Dylan-plater som romsterer i hovudet
Ingen annan artist i vår tid har hatt så mykje å seia for så mange over så lang tid som Bob Dylan. Det reknar eg som eit faktum. Men kva har han tydd? Kva slags tyding har han hatt for så mange over så lang tid? Kva slags verknad har denne kompromisslause og merkelege kunstnaren hatt på oss?
Ein måte å finna ut det på er å sjå på kva vi vel å kalla han, kva slags titlar han er blitt tildelt. Medan andre popartistar får harmlause merkelappar som «stjerne» eller «legende», må Dylan finna seg i vanskelegare titlar som «profet», «messias» og «frelsar». Dylan har frå starten av blitt sett på som noko anna enn ein vanleg artist – og det er han òg.
«Har du eit kall eller ein misjon», spurde magasinet Playboy i mars 1978, og Dylan svarte med eit sitat frå forfattaren Henry Miller: «The role of an artist is to inoculate the world with disillusionment.» Kunstnarens rolle er altså å stikka hol på livslygnene vi held oss med.
Platene til Bob Dylan har makt til å krypa inn i hovudet vårt og romstera rundt sånn at vi ser på oss sjølve og verda på ein annan måte. I løpet av 39 studioalbum har han lukkast ofte med oppdraget sitt, men ikkje alltid.
Ingen annan artist i vår tid har hatt så mykje å seia for så mange over så lang tid som Bob Dylan. Det reknar eg som eit faktum. Men kva har han tydd? Kva slags tyding har han hatt for så mange over så lang tid? Kva slags verknad har denne kompromisslause og merkelege kunstnaren hatt på oss?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.