Sokkeldirektoratets pådrivarrolle i oljedebatten er problematisk.
Johan Sverdrup feltsenter.
Foto: Carina Johansen NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Oljefondet
Sokkeldirektoratet (tidlegare Oljedirektoratet) har hatt suksess med sin siste ressursrapport og utsegna om at «Noreg kan gå glipp av nesten eit heilt oljefond».
E24 skreiv at «Full fart kan gi ’ekstra oljefond’», og Finansavisen skreiv at «forskjellen mellom høg og låg produksjon av olje og gass kan utgjere nesten eit heilt oljefond». Overalt kor eg har vore i det siste, har eg høyrt folk snakke om at «vi kan gå glipp av eit oljefond».
Hovudbodskapen sit, men folk hugsar gjerne ikkje akkurat kva som skulle til for å sikre oss det ekstra oljefondet. Nokre meinte å hugse at det handla om å leite mest mogleg, andre trudde det handla om å hente opp absolutt alt av olje og gass på sokkelen. Oljebransjens organisasjon, Offshore Norge, deltok nyleg på ein klimafrukost og sa (litt upresist) at «Sokkeldirektoratet seier at ein aktiv leitepolitikk vil gi 15.000 milliardar kroner».
Direktoratet har dermed fått det til å framstå som om norske politikarar står ved eit vegskilje og må velje retning: Vegen med oljevenleg politikk og eit ekstra oljefond? Eller vegen der vi går glipp av eit ekstra oljefond?
Dag og Tid er blant dei få som har gått bildet av eit ekstra oljefond etter i saumane. I ein nyheitssak 6. september opplyser avisa, i eit intervju med rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger, om ein heilt sentral føresetnad som direktoratet ikkje informerte om i si pressemelding: I scenarioet der Noreg kan tene 15.000 milliardar ekstra, altså «nesten eit heilt oljefond», føreset det ein svært høg oljepris på 95 dollar fatet heilt fram til 2050. I det lågaste scenarioet, der ein går glipp av eit oljefond, er oljeprisen 45 dollar.
I tillegg er det ei rekkje andre føresetnader som er lagde til grunn i dei ulike «moglegheitsbileta» frå Sokkeldirektoratet. Til dømes føresetnader om mange funn (til dels flaks) i det høge scenarioet, og få funn (til dels uflaks) i det låge scenarioet.
Norske politikarar kan ikkje bestemme over verken oljepris eller flaks og uflaks. Likevel har Sokkeldirektoratet klart å skape ei forståing av at det ekstra oljefondet handlar om politiske avgjerder.
Sokkeldirektoratet påstår også at sjølv den mest aggressive leitepolitikken vil vere «i tråd med ei vellukka oppfølging av Parisavtalen». Eg vil utfordre direktoratet til å finne forskarar i FNs klimapanel som støttar ein slik påstand. Klimaforskar Ida Sognnæs i Cicero har sagt at «det er vanskeleg å argumentere for at ny olje og gass som ikkje kjem i produksjon før om 10–15 år, er i tråd med måla i Parisavtalen».
Sokkeldirektoratet har eit utdatert mandat, som handlar om å presse mest mogleg ut av norsk sokkel. Direktoratet var veldig negativt til Klimautvalet 2050, meir enn oljebransjen sjølv, og har også fått kritikk frå eigen bransje for ikkje å «ta inn over seg det grøne skiftet». Sokkeldirektoratets slagside er eit politisk problem, fordi det kan villeie folket, presse politikarar og bremse tempoet i grøn omstilling.
Ansvaret for dette problemet ligg hos den til kvar tid sitjande regjering, som lagar mandatet til direktoratet.
Anne Karin Sæther er prosjektleiar i Norsk klimastiftelse.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Filmen til Egil Pedersen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto i september.
Foto: Ymer Media
This ædnan is your ædnan
Forfriskande skildringar av føkkings Nesseby, om enn med litt overtenning på å koma det korrekte i forkjøpet.
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Teikning: May Linn Clement
Einstonige undertonar
Me kan seia noko med ein spørjande eller fortruleg tone, slå fast at «det var nye tonar» eller få høyra at me ikkje skal ta den tonen.
Ellen Dorrit Petersen og Renate Reinsve spelar mødrene til dei to seks år gamle skulekameratane.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Stilfull Oscar-kandidat
Den norske Cannes-suksessen Armand er ein formsterk debut.