Presist og personleg
Carl Frode Tiller portretterer ein mann som sleper røtene etter seg.
Carl Frode Tiller er utdanna historikar.
Foto: Trine Melhuus
Roman
Carl Frode Tiller:
Arbeidarhjerte
Aschehoug
På side 207 i Arbeidarhjerte 1 står følgjande: «Lengselen som eg av og til blir fylt av når eg fortel alt det eg fortel no, eit ønske om å mane fram og halde fast i det som ein gong var, vel vitande om at det er umuleg.»
Det er dette umoglege Carl Frode Tiller tematiserer i den nye romanen sin, og gjennom forteljaren Trond, som har vakse opp i arbeidarklassen i Namsos, skildrar han eit samfunn som er borte og verdiar som har gått tapt på vegen mot ein digitalisert kvardag der kollektiv solidaritet er skifta ut med privatisering og individualisme.
«Carl Frode Tiller har eit røntgenblikk som gjennomlyser og viser fram det ein helst vil skjule.»
Romanen pendlar fram og tilbake over ein 50-årsperiode frå 1970-talet til 2022, handlinga vekslar mellom Namsos og Trondheim, og forteljaren er like gammal som Carl Frode Tiller, noko som gir eit lett sjølvbiografisk rammeverk rundt framstillinga.
Det er ei familiehistorie over tre–fire generasjonar som utfaldar seg, med Trond i sentrum, men også med fyldige skildringar av foreldre, besteforeldre, søsken, ektefelle og eigne barn.
Far til Trond er sagbruksarbeidar, kommunist og engasjert agitator, konfronterande og rett på sak. Mora er meir konfliktsky etter ein oppvekst i eit fanatisk bedehusmiljø som ho har vendt ryggen, slik far hennar vender henne ryggen og gjer henne arvelaus. Dette er skildra med bitter ironi og psykologisk fingerspisskjensle.
Tillers ironiske blikk rammar også slektningar frå USA som kjem på besøk for å finne røtene i ei gjengrodd hustomt som på toppen av det heile er feil tomt.
Meiningstap og smerte
Trond tar utdanning i Trondheim, giftar seg, blir akademikar med jobb i den vidaregåande skulen og seinare i UDI, ei typisk klassereise for mange i etterkrigstidas ungdomskull. Samtidig held han kontakten med Namsos og familien, og han pendlar mellom det jordnære i Namsos og akademisk jåleri i Trondheim.
Han trivst og mistrivst, han prøver å halde fast i noko som ein gong var, men greier ikkje heilt å setje ord på det før han ser faren som visnar bort i alkoholmisbruk etter kommunismens fall i 1989.
Det faren trudde på, finst ikkje lenger, og dette eksistensielle meiningstapet og livssmerta kjenner han sjølv på i forholdet til kona Therese og dei to døtrene Astrid og Helga. Han kjenner seg pressa opp i eit hjørne, drikk for mykje, mistar jobben, blir skild og flyttar for seg sjølv.
Avslørande lys
Arbeidarhjerte 1 er ei storslått skildring av dei siste femti åra. Tidsmarkørane er presise og treffande. Tidsbilda og miljøskildringane gjenskaper ei nær fortid og samtid der det typiske blir løfta fram og vove saman med dei menneska som opptrer og i små detaljar kastar avslørande lys over kven dei er, anten i form av det dei seier, eller i form av det dei gjer.
Carl Frode Tiller har eit røntgenblikk som gjennomlyser og viser fram det ein helst vil skjule, som når ein nabo handlar i ein billigbutikk, men ber varene heim i ein pose frå Meny, eller når dottera Astrid heller First Price-såpe over i ein finare emballasje når foreldra skal ha nabofest.
Tiller er ein meister i syrlege kommentarar, treffande og med underliggjande fornærmingar, som når ei jente kjem heim til jul med ein kjærast med mørk hud: Det blir ikkje kvit jul hos dykk i år.
Arbeidarhjerte 1 er den første av to romanar. Eg ser fram til oppfølgjaren og er spent på kva retning det tar for desse folka.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Filmen til Egil Pedersen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto i september.
Foto: Ymer Media
This ædnan is your ædnan
Forfriskande skildringar av føkkings Nesseby, om enn med litt overtenning på å koma det korrekte i forkjøpet.
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Teikning: May Linn Clement
Einstonige undertonar
Me kan seia noko med ein spørjande eller fortruleg tone, slå fast at «det var nye tonar» eller få høyra at me ikkje skal ta den tonen.
Ellen Dorrit Petersen og Renate Reinsve spelar mødrene til dei to seks år gamle skulekameratane.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Stilfull Oscar-kandidat
Den norske Cannes-suksessen Armand er ein formsterk debut.