JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Sverre Fehn

Under arbeidet med essayet om Sverre Fehn i Dag og Tid 16. august dukka det opp eit par feil i sentrale kjelder som bør rettast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3000
20240823
3000
20240823

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Retting

Etter publiseringa kom spørsmålet om det verkeleg var Sverre Fehn eg hadde sett i Havna allé.

Ja, det meiner eg det var, men vi var ikkje naboar, slik eg har trudd.

Sverre og Ingrid Fehn kjøpte Villa Dammann i 1981 for 1,5 millionar, og då dei selde i 1999, var verditaksten 7,4 millionar. Året før hadde Riksantikvaren freda bygningen. Vi kjøpte for å berge den, sa Fehn då han flytta ut.

Kjøpet i 1981 visste eg om, men det stod klart for meg at han også budde der før. Det gjorde han ikkje. I 1970-åra budde eit eldre ektepar der, og dei døydde med få månaders mellomrom i 1977.

Les også: «Sverre Fehn – meisteren som bygde lys»

Då eg blei kjend med Fehn seint i 1990-åra, fortalde eg om livet i gata og at eg fleire gonger gjekk bort til Villa Dammann og studerte verket. Å bu der var som å kome heim, sa han. Årstal snakka vi nok ikkje så nøye om.

At eg såg han i Havna allé, er eg likevel sikker på. Den gongen var synet mitt så bra at eg kjende att ansiktet frå avisene. Eitt bilete frå ein vinterdag har brent seg fast: Alt er kvit nysnø, eg kjem opp trappa frå underetasjen i nr. 8 B og ser mannen med den svarte mappa gå bortover vegen. Ingen andre er å sjå, alt er kvitt, han går der med dokumentmappa i handa. For meg er dette framleis sinnbiletet av ein som eg visste det stod strid om. Han gjekk der i vêret, svart i kvitt, åleine.

Feilen som bør rettast i seinare framstillingar, gjeld tidfestinga av eit verk. I slike høve går ein gjerne ut frå året då byggverket stod ferdig. Det kan gå mange år frå teikning til opning, og byggjeteikningar blir ofte endra undervegs. Storhamarlåven ved Hamar var teikna ferdig i 1969, bygningsarbeidet avslutta i 1973, utstillinga fullført i 1980, og jamvel endå fleire årstal er blitt brukte om verket. For fullførte verk oppstår såleis inkonsekvensar, medan det for ufullførte verk er greiare. Eller?

Arbeidet med essayet sende meg inn på mange sidevegar, og der dukka det opp eit par feil som går att i autoritative bøker og oppslagsverk om Sverre Fehn. Der står det at han saman med Geir Grung i 1950 teikna eit krematorium i Larvik. I bøkene er teikningane til ein administrasjonsbygning på Maihaugen ved Lillehammer tidfesta til både 1949 og 1959, også det saman med Grung. Bygningen stod ferdig i 1956.

Eg gjekk til kjeldene frå samtida. Fehn og Grung vann ein konkurranse om administrasjonsbygning på Maihaugen i februar 1950. Larvik kommune vedtok i november 1950 å lyse ut arkitektkonkurranse for nytt krematorium, og tre vinnarar blei offentleggjorde primo september 1951. Mellom dei 43 framlegga som ikkje nådde opp, var det som Fehn og Grung hadde laga. Krematoriet i Larvik må altså omdaterast til 1951. Så blir det filigrans om bygningen på Maihaugen skal tidfestast til 1949, då teikningane blei laga, eller 1950, då vinnarane av konkurransen blei offentleggjorde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Gjermund BakkeliHaga

Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Thomas Flemming

Ordskifte

Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo

Arkitekturmuseet ville ha vært det vakreste museet i Oslo, hvis det ikke hadde vært for det skjemmende tilbygget som Sverre Fehn tegnet på begynnelsen av 2000-tallet.

ThomasFlemming

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis