JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lytt til Ness

Hayden Thorpe har tonesett ein parabel om menneskets destruktive krefter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hayden Thorpe har henta inspirasjon frå forfattaren Robert MacFarlane til det nyaste albumet.

Foto: Eeva Rinne

3126
20240927
3126
20240927

Rock

Hayden Thorpe:

Ness

Domino

Lytt, er oppmodinga i «Merman», opningssporet på Ness, det tredje soloalbumet frå Hayden Thorpe, idet noko som liknar hjarteslag, festar seg i ein rytme. Eit elektrisk gitarriff får leggje seg i botnen, og etter kvart kjem Jack McNeills klarinett snikande.

Eg vert slegen av kor vakker røysta til den tidlegare vokalisten og frontmannen i Wild Beasts er, ein svimlande tenor som har ein tendens til å setje enkelte lyttarar ut. Men kven er det vi vert bedne om å lytte til? Kva for eit landskap er vi på veg inn i?

Svaret på begge desse spørsmåla er det same: Ness. «Listen to Ness», syng Thorpe: «Ness speaks gull, speaks wave, speaks bracken & lapwing.» Poesien peikar oss i retning av kystliv og naturliv, men Ness talar med fleire tunger: «Ness speaks pagoda, transmission, reception.»

Mange lag

Det er mange lag å pakke ut for den som skal skrive om Ness. Verket er ei tonesetjing av store delar av boka forfattaren Robert Macfarlane og biletkunstnaren Stanley Donwood først gav ut for seks år sidan, som sirklar rundt Orford Ness, eit naturreservat på Suffolk-kysten, som historisk er kjent som testområde for det britiske forsvaret gjennom vel sytti år.

Måkeskrik møter testing av atomvåpen – det var desse motsetjingane som danna utgangspunktet for Macfarlanes tekst, som trekkjer på litterære grep kjende frå til dømes det gammalengelske heltediktet Beowulf i ei skildring av kamp mellom ulike krefter.

Ness framstår dermed som eit mytisk landskap, der element frå naturen konvergerer i noko monstrøst, i møte med «the Armourer», som driv med strategiske disposisjonar saman med «the Engineer», «the Botanist», «the Ornithologist» og «the Physicist». Macfarlanes tekst, som med intrikate bokstavrim i utgangspunktet passar godt til resitasjon, vert i Thorpes hender eit fascinerande stykke kunst-kammerpop – assosiasjonane mine går til musikken Mark Hollis laga med og utan Talk Talk, på plater som Spirit of Eden (1988) og Mark Hollis (1998).

Fleire klangbotnar

Orkestreringa med Propellor Ensemble (arrangert av McNeill) er spiss og nøktern, og korarrangement og høgtlesing, begge ved Kerry Andrew, passar perfekt inn. Skaffar du deg vinylutgåva, får du til og med eit inntrykk av korleis Radiohead-kunstnar Donwood visualiserer Ness i boka, som saman med plata utgjer eit retteleg totalkunstverk som dreg på kreative krefter på tvers.

Macfarlane og Thorpe kom i kontakt med kvarandre då sistnemnde flytta tilbake til heimtraktene under pandemien. Det første samarbeidet var ein kveld der forfattaren las høgt og musikaren akkompagnerte. Då det gav meirsmak, var dei første stega på vegen til plateutgivinga Ness tekne.

Som lesar av Macfarlane gjennom mange år sat eg klar med boka i fanget då musikken først fylte rommet, og det gjer meg ikkje mindre imponert over det Thorpe har fått til – Ness har fått eit liv til, med endå fleire klangbotnar, og eit nytt publikum.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Gjermund BakkeliHaga

Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Thomas Flemming

Ordskifte

Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo

Arkitekturmuseet ville ha vært det vakreste museet i Oslo, hvis det ikke hadde vært for det skjemmende tilbygget som Sverre Fehn tegnet på begynnelsen av 2000-tallet.

ThomasFlemming

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis