JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Brølet nedanfrå gav ekko ovanfrå

Arkitekturopprøret har treft ein nerve blant folk. Og stadig fleire arkitektar lyttar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arkitekturopprøret har plassert dette arkitekturprosjektet i Telekvartalet i Sarpsborg på lista over dei beste i 2024. Arkitekt er MAD, og byggherre er Fredriksborg Eiendom.

Illustrasjon: Fredriksborg eiendom

11272
20240816

Bakgrunn

Arkitekturopprøret

Aksjonsgruppe som har vore aktiv i sosiale medium sidan 2021

Vert no etablert som medlemsorganisasjon

Er kritisk til moderne høghus og glatte fasadar

Tek til orde for harmonisk arkitektur i klassisk stil

Arkitektur

christiane@dagogtid.no

Like ved Solli plass i Oslo sentrum ligg ein klassisk bygard med detaljrik fasade og smijernsbalkongar. På innsida: marokkanske fliser på golvet, fargerike blomemåleri i taket og ein bogeforma portal som fører vidare til ei velbrukt trapp, dekorert med gullfarga blad og forseggjorde stolpar.

Ville vi menneske hatt det betre med fleire slike klassiske bygningar rundt oss?

Det meiner Saher Sourouri, som i fleire år har stått i spissen for Arkitekturopprøret i sosiale medium. Eit opprør som i løpet av få år har skrudd volumet kraftig opp i arkitekturdebatten her i landet, og som stadig fleire arkitektar seier har endra måten dei tenkjer og teiknar på.

Eg møter Sourouri på kontoret hans i fjerde etasje, der han til dagleg praktiserer som psykolog, i eit forsøk på å gjere opp status. Kva har Arkitekturopprøret fått til, og kvar går vegen vidare?

For framover skal aksjonistane gjere meir enn å rope «stygt» og «pent» i sosiale medium. No etablerer dei seg som ein medlemsorganisasjon, melde Minerva nyleg. Dei trappar opp aktiviteten.

Folkeleg og rebelsk

– Vi har i fleire år diskutert å verte ein medlemsorganisasjon. Audun Engh, som var med på å stifte Arkitekturopprøret, men døydde i vår, var positiv til det. Eg var meir skeptisk, og har ønskt å ta vare på det uorganiserte, folkelege og rebelske, seier Sourouri.

Men det kostar å gjere opprør, har han erfart.

– Vi har brukt mykje både tid og pengar, og hittil har vi betalt alle utgifter av eiga lomme. Det er ikkje lenger berekraftig. Vi ønskjer også å realisere nye idear. Skal vi kunne gå vidare, må vi verte noko anna, og då opprettar vi ein organisasjon.

Kva som kostar? Å drive nettside, halde foredrag, publisere nyhende og grafikk, produsere podkast, opprette YouTube-kanal, arrangere debattar og prisutdelingar. Kort sagt drive effektiv påverknad.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

– Arkitekturopprøret er eit opprør mot det vi opplever som ein autoritær modernistisk ideologi.

Saher Sourouri, talsperson i Arkitekturopprøret

Enkel bodskap

Ein kan meine kva ein vil om Arkitekturopprøret, men dei har for lengst vist at dei klarer å nå ut. Bodskapen er enkel: «Vakker arkitektur gjør oss glad og fornøyd. Men i dag bygges stygge bygninger. Vi ønsker å endre dette», skriv dei om seg sjølv på Instagram. Rekk opp handa, den som er usamd.

Høghus, blanke fasadar og formeksperiment får gjennomgå. Klassiske bygningar som harmonerer med husrekkja dei går inn i, får ros.

Dei over 77.000 som følgjer Arkitekturopprøret på Instagram og dei 32.000 på Facebook, kjenner etter kvart att kommunikasjonsoppskrifta. Kontrastar mellom «pent» og «stygt», harselas, humor og sterke meiningar er viktige ingrediensar.

Aksjonistane tek seg fridommen til å samanlikne firkanta modernistiske bygningar med belgiske vaflar, og reine fasadar med hovud utan andlet. Eller klassiske bygningar for sosialklientar i utlandet med modernistiske luksusbustader i Noreg (gjett kven som kjem best ut).

Og no står den eine kjendisen etter den andre fram under logoen til Arkitektopprøret og ber om vakrare arkitektur.

Brutalt og elendig

Det er ikkje nytt at ein del er kritiske til modernistisk arkitektur, eller at ein del synest mykje av det som vert bygt, er stygt. Det nye er kor breitt Arkitekturopprøret har nådd ut, og at dei faktisk er vortne lytta til.

«Dette er den siste saken jeg skriver om Arkitekturopprøret. For nå har de vunnet», skreiv arkitekturskribent Gaute Brochmann i Morgenbladet i juli i fjor. «Arkitekturopprøret har ikke bare vunnet – seieren er helt knusende», skreiv han fem månader seinare.

For Brochmann har observert ei tydeleg endring blant retningsgjevande arkitektkontor. Formeksperiment vert skrota for å gje plass til klassiskinspirerte prosjekt. Når Arkitekturopprøret kvart år tildeler Grøssprisen og Hedersprisen, står pressa parat til å skrive om dei, som om det skulle vere ein prestisjetung fagpris.

Både NRK og Minerva har skrive om ein ny trend ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), der fleire arkitektstudentar den siste tida har fordjupa seg i klassiske stilretningar.

Og Arkitektopprøret roper ikkje lenger berre «stygt» i sosiale medium, men også setningar som «sjå så pent dei byggjer her!».

Hotellet The Wood i Bodø er plassert på lista over dei verste arkitekturprosjekta i 2024. Arkitekt er KB arkitekter, og byggherre er Arthur Buchardt.

Har lytta

Så kva seier arkitektane? Har dei late seg påverke av aktivistane? Ja, svarer Tina Larsen, nyvald president i Norske arkitekters landsforbund.

Ho fortel om ein tosidig effekt. For det første har Arkitekturopprøret klart å få merksemd om faget. Folk snakkar meir om bygningane vi har omkring oss, og fleire tør ytre meininga si. Fleire etterlyser god arkitektur.

For det andre har bodskapen om å byggje estetiske og menneskevennlege nybygg vunne gjenklang blant arkitektar.

– Vi ønskjer mykje av det same som Arkitekturopprøret – ein stadstilpassa arkitektur, ein menneskeleg målestokk, ei heilskapeleg utforming og ein bevisst bruk av farge og material. Vi ser at ein del prospekt dei siste åra har gått i retning av friare formspråk og rikare fargebruk. Eg er ikkje i tvil om at Arkitekturopprøret har medverka til det.

Brutalt

Arkitekturopprøret har vorte kritisert for å forenkle debatten om arkitektur, for å vere for oppteke av subjektive kriterium som pent og stygt, for å vere for opphengt i stil og fasade og for lite oppteke av funksjon.

Men Sourouri og hans allierte har også fått sterk draghjelp frå fagfolk, som har brukt like sterke ord om nybygg og byutvikling som dei sjølv.

Oppsiktsvekkjande brutal og lite sjenerøs, sa danske Christian Pagh om byutviklinga i Oslo då han traska gatelangs med Aftenposten i 2021. Pagh var då byutviklingsekspert og direktør for Oslo arkitekturtriennale.

Seks år i Noreg har ikkje gjort han mildare stemd, og i sommar spurde han kvifor Noreg byggjer så mykje elendig, og planlegg så mykje dårlegare enn nabolanda.

«Vi bygger så stygt fordi vi som samfunn ikke vil mer», skreiv arkitekt Geir Brendeland, som sjølv har vorte kritisert av Arkitekturopprøret, i eit lengre Facebook-innlegg i vår. Der tok han eit oppgjer med politikarar og utbyggjarar som ikkje vil ta seg råd til skikkelege materiale eller handverk, for ikkje å snakke om den tida det vil ta å teikne ein vakker fasade.

Stilkonflikt

Så mykje om semja.

– Vi er samde om diagnosen, men ikkje medisinen, seier Tina Larsen.

For svaret på for dårleg arkitektur kan ikkje vere å berre byggje klassiske fasadar, slik ho ser det.

– Arkitektar må ta omsyn til det samtida treng. Vi må skåne planeten, byggje ned minst mogleg natur, bruke materiale og fysiske bygningar på nytt. Vi skal ta vare på bygningar med klassiske fasadar og tillate bygg inspirerte av dei estetiske prinsippa frå antikken, men eit estetisk mangfald er bra.

Larsen søkjer ein felles grunn mellom arkitektar og Arkitektopprøret. Kan han liggje i ei større vekt på ein meir menneskeleg og sanseleg arkitektur?

– Arkitektar ønskjer å utforme ein arkitektur som gjev gjenklang i menneskesinnet, som er estetisk og vakker. Kanskje kan vi ti eller hundre år fram i tid sjå tilbake på vår tid og seie at det kom ein ny stil?

Foto: Børge Sildnes / NAL

– Vi er samde om diagnosen, men ikkje medisinen.

Tina Larsen, president i Norske arkitekters landsforbund

Det folk liker

Lagnaden kan vere ironisk. Gjennom vindaugsruta på kontoret i den klassiske bygarden ved Solli plass ser Saher Sourouri ut på ein modernistisk kontorbygning i betong og granitt som har vore kalla den første skyskraparen i Oslo. Indekshuset (Industriens og Eksportens Hus) vart reist i 1964 og erstatta eit kvarter med bustader for dei pengesterke, inspirert av barokken – det engelske kvarter.

– Det vert sagt at ein ven seg til arkitektur. At mange er skeptiske i starten, men så lærer seg å like han. Eg har sett på den bygningen i 15 år, og eg har ikkje lært å like det. Så eg er eit vandrande eksempel på at teorien er tvilsam. Eg trur bygningen er kåra til den styggaste i Oslo fleire gonger, seier Sourouri.

– Alle kan finne modernistiske bygningar dei ikkje liker, men dei er jo varierte. Finst det ein modernistisk bygning som du set pris på?

– Nei, det gjer ikkje det. Når eg ser eit nybygg, kan eg i beste fall verte letta over at det ikkje er verre. Eg ser ikkje på modernisme som vondskap som skal verte utrydda, men eg er oppteken av å utvide synet på kva som er arkitekturen for vår tid, seier han.

– Arkitekturopprøret er eit opprør mot det vi opplever som ein autoritær modernistisk ideologi, som definerer seg sjølv som den einaste sanne arkitekturen for vår tid og har gjort det i over 100 år. Arkitektar må lytte til folk som skal leve med bygningane, og kva dei liker. Eg kan ikkje hugse at det nokon gong har vore ei meiningsmåling om kva lokalbefolkninga i eit område vil ha.

Fehn-vandalisme

I desse dagar vert det feira at arkitekten og modernisten Sverre Fehn ville fylt 100 år den 14. august. Også i denne avisa får han merksemd over fire sider. Når eg ber Saher Sourouri og Tina Larsen kommentere arbeidet hans, kjem stilkonflikten til overflata.

Larsen kallar Fehn ein inspirerande arkitektpioner og ein modernist med estetisk sans. Ein arkitekt som skapte vakker og varig arkitektur, som skapte poetiske rom tett på naturen.

Sourouri har ikkje inntrykk av at så mange i befolkninga synest Fehn-bygningane er så vakre.

– Personleg har eg ingen sterke meiningar om han, men utvidinga han har teikna for arkitekturmuseet i Oslo, er jo rein vandalisme av den vakre eldre bygningen.

Utfordrar politikarane

Korleis utvikle ein arkitektur som fleire er nøgde med og oppfattar som vakker? Arkitekturopprøret og Norske arkitekters landsforbund peiker i same retning: Politikarane må ta større grep om utviklinga.

– Partia må skaffe seg ein arkitekturpolitikk. Dei kan vere heilt samde eller usamde med oss, men dei må skaffe seg ein politikk, slik at folk veit kva dei står for, seier Sourouri.

Han seier Arkitekturopprøret i Sverige har fått langt større innverknad på byggjeprosjekt enn her heime, fordi politikarar der har gjort arkitektur til ei fanesak.

Også Larsen meiner det må politisk vilje til for å heve kvaliteten på norsk arkitektur. Ho etterlyser ein arkitekturpolitikk, ein stortingskomité, ein riksarkitekt, eit budstaddepartement.

– Vi må tore å setje hårete mål. Vi må få opp ambisjonane, og då treng vi politiske strategiar, seier ho.

Reell endring

Kva vil Sourouri sjølv seie er status for Arkitekturopprøret, tre år etter at dei gjekk viralt i sosiale medium? Han seier det er vanskeleg å måle innverknad.

– Enkelte gonger føler ein at ein har fått til ting, og andre gonger vert ein lei og føler at ein ikkje har fått til noko som helst. Det går sakte i byggjebransjen. Det kan ta mange år frå ein byggjesøknad til eit ferdig bygg. Bygningane som dukkar opp i bybiletet no, vart teikna og planlagde lenge før Arkitekturopprøret vart kjent. Det er framleis tidleg å vurdere effekten av Arkitekturopprøret. Vi vil jo ikkje berre vere ein del av debatten, men føle ei reell endring.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Gjermund BakkeliHaga

Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Thomas Flemming

Ordskifte

Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo

Arkitekturmuseet ville ha vært det vakreste museet i Oslo, hvis det ikke hadde vært for det skjemmende tilbygget som Sverre Fehn tegnet på begynnelsen av 2000-tallet.

ThomasFlemming

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis