Ei plage for sinnet
I tillegg til at den brutale arkitekturen gjer uboteleg skade på miljøet, invaderer naturen og gjer hærverk på landskapet, syner det seg i dei nye vitskapane at denne typen byggjeri kjem til kort på stadig fleire livsområde.
Den meir eller mindre vindaugslause bygningen ved Vestbanen i Oslo som skal verte nytt Nasjonalmuseum.
Den meir eller mindre vindaugslause bygningen ved Vestbanen i Oslo som skal verte nytt Nasjonalmuseum.
Eit hundreår har gått sidan Le Corbusier utvikla tankane sine som danna skule for den modernistiske arkitekturen. Den gong var økologien, sosiologien, nevrologien og psykologien på eit etter måten tidleg stadium i dei vitskaplege funna sine.
På den tida kunne Le Corbusier få seg til å tru at han ville betra kåra for folk flest ved å riva ned dei gamle byane og samla alle bybuarane i nokre få ovstore blokkar – «maskiner til å bu i», som han kalla dei – ved å skilja arbeid og bustad frå kvarandre gjennom ulike fråskilde soner, og ved å overlata bakkenivået til motorvegar og grøne plenar for fellesskapen.
Nye innsikter
Nokre stribukkar som eg sjølv ville alt den gongen – som no – ha avskrive det heile som hjernespinn. Men det var mogeleg for funksjonalistane for hundre år sidan å innbilla seg sjølve og andre at dei hadde framtida på si side med slike planar.
Seinare har miljøvitskapen og samfunnsvitskapen kasta ljos over kvifor slike framtidsfantasiar slo så grundig feil. Etter kvart har i tillegg den psykologiske vitskapen, hjerneforskinga og den empiriske sansevitskapen nådd jamt lenger og avdekt stadig klårare kvifor brutale bygningar har negative verknader på mange menneskesinn.
Det er eit verdfullt teikn i tida at den eine av leiarane for «arkitekturopprøret», Saher Sourouri, er psykolog av profesjon. Med sin faglege bakgrunn har han sett kor langt arkitekturfaget ligg i bakleksa når det gjeld å ta konsekvensane av lærdomen om korleis omgjevnadene verker på sinnet og kjenslelivet.
Er det berre hugnad og smak som avgjer om vi trivst med bygningar og offentlege rom? Eller finst det grunnleggjande eigenskapar ved sanseapparatet vårt som tyder på at nokre omgjevnader og somme byggverk høver betre – eller dårlegare – for sinn og kjensler enn andre?
Utan omsyn til personleg smak og stilmotar er det faktisk visse grunnreglar som rår. Nokre omgjevnader tiltaler dei fleste og andre støyter frå. Objektive årsaker til dette finst, utanom hugnad og smak.
Ei rekkje forskarar ute i verda har prøvd å nå fram til større klårleik, ikkje minst psykologar og nevrologar. Ein metode har vore å testa ut reaksjonane forsøkspersonar får på bygningar. Mange slike granskingar har vore offentleggjorde i vitskaplege tidsskrift.
Studie i vantrivnad
Så tidleg som i 1968 offentleggjorde ein av pionerane på tilhøvet mellom miljøet og menneskesinnet, amerikanaren Joachim Wohlwill, ei gransking om korleis ulike slags omgjevnader stimulerer menneske. Bakgrunnen var ein aukande otte i samfunnet for stimulansfattigdom i dei nye bymiljøa som på denne tid vart bygde opp i USA.
Wohlwill testa reaksjonane som forsøkspersonane hans hadde på ulike naturlege og menneskeskapte bygningsmiljø og landskap, og dessutan frå moderne biletkunst, ved å måla positiv og negativ stimulans frå synsinntrykka.
Denne forskinga stadfesta trongen til å ha stimuli for auge, at mennesket finn seg best til rette med omgjevnader der det er rikeleg med ting å festa blikket på, ikkje for lite av stimuli, men heller ikkje så mykje at det overveldar oss, på den gylne mellomvegen ein stad mellom det nedstrippa nakne og den overleste forvirringa. Dei skiftelause og massive bygningsmiljøa utan variasjon låg høgst på skalaen for framandgjering.
I ei anna undersøking, publisert av den amerikansk-israelske nevrologen Moshe Bar og kollegaen Maital Neta i 2006, vart spørsmålet stilt: Er det visse former som tiltalar oss, og andre som fråstøyter oss? Forsøkspersonane vart stilte overfor gjenstandar med likskap i funksjon, men med ulik form, og dei vart bedne om å gjeva sine reaksjonar på gjenstandane med dei ulike formene.
Det kom klårt fram at langt dei fleste synte best huglynde for gjenstandar med bogeformer eller avrunda former, framfor dei skarpe, harde, taggete eller snorrette. Skarpe former med skarpe vinklar synte seg å bli knytte i undermedvitet til noko truande, til spjut, kniv eller andre våpen som vert retta mot oss. I tillegg gav det ein meir positiv reaksjon dersom ein gjenstand eller ein bygning hadde ei form som utløyste attkjenning, mens former utan attkjenning utløyste utryggskap og fråvær av meining.
Slike forskingsresultat kjem som ei stadfesting av det mange menneske instinktivt tek inn i sinnet, men som i vår tid har vore tekne syrgjeleg lite omsyn til i utforminga av miljø og offentleg arkitektur.
På arkitektskulene var det sjeldan noka interesse for slike funn, av di dei kunne undergrava den herskande arkitektoniske retninga som dei fleste lærarane hadde investert karrieren sin i, av brutalisme, funkis og minimalisme. Ein heil generasjon av brutalistiske arkitektar vil stritta imot ei stadfesting av at livsverket deira var blitt styrt etter ein fåfengd kurs.
Sjarmlause tettstader
I somme land i Europa har eg sett at vernet av byggeskikken på lokale stader har vore langt sterkare enn her heime. I område som blir rekna for å ha særlege kvalitetar i karakter, historisk verd og venleik, blir det stilt krav om å taka vare på landskap og bygningsmiljø og å unngå at nye byggverk bryt for sterkt med det som er eigenarten på staden og i landskapet, «andletet til staden».
I England, som eg kjenner best, har dei krav til at utforminga av nye bygningar i slike område skal taka omsyn til lokal byggeskikk, bruka lokal stein eller liknande. Tilsvarande i andre europeiske land, Frankrike, Tyskland, Austerrike, Sveits, Italia og så bortetter.
Ved middelhavskysten har det veksla frå land til land. Turistlandet Spania sette lenge av særskilde område som øyremerkte turistgettoar, som ein slags turistfabrikksoner der noko av det verste tilsynelatande var lov, mens resten av kysten vart handsama med langt større varsemd.
Eg måtte vedgå at å reisa rundt i Tettstad-Noreg har alt oftare vorte ei sjokkoppleving for dei som kjem utanfrå på vitjing, og som er mindre budde på at nordmenn av i dag er så lite i stand til å taka vare på landet sitt.
I Ringsaker vart byggeskikkprisen for 2016 tildelt standardbygget til Ikea, den same blå klossen som konsernet set opp overalt i verda. I den saka skal det seiast til forsvar for arkitektane at ingen arkitektar sat i den priskomiteen, berre kommunepampar. Dess meir seier ei slik kåring litt om haldningar som vi slit med i dagens Noreg. Pengerikdomen i oljelandet har gått saman med manglande kulturelt medvit.
Lokalsamfunn bryr seg
Til dømes i engelske lokalsamfunn er det i sterkare grad enn hjå oss ei oppgåve for lokale styresmakter å peika på kva som er av verde i bygningsmiljøet, og kva som bør takast vare på.
Landsbyen til den engelske familien min utanfor Oxford er ganske alminneleg, utan særskilde attraksjonar. Innbyggjarane har vore mest arbeidsfolk sysselsette på bilfabrikken i nærleiken, og dei er ikkje jålete av seg. Jamvel hadde lokalstyret lista opp det dei kalla sårbare sider ved miljøet: «nye bustadhus som ikkje fylgjer målestokken for bygningsarven på staden», «uskjønsame endringar av bygningar, også på fasadane ut mot gata», «tap av tradisjonelle innslag i gatebiletet – gateljos, steinmurar, historisk materiale osb.» og «bruk av byggjemateriale og strukturar som ikkje høver saman med dei varme og dempa tonane i den historiske kjernen av landsbyen».
Slike krav vert sette til ein ganske alminneleg landsby der vanlege folk bur. Slike lokale reglar finn vi vidt og breitt over det vesteuropeiske fastlandet og på dei britiske øyane. I ein norsk tettstad, der det ser ut til å vera fritt fram for det meste, ville vel slike reglar vorte sette på som ei tvangstrøye.
Håpet ute?
Vi kan verdsetja det tilsynelatande naturlege handlaget for venleik i husa som dei materielt fattige forfedrane våre bygde. Framleis finst det strok i landet der det kan gjeva ei reint sanseleg glede å sjå samlivet mellom karakterfulle hus og eit storslege landskap. Det er kultur og natur i gjensidig venskap med einannan. Kva nordmenn før i tida fekk til i sin fattigdom – og utan arkitektar! – får meg til å tenkja på utbyggjarar som orsakar seg med at det er for dyrt for dei å byggja vakkert. I mange bygdelag var det ofte folk frå dei karrigaste fjellgrendene og heiegardane som var dei mest dugande og kunstnarleg gåverike, det kunne vera som snikkarar, treskjerarar, rosemålarar og anna. Nokre av dei hadde så lite jord at handverket og kunsten vart deira veg til å overleva.
Sanselege gleder over formfullkomen byggjeskikk har det etter kvart vorte noko lenger mellom. I Velstands-Noreg har vi lagt oss til med svært så høge standardar på alle slags område. Men på opplevingar av venleik i det offentlege rommet har vi gjeve avkall på det meste.
Meir enn éin gong har eg høyrt landsmenn, etter ein ferietur rundt i Europa, leggja ut om det fagre kulturlandskapet og den sjarmerande harmonien mellom landsby og landskap der dei har vore. Der har dei opplevd gleda som slike omgjevnader kan gjeva.
Men når dei kjem attende etter ferien, finn dei seg i – som ein sjølvsagd del av tilværet – at deira eigne norske heimstader har vorte ei tilfeldig samling bygningar, gjerne i form av kasser strøydde ut på eit jorde eller rundt eit vegkryss med ein langflat sjølvljosande bensinstasjon som inngangsportal, med eit og anna offentleg bygg eller ein supermarknad i kassebetong, og byggjefeltet i lia som ein sildestim frå katalogane til ferdighusbransjen.
Etter kvart tek vi for gjeve at alt fleire norske tettstader er stygge, og vi krev heller ikkje meir av dei. I by og bygd gjerne ein dose av «signalbygg» som skrik etter merksemd og åtgaum, og som er garantert fri for tilknyting til bygningsarven i området.
Den fagre naturen vår har kan henda vore ei sovepute. I store delar av kongeriket vil Vårherres skaparverk vega opp for jamvel dei pinlegaste tilføyingar frå Ola nordmanns side.
Ikkje på talefot
For meg personleg er det totalt umogeleg å skjøna korleis dei tenkjer, arkitektane bak det nye Nasjonalmuseet, den meir eller mindre vindaugslause steinbunkeren ved Vestbanen i Oslo. Arkitekten, Klaus Schuhwerk i det tyske arkitektfirmaet Kleihues + Schuhwerk, har langa ut i pressa mot uopplyste nordmenn som er for dumme til å forstå bygningskunsten hans.
Eg fattar heller ikkje korleis komiteen som var viljug til å godkjenna steinbunkeren, tenkjer. Namna deira, slik dei vart kunngjorde av museet, er, til skrekk og åtvaring: Svein Aaser, næringslivstopp og leiar for komiteen, prosjektdirektør Magne Velure, arkitekt og plandirektør May Balkøy, ingeniør og prosjektdirektør Roar Bjordal, arkitekt Ragnhild Johansen, museumsdirektør Audun Eckhoff, arkitekturprofessor Kerstin Barup, arkitekt Arne Henriksen, arkitekt Dorte Mandrup-Poulsen og ingeniør Eystein Abel Engh.
Eg, for min del, vil vera ute av stand til å føra noka form for dialog med desse folka. Eg er hundre prosent framandgjord. Men dette er altså det dei som tek avgjerder her i landet, vil ha.
Mange kritiske røyster
Gjennom dei siste femti åra har det vore ei lang, bortimot endelaus, rekkje av fagfolk og skribentar som har kritisert veikskapane og skadeverknadene ved den brutale arkitekturen med opphav i funksjonalismen. Eit av dei klåraste teikna på ei total omvurdering bar namnet Hans Asplund (1921–1991), ein fagmann som kunne sjå i kva leid det bar. Både han og far hans, Gunnar Asplund (1885–1940) var blant dei leiande arkitektane i Sverige.
Faren Gunnar hadde vore blant dei største i si tid innan nyklassisk arkitektur fram til han vart omvend til funkis og brutalisme i mellomkrigstida. Hans Asplund var sonen som gjennom første del av yrkeslivet sitt førte verket til faren vidare, med endå meir funkis og brutalisme, inntil han gjekk gjennom si eiga omvending i stikk motsett leid.
Eg skreiv den gong på 1970-talet i avisa om korleis Hans Asplund vekte sjokk og vreide blant dei rettruande då han markerte fråstand både til dei seinare verka til faren og til sine eigne ungdomsverk.
Vi ser no verknadene av den modernistiske arkitekturen, konstaterte Asplund den yngre. Vi må vedgå at han har vore ein katastrofe for byar og stader og for miljøet, med prinsipp for byplanlegging og byggjekunst som har synt seg å slå feil frå ende til annan, sa han.
Asplund samla røynslene sine i boka Farväl til funktionalismen som han gav ut i 1980. Boka er systematisk og pedagogisk oppbygd, grunnlagd på Asplunds eige yrkesliv som ei stendig meir vonbroten brutalistisk arkitekt. Boka reiv ned sjølve grunnlaget for alt det den tonegjevande arkitekturen sidan Le Corbusier hadde stått for. Men dei rettruande vende det dauve øyret til alle åtvaringar og heldt fram som før.
Dei største bomskotA
Hans Asplund trekte fram nokre av grunntrekka ved doktrinen til Le Corbusier og funksjonalistane:
Ei kritikklaus haldning til tendensar i tida: Dei heia med eldhug på «massebilisme, industrialisering, urbanisering og megalomani av ymse slag».
Ei rad forbod og påbod med sviktande grunngjeving: Forbod mot ornamentikk og mot vidareføring av eldre stilartar. Påbod om rettvinkla former overalt. Asplund siterte det Le Corbusier hadde hevda: «Mennesket tillempar orden, menneskets tankar og handlingar vert dikterte av den rette linja og den rette vinkelen. Kurva er forderveleg, vanskeleg og farleg.» Dette er forbod og påbod som framleis blir fylgde i særs stor grad i dag.
Overdriven teoretisk tilnærming: Byen skulle delast opp i ulike soner med bustader for seg, arbeid og handel for seg, og mellom desse, motorvegar for bilar. Desse teoriane tolte ikkje møtet med røyndomen.
Materialisme, i tydinga einsidig innretting mot dei målbare praktiske funksjonane, utan tanke på kva menneskesinnet treng.
Teknokrati: Tilbedinga av teknikken blant funksjonalistane førte til ei disharmonisk einsidig vekt på konstruksjonselement og tilstivna former som fylgje av alt meir industrialiserte byggjeteknikkar og stereotype materiale.
Same stil overalt: Ein «internasjonal stil» som innebar at same type arkitektur skulle gjennomførast over heile verda, utan omsyn til klima, byggjemateriale eller lokal kultur. Alle lokale og nasjonale byggjeskikkar skulle forvisast til museumsbruk.
Jakt etter påfunn som kunne vekkja oppsikt: Ei krampaktig jakt på det originale og aparte – dette for å vega opp for den overveldande keisemda og monotonien ved bygningane som alle stilforboda og stilpåboda førte med seg. Jakta på ytre effektar var stundom driven av kommersielle ynske om publisitet, stundom av overflatiske tolkingar av eit modernistisk formspråk. Desse formeksperimenta har ofte vore disharmoniske, pretensiøse og uforståelege og har ført med seg feilskjer i teknikken og gjeve store ekstra kostnader gjennom påfunn med mangelfull byggfagleg forankring, seier Asplund.
Brutalisme: Dei rå og aggressive formene førte med seg ei brutalisering av omgjevnadene.
Forakta for historia: Bygningar frå tidlegare tider vart sette på som avleggse og uønskte, ei haldning som førte til vitlaus riving av fullt brukbare og godt likte bygningar, stundom heile bystrok.
Pengemakta rår
Her heime har den utrøyttelege Erling Okkenhaug med sitt praktiske grep lykkast med nokre av kampanjane sine, og med det som har fått namn av plansmier der føremålet er at dei som bur på staden, skal få eit ord med i laget under utbyggingar.
Gong på gong har det vore aksjonar mot brutaliseringa av dei bygde omgjevnadene våre. Som regel har det vore som å skvetta vatn på gåsa. Den brutale utbygginga har berre gått vidare, ikkje minst av di pengemakta ser seg tent med det, og av di politikarane, medvitslause eller utan fagleg sjølvtillit, lèt det skje.
Miljøvenlege hus er ikkje berre eit spørsmål om klimatiltak og solpanel. Like mykje gjeld det å stogga invaderinga av landskapet, slå ned på forbruket av stadig meir natur og open mark og halda tilbake fotavtrykket i landskapet av invaderande former med framande materiale.
Ulf Andenæs
Ulf Andenæs er utdanna historikar og har vore journalist i Aftenposten. I fleire tiår har han vore oppteken av arkitektur og byggjeskikk, mellom anna som medlem i redaksjonen for blada Fortidsvern og Fremtid for fortiden.
I store delar av kongeriket vil Vårherres skaparverk vega opp for jamvel dei pinlegaste tilføyingar frå Ola nordmanns side.
Arkitektur på villspor
Ulf Andenæs skriv om den brutaliserande arkitekturen som har heimsøkt landet og landskapet vårt dei siste 70 åra. Del 3 av 3