JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Dylan, kveld for kveld

Korleis nærme seg ei utgiving som rommar 27 plater med konsertopptak?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bob Dylan på scenen med The Band. Levon Helm på trommer.

Foto frå boka

3764
20240920
3764
20240920

Rock

Bob Dylan:

The 1974 Live Recordings

Sony

Datoen er 4. januar, året er 1974, og Bob Dylan framfører «Nobody ’Cept You» i Chicago, på det som er den andre av 40 stadionkonsertar den vinteren. Det er åtte år sidan sist han stod på ein scene, og det sitrar i publikum, i møte med ein song ingen har høyrt før. 

Eg lyttar, og kjem til å tenkje på den utrøyttelege Dylan-kronikøren Paul Williams’ entusiastiske gjennomgang av opptak han hadde fått tak i frå turneen i ei bok som kom ein gong på 1980-talet. Sjølv hadde eg berre den offisielt utgivne dobbelplata Before the Flood (1974) som dokumentasjon, medan Williams var ein av desse folka som hadde funne vegen til alskens piratopptak frå alle tider – og ifølgje han var akkurat denne versjonen av «Nobody ’Cept You» heilt fenomenal.

Og det er han jo, det kan eg høyre, alle desse åra seinare, når Sony i dag gir ut heile 431 songar på 27 CD-plater frå turneen og gir meg den tilgangen som ein gong var så eksklusiv for slike som Williams. Kva hadde tenåringsutgåva av meg sagt om han såg meg sitje her med alt dette materialet mellom hendene?

Julekveld i stova

Historia om 1974-turneen har vore fortald mange gonger. Dylan og The Band rasar gjennom songane med ein uhyrleg energi, med noko som liknar hastverk, og tidvis, særleg dei gongene Dylan står på scenen åleine, med noko som kan likne sinne.

Eg har alltid vore særleg glad i det akustiske solomaterialet på Before the Flood, og med dette får eg rikeleg meir av det, i versjonar eg før berre har lese om, eller, etter at det vart mogleg, kome over på YouTube. Her er «Wedding Song», ein song som ikkje enno var ute på Planet Waves, som var rett rundt hjørnet, og her er songar som berre vart framførte ein einaste gong på turneen, som «Desolation Row», «4th Time Around» og «Ramona». Det er klart det er julekveld i stova, både for meg og for det som er att av tenåringen i meg.

Before the Flood var Dylans første konsertplate, og inneheldt tre akustiske låtar, ti songar med The Band og åtte med The Band åleine. Alle opptaka (med unntak av to spor) var henta frå dei tre siste konsertane på turneen, i California, på eit tidspunkt då repertoaret sat som støypt, etter 43 turnédagar i 21 byar.

To konsertar per dag

I møtet med The 1974 Recordings graviterer eg dermed mot første del av den gigantiske boksen, der det er meir prøving og famling, og variasjon frå kveld til kveld. Eg frydar meg over å høyre The Bands unike virtuositet igjen, og saknar deira eiga avdeling på konsertane, som ikkje er med i denne samlinga – det hadde vel vorte i overkant å gape over, sjølv for meg.

Det fanst ei tid då dylanologien summa i spekulasjonar om konsertar og piratopptak, men no når (nesten) alt etter kvart faktisk vert tilgjengeleg, korleis lyttar ein? Det tenkte eg på i møte med Blood on the Tracks-boksen, konsertopptaka frå 1966, og det tenkjer eg på no. Idet eg skriv dette, har eg saktens lytta mykje – men eg er likevel på langt nær gjennom alt. Hadde eg prioritert det, ville eg fort ha mista både kone og jobb. Det er ikkje sikkert det hadde vore verdt det.

Utgivingar som dette må ein vel nærme seg meir som eit arkiv. For nokre vil det seie litt no og då, for andre går det an å nerde litt hardare. Dette er til dømes eit høve til å få ei kjensle av kor hardt turnélivet kan vere, om ein følgjer datoane frå 1974, og lyttar seg frå den første konserten i Chicago til den siste i Los Angeles, no på nyåret i 2025. Det vart ofte to konsertar per dag, i løpet av dei 42 dagane det varte. Eg får vurdere om ekteskap og arbeidsliv toler det.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Gjermund BakkeliHaga

Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Thomas Flemming

Ordskifte

Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo

Arkitekturmuseet ville ha vært det vakreste museet i Oslo, hvis det ikke hadde vært for det skjemmende tilbygget som Sverre Fehn tegnet på begynnelsen av 2000-tallet.

ThomasFlemming

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis