Ser ei slagside i direktoratet
Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.
Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.
Foto: Carina Johansen / NTB
Les også
Johan Sverdrup feltsenter.
Foto: Carina Johansen NTB
Sokkeldirektoratets pådrivarrolle i oljedebatten er problematisk.
Les også
Fekk ikkje plass til alt
Sokkeldirektoratet
Statleg etat under Energidepartementet
Oppretta i 1974
Heitte Oljedirektoratet fram til 1. januar
Hovudsete i Stavanger
Skal legge til rette for petroleumsverksemda i Noreg
Ansvar for mellom anna miljøaspekt, tryggleiksaspekt og teknologiske og økonomiske sider ved verksemda
Skal vere pådrivar for utvikling av nye ressursar i olje- og gassverksemda

Økonomi
peranders@dagogtid.no
«Norge kan gå glipp av nesten et helt oljefond» – det liknar ei dramatisk, klikkframkallande overskrift i ei nettavis. Men dette var tittelen det statlege Sokkeldirektoratet nytta på pressemeldinga si ved framlegginga av ressursrapporten 21. august. (Om du stussar på namnet, er det fordi Oljedirektoratet skifta namn ved årsskiftet.)
Direktoratet kjem med ein ny ressursrapport omtrent annakvart år. Dette er blant dei viktigaste grunnlagsdokumenta for den norske petroleumspolitikken. Her får lesaren mellom anna oversyn over produksjon av olje og gass, nye funn og attverande ressursar under havbotnen.
Men da årets utgåve skulle presenterast, var det framtida direktoratet vinkla på. «Forskjellen mellom høy og lav produksjon av olje og gass kan utgjøre nesten et helt oljefond, viser Sokkeldirektorarets mulighetsbilder fram mot 2050», heitte det i pressemeldinga. Det er ikkje småtteri. Oljefondet er no verdt over 18 billionar kroner. Men kva tyder eigentleg dette?
– Reknar feil
Svært forenkla har Sokkeldirektoratet laga tre scenario – såkalla «mulighetsbilder» – for leiting, investering og utvinning på norsk sokkel fram til 2050. I alle scenarioa minkar produksjonen frå 2025, men i ulikt tempo. Og skilnaden på inntektene til staten i dei ulike framtidsbileta er enorm.
Foto: Heiko Junge / NTB
«Mellom det høye og det lave mulighetsbildet viser Sokkeldirektoratets beregninger en forskjell i netto kontantstrøm på om lag 15.000 milliarder kroner», heiter det i pressemeldinga – altså ikkje så veldig langt frå verdien av Oljefondet i dag.
Bodskapen er klar: Om aktiviteten fell raskt og produksjonen blir som i det låge scenarioet, blir den norske staten langt fattigare dei neste tiåra enn han kunne ha vore. 15 billionar kroner fattigare, for å vere presis.
Men reknestykket er feil, meiner Klaus Mohn. Han er rektor ved Universitetet i Stavanger, utdanna petroleumsøkonom, og var sjeføkonom for Statoil frå 2009 til 2013. I innlegget «Oppblåste oljeverdiar frå Sokkeldirektoratet» i Dagens Næringsliv 22. august peika Mohn på to store problem med framstillinga.
Pris og produksjon
For det første: Pressemeldinga om ressursrapporten sa ingenting om at det høge anslaget for kontantstraumen også hadde høge olje- og gassprisar fram til 2050 som føresetnad, medan det låge anslaget hadde låge prisar som føresetnad.
Og kor oljeprisen hoppar i framtida, veit ingen. Om målet er å vise konsekvensane for norsk økonomi av høg og låg produksjon på sokkelen, burde direktoratet difor legge same pris til grunn i dei ulike scenarioa sine for produksjonen, hevda Mohn i innlegget. «I så fall blir den relevante differansen ikkje 15.000 milliardar kroner, men 6000 milliardar kroner.»
Slik utdjupar Mohn kritikken sin overfor Dag og Tid:
– Sokkeldirektoratet skaper eit inntrykk av at skilnaden i framtidige inntekter handlar om skilnader i produksjonen. Men den viktigaste skilnaden på dei høge og låge anslaga handlar om prisutviklinga. Det er heilt greitt at direktoratet lagar scenario, men dei må få fram kva det er som utgjer det meste av skilnaden på dei høge og dei låge anslaga. Og det er olje- og gassprisane.
– Kvifor trur du at direktoratet har valt ei slik framstilling?
– For politikarane blir det vanskelegare å avvise ei vidareutvikling av næringa om det er enorme verdiar som står på spel for Noreg.
– Men dei verdiane er jo enorme?
– Ja. Og nett difor burde det vere unødvendig å overdrive.
Framtidskroner
I tillegg peikar Mohn på eit anna problem med reknestykket til direktoratet. Det poenget er meir komplisert, og handlar om det som blir kalla diskontering. Svært forenkla: Éi krone i dag er ikkje det same som éi krone i framtida.
For det første har vi prisstiginga som reduserer kroneverdien. For det andre: Om du har pengane i banken, vil dei forrente seg. Sokkeldirektoratet har ikkje teke omsyn til den såkalla diskonteringsrenta når dei samanliknar verdien av oljefondet i dag med dei moglege framtidige verdiane frå olje- og gassutvinninga. Difor blir samanlikninga med verdien av Oljefondet i dag feil, meiner Mohn.
«Diskontering med tre prosent rente reduserer forskjellen mellom oppside og nedside i Sokkeldirektoratet sine scenario til om lag 4000 milliarder kroner. Dette er mye penger. Men det er ikke ’nesten et helt oljefond’», skreiv han i DN-innlegget.
– Om ein tek omsyn til diskonteringa, blir skilnaden på dei høge og låge scenarioa til Sokkeldirektoratet 30 prosent mindre. Og da har eg nytta ei ganske låg diskonteringsrente, seier Mohn.
– Om ein skal samanlikne verdien av Oljefondet med verdiar frå framtidig utvinning, må samanlikninga skje på like vilkår. Oljefondet representerer ein diskontert verdi, og kan ikkje samanliknast med framtidige verdiar som ikkje er diskonterte.
Oppdraget
Om Sokkeldirektoratet snakkar opp verdiane på sokkelen, ligg kanskje forklaringa i oppdraget deira? I tildelingsbrevet heiter det at Sokkeldirektoratet skal «bidra til at arealene på norsk kontinentalsokkel forvaltes slik at den samlede verdiskaping blir høy».
– Ein del av oppdraget til direktoratet er å maksimere den økonomiske verdien av ressursane på sokkelen, til beste for samfunnet?
– Ja, men eg meiner ein statleg etat som Sokkeldirektoratet, som skal gje eit fagleg grunnlag for politiske avgjerder, bør vere balansert og utan slagside. Om dei ikkje er det, kan det redusere tilliten til arbeidet deira og uthole avgjerdsgrunnlaget for styresmaktene, seier Mohn.
– Så langt har eg snakka om berre inntektsscenarioa, som eg meiner er tendensiøse. Eit anna spørsmål er utsiktene for ressurstilvekst og utvinning i framtida. Dette er i utkanten av min kompetanse. Men når eg ser korleis Sokkeldirektoratet presenterer scenarioa sine for framtidige inntekter, lurer eg jo på korleis det står til med ressursrekneskapen. Da kan ein lure på om det er slagside der òg.
– Direktoratet kan vise til at dei tidlegare har vore på den konservative sida i ressursanslaga sine?
– Det er heilt rett. Det er mykje fordi oljeselskapa har blitt betre på å få meir ut av felta sine, i tillegg til nokre store funn. Men i det siste har ikkje ressurstilveksten vore så stor som ein håpa på. Det siste verkeleg store funnet var Sverdrup-feltet i 2010. Og Barentshavet har vore eit vonbrot.
Netto og brutto
Mohn har også tidlegare vore kritisk til bruken av tal frå Sokkeldirektoratet, mellom anna i debatten om sokkelen utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja i 2017. Den gongen vart anslaget for salsverdien av oljen og gassen som kunne finnast i området, nytta til å syne kor store verdiar det norske samfunnet kunne gå glipp av – utan å ta høgd for kostnaden ved å utvinne ressursane, og utan å neddiskontere framtidige inntekter til verdi i dag.
– Det er ein tendens i måten Sokkeldirektoratet presenterer tala sine på. Det verkar som dei systematisk nyttar dei høgaste tala i anslaga sine for å syne verdiane, utan å vurdere kva framstilling som er mest edrueleg.
– Kor viktige er råda og kunnskapsgrunnlaget frå direktoratet for norsk petroleumspolitikk?
– Sokkeldirektoratet er ein sentral premissleverandør for norsk olje- og gasspolitikk. Tillit og truverd avheng av at arbeidet deira er nøkternt og balansert. I motsett fall risikerer ein at både politikarar og publikum reiser tvil rundt kvaliteten på datagrunnlag og analysar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.