder Runde, Grethe Hald, Arve Kjøstvedt, Bjørg Ladehaug, Thana Rongen, Solrun Haukedalen, Bjørn O. Bjørnsen, Audun Gjengedal, Gudlaug Nedrelid, Per Trygve Karstensen, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Gunnar Eide, Marit Knappskog, Magnhild Reisæter, Kjell Håve, Frode Torvund, Olav B. Larsen, Kjell Helge Moe, Harald Gjørtz, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sigrun Gjengedal Ruud, Solveig Østhus, Irene og Tore på Tranby, Marta Kløve Juuhl, Inger Margrethe Berge, Åke Jünge, Ivar Stokkeland, Sissel Gunnarshaug, Nils Farstad, Olaug Denstadli, Olaug Bach, Jorunn Kleppe, Eiliv Olsen, Brita Lundeland, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Denne veka heiter bokvinnaren Audun Gjengedal. Gratulerer!

Klok på bok 1643

Dette var likevel ei større forteljing no, ei historie med endelause kladdar og skisser, men ei historie med ein slutt, ei historie om tilpassing og aksept, ei historie om fortid og endring. Ein kan ikkje kontrollere ei forteljing straks ho er i gang. Ein må bare følge den forteljinga fram til siste sekund.

Sitatet er frå side 169 i boklækjarutgåva, som er frå 2024, men fyrsteutgåva av boka kom ut i 2023. I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Hovudpersonen i den fine forteljinga har to døtrer, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamna på desse to. Send inn namn på døtrer, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 28. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Gjermund BakkeliHaga

Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Thomas Flemming

Ordskifte

Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo

Arkitekturmuseet ville ha vært det vakreste museet i Oslo, hvis det ikke hadde vært for det skjemmende tilbygget som Sverre Fehn tegnet på begynnelsen av 2000-tallet.

ThomasFlemming

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis