JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Så lettskremde er vi vel ikkje?

Ei grei spøkjelseshistorie som gjev seg ut for noko anna og meir skremmande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Advokat Arthur Kippe, spelt av Øystein Martinsen, gjenopplever eit 30 år gamalt minne.

Foto: Andreas Roksvaag

2522
20240920
2522
20240920

Det Vestnorske Teateret                                                                                                                             

Susan Hill:                                                                                                                          

Kvinna i svart

Dramatisert av Stephen
Mallatratt                                                                                                          
Regi og omsetjing: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Yngve Sundvor, Cato Skimten Storengen og Øystein Martinsen
Lysdesign: Arne Kambestad                                           
Lyddesign: Gunnar Innvær

Kvinna i svart, som visst aldri har vore vist på ei norsk scene før, kjem med ei historie som lover godt. Stykket skal ha gått samanhengande i 32 år på ei scene i London og vere sett av sju millionar menneske. Det er også filma både for TV og for kino. Og det skal visstnok ha skremt livskiten (også kjend som mageinnhaldet) av fleire tilskodarar. «Skumlare enn nokon skrekkfilm», får vi vete.

Framsyninga er underhaldande og velspelt, men kan knapt skremme ein tolvåring.

Vi får rett nok høyre om det skremmande, og slik at vi kan tru på det, men på teaterscena ventar vi også å få sjå det, oppleve det, kjenne det på kroppen. Kva er elles vitsen med å setje 15-årsgrense? Eller er det berre eit ledd i førehands-hypen teatersjef Thomas Bye presenterer om kor vanvitig skremmande denne framsyninga er? Det er mest så det freistar å melde han til Forbrukartilsynet.

Ein advokat (Øystein Martinsen) har hatt ei sterkt traumatiserande oppleving i samband med ei gravferd, og dette vil ikkje sleppe taket i han. 30 år seinare har han skrive eit manus om det han opplevde, og hyrer ein skodespelar (Cato Skimten Storengen) til å lage teater av historia – slik at han sjølv skal kunne oppleve uhygga på nytt og gjennom det kanskje fri seg frå frykta.

Den svartkledde kvinna (Vilde Biserød Vengnes), spøkjelset vi får sjå nokre få gonger, verkar rett nok litt skremmande der ho sklir over scena. Men det er ikkje nok. Også lysdesignar Arne Kambestad og lyddesignar Gunnar Innvær nyttar mange av dei effektane dei har til rådvelde, men heller ikkje det set livskiten i rørsle.

Historia er god, skodespelet likeins, men i denne sjangeren gjeld framfor alt regelen show, don’t tell!

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Gjermund BakkeliHaga

Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Thomas Flemming

Ordskifte

Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo

Arkitekturmuseet ville ha vært det vakreste museet i Oslo, hvis det ikke hadde vært for det skjemmende tilbygget som Sverre Fehn tegnet på begynnelsen av 2000-tallet.

ThomasFlemming

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis